Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Fyrste bandet av soga åt slaveriet

Av Lars Bjarne Marøy

Slaveriet hev ei soga i Noreg

At Noreg skulde vera involvert i kolonisering og slavehandel er vel nokso framandt for dei fleste nordmenner å tenkja på i dag, men det var me faktisk på 1600-talet. Det dansknorske samveldet var ei stor sjømakt, og det var soleis ikkje rart at ein kunde verta involvert i ei av ei viktigaste næringane i verdssamanheng på denne tidi.

I 1673 gjekk fartyet "Cornelia" ut frå Bergen med kurs for "Dend guineische guld og slawe Cust". Skipet var ått av Else Hansdatter Montagne frå Bergen, men andre interessentar hadde lagt pengar i ekspedisjonen.

Ved den danske utposten i Vest-Afrika henta pinassen 103 slavar og frakta deim yver Atlanten til St. Thomas i Dansk Vestindia.. Skuta var armert med 24 kanonar. Væpningi var livsviktig, for i farvatnet utanfor Afrika vart det drive mykje med kaperverksemd. Else Hansdatter Montagne var dotter av Hans Hansson Schmidt, byen sin tidlegare borgarmeister. Han hadde truleg medeigarinteressa i ekspedisjonen.

Utanfor Cuba ligg Møydomsøyane, eller Virgin Islands. Danmark/Noreg yvertok St. Thomas frå England i 1670, St. Jan vart kjøpt i 1684 og St. Croix frå Frankrike i 1733. Me bygde oss altso upp landeigedomar i tilknyting til slavehandelen. Då det dansknorske samriket skulde kolonisera St. Thomas i 1671, var det fåe som melde seg friviljugt. Statsmaktene henta difor fangar frå Bremerholm og kvinnor frå Spindehuset i København, og frakta deim um bord på skuta "Færø". Ho var i so dårleg stand at skipparen måtte inn til Bergen for reparasjonar. Her nytta fangane høvet og stakk av.

I januar 1672 byrja "Færø" på turen sudyver, men no med 190 festningsslavar um bord, mange av deim frå Bergenhus. Dei som ikkje døydde på ferdi, bukka raskt under i det framande klimaet. På slutten av året var færre enn 50 enno millom dei levande, og det var ikkje på grunn av dårleg handsaming. Ein må tenkja seg att fangane var verdfulle for dei som hadde deim med seg. Ein frakta ikkje menneske yver store avstandar utan at det var av di dei skulde vera nyttig arbeidskraft.

Styresmaktene innsåg at her nytta det ikkje med kvit arbeidskraft. Det er då Else Montagne ser fyre seg eit høve, og søkjer kongen um å få rusta ut ekspedisjonen til den danske utposten på "Slavekysten". I 1673 set vesle "Cornelia" kurs for Vest-Afrika. Dette var byrjingi på ein 100 år lang dansknorsk slavehandelsperiode, der Jørgen Thormøhlen òg vart engasjert i 1690. For honom vart dette eventyret ein økonomisk katastrofe, og enda med dundrande konkurs. (Bergens Tidende 7.11 2004)

Dick Harrison med ny storproduksjon

Denne innleidingi syner oss at Noreg hev vore ein part av slavehandelen. Slavehandelen høyrer med til vår eigi fortid og soga, men korleis ser soga um slavehandel ut frå dei tidlegaste tider og fram til i dag? Dette er spursmål som historikaren Dick Harrison er uppteken av. Denne mannen som aldri let til å trøytna på å skriva mursteinsbøker. Det seinaste året hev Harrison gjeve ut Slaveriets historie 1 og romanen Ufärd som han jamvel hev bruka 19 timar på å lesa inn på band. Og nett i skrivande stund er Slaveriets historie 2 på veg ut i butikkane i Sverike. Boki vert ikkje lansert i Noreg, so vidt eg veit. Det er i seg sjølv eit teikn på at norske forlag og fagmiljø ikkje hev fatta kva slags kapasitet Dick Harrison er. Dei siste tri bøkene til Harrison rømer ikkje mindre enn kring 1600 sidor. Eg undrast kva for ein norsk historikar i Noreg etter Halvdan Koht som hev makta noko liknande. Desse siste tri bøkene kjem på toppen av ein haug andre tjukke bøker. Harrison let til å vera i stand til å skriva mest ustoppande og sers lett.

