Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Makti attum makti

Av Olav Torheim

Per Aslak Ertresvåg
Makten bak Makten
Koloritt Forlag, 2006

Kvifor vert norske politikarar i Europa rekna som "dei flinkaste i klassen", der dei stødt skal måta seg etter EU-regelverket, jamvel um det norske folket tvo gonger på rad hev sagt nei til å vera med i den europeiske unionen? Kvifor vert dei ulike nasjonalstatane stødt dikterte med nye og detaljerte regelverk frå internasjonale institusjonar, slik det byrja med GATT og seinare held fram med WTO, utan at det vert noko røynlegt offentlegt ordskifte kring det som gjeng fyre seg? Det er berre utviklingi som gjeng sin gang, heiter det, og maktesløysa og vonløysa breider um seg millom folk flest. Men kann det vera at det finst ein plan attum det heile, som berre eit fåtals menneske verkeleg kjenner til?

Ein global konspirasjon

"Verdenshistorien slik den blir fortalt er falsk", heiter det på baksida åt "Makten bak makten". "Makten bak makten" er skrivi av den pensjonerte journalisten Per-Aslak Ertresvåg, som på 80-talet etablerte og bygde upp den norske deildi åt det internasjonale pressebyrået Inter Press Service. Boki handlar um "Den nye verdsordenen", eller globaliseringi som det heiter i daglegtala, der det er ei liti gruppa av styrtrike maktmenneske som dreg i trådane - og som hev halde spelet sitt gåande i minst nokre hundradtals år, skal me tru Ertresvåg. Globalistane hev stade attum den franske revolusjonen, dei lagde grunnlaget for den fyrste og den andre heimskrigen, dei hev organisert og tent seg rike på det økonomiske samanbrotet i 1929 og dei hev jamvel finansiert både kommunismen og nazismen. Denne løynde, konspiratoriske brorskapen vert av Ertresvåg umtala som Illuminati og skal ha vorte skipa i Bayern i 1776, men sume hævdar at dei hev røter endå lengre attende. I programmet åt Illuminati ligg det millom anna at dei ynskjer å avskipa nasjonalstatane og demokratiet og innføra ei verdsregjering. Dei er dessutan sterke motstandarar av kristendomen. Den konspiratoriske verksemdi deira vart for fyrste gongen nækt då ein av kurerane deira bokstavelegt tala vart råka av lynet, og umfemnande planar for korleides den franske revolusjonen skulde gjenomførast kom for dagen.

Sidan den gongen hev Illuminati vunne stødt sterkare fotfeste, ikkje minst med di dei hev havt kontroll med bankane og dimed vore i stand til å manipulera med økonomien i dei ulike landi. Den russiske revolusjonen vart millom anna gjenomførd med umfemnande økonomisk studnad frå bankeigarar og forretningsfolk i Vest-Europa, og som dokumentasjon på dette syner Ertresvåg til at store mengder gull seinare vart førde ut or Sovjet-samveldet som vederlag. På same måten var det storkapitalen i England - millom erkefiendane, skulde ein normalt tru - som stod attum uppbyggjingi av Nazi-Tyskland. For Illumati er det viktugt å ha ein fot innanfor båe læger, og for bankane hev det alltid lønt seg å binda nasjonalstatane upp i nye og store, kostesame krigar.

Illuminati i dag

Ertresvåg kjem i byrjingi av boki so vidt innum amerikanske Patriot Act, vedteki i kjølvatnet åt 11. september 2001, som av kritikarane vert skulda for å vera eit ålvorlegt inngrip i borgarrettane åt det amerikanske folket, og eit nytt stig på vegen mot å gjera USA til ein autoritær politistat. Her syner Ertresvåg millom anna til det faktum at kritiske senatorar gjekk frå nei til ja etter å ha motteke brev med miltbrannsporar i posten - miltbrannsporar som seinare kunde førast attende til eit militært amerikansk forskingslaboratorium. Ertresvåg kjem likevel ikkje noko nærare inn på det store utvalet av konspirasjonsteoriar som elles florerar kring 11. september, slik han til dømes kunde ha gjort med grunnlag i dokumentarfilmar som "Loose change" eller dei til den amerikanske journalisten Alex Jones, der det utruleg nok vert hevda at 11. september skal ha vore ein "inside job" som amerikanske styresmakter sjølve stod attum.