Um volumet til Harrison er stort, so vil ikkje det segja at han er vanskeleg tilgjengeleg, snarare tvert um. Han opnar dører heile vegen og han fylgjer lesaren som ei mor eller ein far fylgjer barnet sitt til skulen dei fyrste dagane i skuleåret. Innimillom historiografiske framstellingar kann Harrison draga ut einskildscenor og einskildlagnader og dramatisera deim gjenom å føra lesaren inn i livet deira. Innleidingi til Slaveriets historie 1 er karakteristisk på den måten. Han innleider med å skildra ein engelsk sjøkaptein. Han skriv at kapteinen truleg var eit godt menneske som Harrison vilde ha lika. Han vilde truleg ha vore glad i blomar og so vidare. Akkurat då me trur at Harrison hev prata seg burt, kjem han fram til poenget. Sjøkapteinen driv med slavehandel, og so hev me kome inn i sjølve emnet og Harrison kann bruka innleidingi til å koma vidare i framstellingi. Det er berre det at lesaren hev kome inn i livet til ein person. Lesaren hev fenge eit inntrykk av kva fenomenet slavehandel innebar i praksis, og det er slike grep som gjer at Harrison meistrar å skriva medrivande, samstundes med at han maktar å lyfta dei fenomeni han skriv um upp på eit høgt fagleg nivå. Det er ei makalaust fin evna, og den presise og grundige gjenomgangen hans lyfter Harrison langt uppyver bestseljande heil- og halvamatørar i sogefaget. Harrison er ein bestseljande kvalitetsforfattar.

Slaveumgrepet

I byrjingi av boki peikar Harrison på at slavehandel er eit eintydelegt negativt umgrep. Jamvel krosstogsromantikarar, slumromantikarar og millomalderromantikarar finst det, endå um fyrelekkane er sers lite positive, men det finst ikkje nokon slaveromantikar. Slavehandel er rett og slett eintydelegt negativt, og det er so lite politisk korrekt å forsvara slavehandel i notidssamfundet at det snaudast kann tenkjast at nokon vil kunna vinna fram med det i vår levetid. For eigi rekning høyrer eg fyre meg umgrep som sexslave og slavekontrakt og liknande frå norske media, ikkje serlegt upplyftande termar mildt sagt. Slavehandelen som nøytral term er gravlagt ein gong for alle. Men det er ikkje noko uvanleg med slavehandel historisk sett. Det er snarare det vanlege at ein bruka slavar. So lenge ein hev skriftlege kjeldor hev ovringi eksistert. Det er fyrst dei siste tvo hundrad åri at fenomenet hev vorte negativt lada og ikkje nøytralt slik det var fyrr.

Etter at me kann slå fast at umgrepet er negativt, kann me vidare slå fast etter Harrison at umgrepet slave i medvitet vårt er knytt til svart hudfarge. Me tenkjer snøgt på Onkel Toms hytta eller fjernsynsserien Røter når me ser fyre oss ein slave. Bomullsplantasjar og slavar i Sambandsstatane vert snøgt knytte i hop. Men det er ikkje upplagt at slavehandelen historisk sett skulde vera knytt upp til svart hudfarge. Det hev tvert imot funnest slavar med alle typar hudfarge. Harrison tek fyre seg slavehandelen frå dei tidlegaste tider millom sumearane, via antikken gjenom millomalderen og gjeng gjenom fleire heimsluter: Afrika, Asia, Midt-Austen, Europa og Amerika. Yveralt finst det slavehand i ulike former. Det er ikkje berre Afrika og Amerika som er einerådande, slik ein kunde tru i samtidi.

Men når det gjeld ideen um slaven som ein person som hev svart hudfarge, so er det ingen tvil um at forskarane hev forsterka denne tokken. Det hev vore rikelegt av kjeldor på slavehandel i Sambandsstatane. Sambandsstatane er som Harrison peikar på kulturelt dominerande, engelsk er eit dominerande verdsspråk, og den amerikanske slavehandelen ligg nær oss i tid. For eigi rekning vil eg leggja til at det snaudast finst so mange ressurssterke personar med ulik afrikanske bakgrunn som i Sambandsstatane. I den grad dei vil skriva si soga, noko som det ligg naturleg til rettes for, so hev dei større økonomisk evna til å få det til. Det er dyrt å gjeva ut bøker og å driva forsking. Ein må dessutan rekna med at dei hev det største samlande arkivmaterialet um emnet. Der imperialistmaktene kløyvde Afrika, samla slavehandelen i Sambandsstatane menneske med afrikanske røter.

Harrison viser altso til at det er gjort mykje arbeid um slavehandel i Sambandsstatane og i tilknyting til perioden millom 1500- og 1800-talet. Det er òg vorte gjort ein god del arbeid kring slavehandel i antikken, men elles er framstellingi av slavehandelen si soga sers slumpesamt handsama. Det er store og og merkelege holrom innimillom nokre djupdukk i detaljar. Det blømde i lange tider slavehandel ved kystene til det indiske havet, men kjeldone til og forskingi kring dette slavehaldet ,er ikkje utgranska på langt nær so mykje at ein kann jamføra det med slavehandelen yver Atlanterhavet. India, Kina, Midt-Austen og slavehandelen i millomalderens Europa er alle ovringar som er lite utgranska.

Harrison er skeptisk til dei som fordømer og avviser slavehandet utan å studera kvifor det uppstod og kva funksjon det fylde og kva meining det gav for folk i samtidi. Fenomenet må ikkje berre verta redusert til ein negativ historisk visjon. Skal det lukkast å verta kvitt det som finst av slavehandel i dag, må ein tvert um problematisera slavehandelen og studera korleis han hev funksjonert uppigjenom tidene.

Ei rad forskarar hev freista å definera fenomenet og ordet slave. Harrison peikar på at han finn tri drag som alltid kjem inn når ein skal definera slaven. For det fyrste er slaven ikkje å sjå på som eit menneske, men som ei vara som kann seljast og kjøpast. Vedkomande hev ikkje rett til å vera ein eigen person reint juridisk. Andre menneske hev vore eigedomslause, men slaven eig ikkje ein gong sin eigen kropp. Ikkje berre kann slaven kjøpast og seljast, men òg straffast av eigaren.

Harrison meiner denne definisjonen hev ein veikskap med at at det kann vera vanskeleg å forklåra kva som er å eiga. Ulike kultur hev forskjellige eigedomsumgrep. I sume kulturar er det uforståeleg at ein kann eiga en ting, eit jordstykkje eller eit menneske. I andre kulturar er eigedomsretten gradert. Sjølv i vår kultur er eigedomsretten problematisk. Me kann vera deleigar, leiga, leasa og liknande. Ein fotballspelar som vert selt frå klubb til klubb er på sett og vis òg ei vara, men ingen vilde koma på å kalla ein fotballspelar for slave. Det å eiga ein person kann difor vera forskjellige ting utfrå kva forfedrane våre hev meint med det.

For det andre brukar ein å leggja vinn på at slaven er ein framand, ein person som saknar ein gjeven plass i eit familiebasert sosialt netverk. I visse system stend slaven og etterkomarane hans for alltid utanfor det sumfundet dei arbeider i , dei er permanente framandfolk, medan det i andre opne samfund skjer ein gradvis integrasjon av slavar, slik at dei til dømes vert frie.

For det tridje meiner Harrison at det ofte vert fokusert på at slaven vert slave på bakgrunn av eikor slags form for vald, og utan trugsmålet um endå meir valdsbruk, kann ikkje slavesystemet funksjonera. All ufridom byggjer på trugsmålet um konkret maktutøving. Dimed er det ikkje sagt at slaven alltid vil verta dårlegt handsama og må lida under ævlegt vinande piskor, men utan vald skulde fleirtalet av slavar fyrr eller seinare leivna eigarane sine og søkja etter eit liv i fridom.

Harrison gjeng grundig til verks i boki og segjer alltid innleidingsvis at han kjem til å koma inn på samfund der definisjonsvariablane ovanfor ikkje kjem til å fungera. Harrison er ikkje uppteken av å få ein modell eller ein definisjon til å gå upp. Det er viktigare å få fram dei ulike fenomeni slik dei ovra seg. Folk hev vorte so fatige at dei hev vore nøydde til å verta slavar. Andre hev vore frie, men vorte tvinga til tvangsarbeid. Grensa millom å vera fri og å vera ufri er soleis flytande og vanskeleg å draga. Når ein kjem til det arbeidet som slavane hev gjort er det serleg tvo typar: anten er det jordbruksarbeid eller anna utearbeid i gjengar av slavar, eller dei hev vore husslavar hjå eigaren. Husslavehandet hev alltid vore utbreidd mange stader og til ulike tider. Sume slavar hev vorte administratorar, slik som slavane til sultanen i Konstantinopel eller mamelukkane i Egypt.