Og det er i grunnen litt underlegt at Ertresvåg ikkje hev fylgt dette faret vidare, ikkje minst når me veit at det stødt vert fleire som dreg den offisielle forklåringi på 11. september i tvil. Innringjingsprogram på kanalar som CNN syner at det faktisk er eit fleirtal i det amerikanske folket som trur at styresmaktene held attende informasjon um det som hev hendt, og konspirasjonsvideoane um 11. september hev i mange månader vore øvst på nedlastingstoppen åt netstader som Google Video. Dersom det var slik at Illuminati i si tid hadde interessa av å byggja upp under den kalde krigen, og tente seg rike på våpenkapplaupet, burde det for ein konspirasjonsteoretikar ikkje vera mindre grunn til å tru at konflikten millom Vesten og fundamentalistisk islam kunde verta den næste konfrontasjonen som den globale makteliten ynskte å fyra upp um. Og at vestleg etterretning i det som vart kalla Operation Cyclone var med på å byggja upp islamsk fundamentalisme i Sentral-Asia, som ein lekk i arbeidet med å destabilisera Sovjetunionen, er då allereide godt dokumentert. Kann henda det alt den gongen var klårt for globalistane at kommunismen var på veg ut, og at den kalde krigen laut avløysast med ein ny og endå meir fundamental konflikt? Slik er det i alle fall moglegt å spekulera...

Indre og ytre sirklar

Det er trulegt berre eit par hundrad personar som kjenner heile maktspelet åt Illuminati. Den inste kjernen, dei som veit alt, skal vera eit lite netverk av rike familiar i USA og Storbritannia, familiar som gjenom mange hundradår hev halde kontakten gjenom sams interessor innanfor bank og finans. Vidare finst det ei rad ytre sirklar, der informasjon og føringar vert porsjonerte ut til dei rette personane. Som ein av dei ytre sirklane kann ein nemna tenkjetankar som Council Of Foreign Relations og dei årlege Bilderberg-konferansane. I sistnemnde konferanse hev jamvel norske topp-politikarar som Torbjørn Jagland og Gro Harlem Brundtland vore med - mot lovnad um å ikkje fortelja noko slag til media. Steinar Bastesen frå Kystpartiet freista i si tid å taka denne problematikken upp med stortingspolitikarane, men han vart som kjent råka av slag og partiet hans utradert og sett ut or spel etter indre kiv. Dei som vil må gjerne spekulera vidare um kvifor det...

Folketalet skal ned

Millom planane som denne løynde eliten syslar med gjeld det millom anna å få redusert folketalet på jordi, og ein greid måte å gjera dette på er kort og godt å freista øydeleggja helsa vår. Dette vert millom anna gjort med ymse slags forsking som hev bringa fram nye og fårlege sjukdomar som AIDS, Ebola og Sars.

Dei fleste forskarane ser ut til å vera samde um at AIDS var heilt ukjent i Afrika fyre 1975. Um det er slik at det var smitte frå ein ape som førde til AIDS, kunde ein venta at sjukdomen var utbreidd millom pygmear og buskmenner, men faktum er at det tvert um er folk i byane som hev vorte hardast råka. Ein kjenner dessutan ikkje til at det hev vore apar millom fangane i fengsel i USA, men likevel var homofile fangar i amerikanske fengsel millom dei fyrste som fekk AIDS. Den amerikanske forskaren Leonard Horowitz er millom dei som hævdar at AIDS vart spreidd i Afrika gjenom ei koppevaksina og i amerikanske fengsel med ei hepatitt B-vaksina.

Ertresvåg fortel vidare um at det finst ein farmasøytisk mafia som målrett arbeider for å hindra alternativ medisin i å vinna umdøme. Ertresvåg syner millom anna til at det alt på 30-talet vart drive vellukka krefthandsaming med elektromagnetiske frekvensinstrument, utvikla av amerikanske Royal Rife, men mannen attum denne suksesshistoria vart knust av det økonomiske og medisinske maktapparatet. Grunnen til det heile var truleg at metoden var altfor effektiv, altfor billeg og utan biverknader. Dei store farmasøytiske selskapi skyna soleides at dei ikkje kom til å tena pengar på den nye kreftkuren. At det årlegt døyr ein halv million menneske av kreft, berre i USA, hadde mindre å segja.

Vatn og privatisering

Internasjonale organisasjonar som FN, WTO, Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken er alle instrument som Illuminati nyttar til å vinna globalt hegemoni, skal me tru Ertresvåg. Eit døme på dette er den økonomiske slavebindingi av land i den tridje verdi, der dei nemnde organisasjonane tvingar gjenom store "strukturendringar" som motytingar for økonomisk hjelp og studnad. I festtalone handlar det um å gjera økonomien i desse landi meir effektiv, men som oftast er det tala um reint utsal av verdfulle ressursar til private, multinasjonale selskap. Som eit døme nemner Ertresvåg korleides styresmaktene i Bolivia vart pressa til å selja det offentlege vassverket sitt, og lata det London-baserte firmaet International Water taka yver styringi. I åri fyreåt hadde ein internasjonal vasslobby, organiserte i privatfinansierte tenkjetankar og forum av ymist slag, argumentert med at vatnet var ein avgrensa ressurs som burde privatiserast slik at det kunde få den "rette" marknadsøkonomiske verdien sin i høve til andre varor.

International Water lagde eit sterkt press på økonomien åt dei fatige bøndene, som laut ut med vassavgifter som svara til tridjeparten av årsinntektene deira. Dropen som fekk begeret til å flyta yver var at firmaet jamvel gjorde det ulovlegt for dei fatige bøndene å samla upp regnvatn på eigi hand. I Cochabamba-distriktet førde forbodet til spontane protestar, men desse vart møtte med massive militære motåtak. Seks menneske vart drepne og eit hundradtals andre vart såra i samanstøytane. Endskapen på alt uppstyret vart likevel at styresmaktene gav etter og bad International Water um å avvikla verksemdi si. Privatiseringssaki i Bolivia vart soleides eit døme på at det faktisk nyttar å taka upp kampen mot globaliseringskreftene.

Konklusjon

Ertresvåg freistar i liten mun å føra prov for dei mange påstandi sine, men hev inkludert ei rik lista yver kjeldor og referansar for dei som vil grava meir i materialet på eigi hand. At boki er eit klassisk konspirasjonsverk er det liten tvil um, og det er nok av kritikarar som hev avvist heile boki på dette grunnlaget, og som ikkje ein gong idest å diskutera dei konkrete påstandi som vert sette fram. Ein av dei fåe som hev teke Ertesvåg-boki upp til seriøs dryfting er historikaren Øystein Sørensen. Men Sørensen er sjølv aktuell med boki “Den store sammensvergelsen”, der han tek fyre seg konspirasjonsteoriar av ymist slag, og ikkje uventa konkluderar han med at Illuminati-organisasjonen og det verdsumfemnande spelet deira høyrer heime i fantasiverdi.

Um det er noko i dei mange påstandi som Ertresvåg set fram, er det sjølvsagt viktugt at sanningi kjem fram, slik at ein kann finna fram til ein strategi som ein kann møta den globale makteliten med. Men um det ikkje finst noko allmektig Illuminati som er yver alt og dreg i alle trådar, kann konspirasjonsteoriane tvert um få den motsette verknaden - passivasjon - for er det serlegt mange som vågar eller i det heile ser vitsen i å taka upp kampen mot fatigdomen, miljøproblemi eller EU dersom ein hev ein so allmektig og usynleg fiende i mot seg, ein organisasjon kontrollert av verdsens rikaste menneske og med verdsens sterkaste militærmakter og etterretningstenestor i ryggen? Dei som framleis skulde vera interesserte kann lesa boki og døma sjølve. Um ikkje anna so er boki hans Ertresvåg ein greid syntese av dei vanlegaste konspirasjonsteoriane som hev vorte sett fram gjenom tidene. Men um berre ti prosent av det som stend her skulde vera sant, so er det i seg sjølv skræmande nok.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!