Slavehald og Afrika

Slavehandel heng saman med at det finst arbeid som må utførast, men som folk ikkje ynskjer å utføra. Der det er god tilgang på jord, vil dei som skal arbeida på jordi måtte tvingast til det. Dei kann då reisa og finna seg jord til seg sjølve heller enn å arbeida for ein annan. Forskarane hev diskutera um Afrika utgjer eit undantak. I lutar av Afrika hev det vore lite tilgang på jord. Det kann soleis sjå ut som at det er viktigare å få kontroll yver menneske enn å få kontroll yver jord. I mange regionar i Afrika var jordi snøgt utbrend, og det var ikkje jamn tilgang på nedbør. Anten fekk ein ikkje regn i det heile eller so kom det regn i yverflod. Det tropiske klimaet fremja framvoksteren av skadedyr som gjorde det heile verre. Å halda buskap, fiska og driva jakt kunde vera vel so effektive verksemder som leveveg i Afrika som det jordbruket var. Jordi var ikkje nokon trygg verdemælar, slik som i til dømes Europa, der jord var ei god investering. Den menneskelege arbeidskrafti var derimot langt meir verdfull. Same um ein dreiv med fiske, jakt, buskapshald eller jordbruk, trong ein folk til å arbeida for seg. Det var meir gjevande å slåst for å skaffa seg slavar enn for å skaffa seg jord som kunde vera ei sers uviss investering når ein fekk uår.

Det var dessutan liti utvikling på jordbruket sud for Sahara. Folk hadde ikkje lært seg til å bruka plogen. Det gjorde det uråd å driva intensivt jordbruk. Når ein dreiv jordbruk med hakka og spade, kravde det større umråde og produserte mindre korn. Den teknologiske mangelen gjorde det naudsynt for jordeigaren å ha godt med arbeidarar på markene.

For det tridje fanst det meir jord sud for Sahara enn det fanst folk som kunde taka henne i bruk. Afrikanarane var fåe i høve til det landet dei budde på. Å taka kontroll med nye teigar (territorium) var relativt lett for ein afrikansk hovding, men han måtte kjempa hardt for å vinna kontroll med arbeidskrafti. Det var viktigare å få kontrollen yver ei gruppa menneske enn å få kontroll yver eit visst territorium. Det var difor det mest gagnlege for herskarane å driva med slavehandel for å løysa ubalansen millom jord og menneske til å arbeida på jordi.

Mange forskarar hev slege seg til tols med denne slutningi, men Harrison er ikkje nøgd med slutningane. Han hevdar at historikarane hev teke i miss. Han meiner at det ikkje var upplagt at yverskot på jord og mangelen på arbeidarar skulde føra til slavehandel. Det var ikkje upplagt at Afrika skulde verta slavehandelen sitt upphavskontinent.

Det fanst andre alternativ enn å rida ut og fanga slavar, hevdar han. Ei mogleg løysing kunde vera å integrera arbeidsmarknaden med handteringi av lovbrytarar og utvikla eit system av straffangar. Eit anna alternativ kunde vera å få folk til å flytja frå eitt territorium til eit anna mot godtgjersla i form av i form av mat eller andre verdefyremål.

Det verkar vel konstruert å visa til andre løysingar frå Harrisons sida, men det er klårt at det var ikkje upp og avgjort at det skulde verta slavehandelen som skulde løysa skorten på arbeidskraft i Afrika. Det er likevel god grunn til å fokusera på dei faktorane som kunde føra fram til det som vart løysingi utan at ein tek løysingi for noko gjeve. På det viset meiner eg at Harrison hev eit poeng.

Slavar kom som oftast frå utlandet

Når ein ser etter fleire fyresetnader for slavehandel enn skort på arbeidskraft er kontakten med andre land og sivilisasjonar sers grunnleggjande. Det er fåe land som i utgangspunktet vil gjeva frå seg eigne innbyggjarar til å verta slavar i andre land, i alle fall ikkje i tilknyting til krig og plundringstog. Å missa borgarar til utlandet og vita at dei gjeng inn i eit tilvære som slavar er ikkje noko som er gunstig for herskaren i eit land å vera med på. Slavetrafikken førde ofte slavane burt frå heimlandet til nye land og rike der dei ikkje var kjende. Der hadde dei fåe høve, samanlikna med i heimlandet, til å verta frie eller til å få hjelp og sympati.

Det trongst nye laster av slavar etter at den fyrste generasjonen døydde ut, for det var dei færraste av slavane som ynskte å reprodusera seg medan dei framleis var ufrie. Hadde dei eit høve til å verta frie, vilde slavane venta med å få seg familie til dess dei vart frigjevne. Dessutan var det ikkje alltid like lett å få lik tilgang på kvinnor og menner i dei rette alderskategoriane. I sume høve vilde ein til dømes berre ha kvinnor til å vera husslavar og i andre høve ynskte ein gjengslavehandel med menn som skulde driva med hardt kroppsarbeid.

Det einaste dømet som Harrison kann finna på at slavehandel so og segja hev gjenge i arv er i sørstatane i Sambandsstatane. Dette er eit uvanlegt og einstaka tilfelle og ikkje noko mynsterdøme på korleis ufridomen var for fleirtalet av menneski som var slavar.

Slavehald i antikken

Slavehandel vert fyrst for ålvor framherskande i Hellas umkring år 3-400 fyre Kristus. Grekarane kom med etter måten mange legitimerande orsakingar til at dei hadde slavar i samfundi sine. Dei variera frå tenkjar til tenkjar. Ei vidgjeti forklåring gjekk ut på at visse menneske frå naturen si sida var slavar. Av det fylgde tankegangen vidare at det var godt for deim å vera innanfor slavesystemet, og slaveigarane var like naturlege på eigarsida. Platon segjer ikkje dette rett ut, men det ligg implisitt i samfundssynet hans. Aristoteles gjer ingen løyndom av at han delar synspunktet. Slaven er etter Aristoteles ein ukse i menneskeham, og ufridomen er sanksjonert frå naturen si sida.

Den største arbeidsplassen for gjengslavehand i den greske verdi var sylvgruvone i Laurion på 400-talet fyre Kristus. Her kann det ha arbeidt so mange som 20 000 slavar. I år 413 førde ein Sparta-invasjon til masseflukt og gruvone vart liggjande nede til dess gruvedrifti kom i gong att for fullt i um lag år 330 fyre Kristus. Harrison dreg fram mange forvitnelege forteljingar og kjeldor, millom anna synerhan til ei forteljing um korleis Paulus sender attende ein slave til slaveeigaren sin. Paulus segjer at slaven hev vorte som ei bror for han og at han sender honom frå seg med vondt hjarta. Det skal vera råd å lesa inn at slaven hev rymt frå eigaren sin og truleg òg hev stole. Paulus vil kompensera for stulderen og vonar at slaven kann verta like kjær for eigaren sin som han hev vore for Paulus. Både slaven og slaveeigaren er kristne. Slaven hev vore i den kristne krinsen kring Paulus.

Slaveuppreistar i antikken

Det fyrste slaveupprøret me høyrer um frå truverdige kjeldor bar til i 198 f.kr. Det gjekk fyre seg ved Setia og historieskrivaren Livius fortel um det. Romarane hadde teke mange karthagiske krigsfangar under den andre puniske krigen. Fangane hadde militær bakgrunn og dei tidlegare militære leidarane deira var haldne i fangeskap rett attmed dei. I ettertid kann ein sjå at det var svært lite smart å samla på same stad folk frå ei etnisk gruppa som var stridsvande og nyss hadde tapt eit audmjukande slag. Når upprøret ikkje vart vellukka kom det seg av at tvo slavar sveik uppreistfolki og fortalde romarane kva som var på ferde. Det enda med at leidarane vart hekta, og 2000 mann vart straffa.

I tidi kring år 100 f.kr. kom det store mengder slavar til storgods i Sud-Italia og Sicilia. Korkje romarane eller grekarane hadde røynslor med slike mengder med slavar i jordbuksslavehald, serleg sidan det var slavar som var åtte av private menner. Tidlegare slavar hadde vore sette under kongar og hadde vore med på store byggjeprosjekt og dilikt, men dette slavehandet var noko anna. Tusundtals slavar arbeidde no for yversjiktet av dei romerske innbyggjarane. Dei vart drivne fram i tog og i lekkjor og dei var brennmerkte av hjelpesmennene åt eigaren. Disiplinen var hard og han kunde utarta seg i eit valdelegt skrekkvelde.

Store menger slavar hadde vorte sette til å vera gjetarar. Dei kunde koma seg fritt ikring og hadde mykje fritid, men hadde ikkje nok mat til å greida seg. Dei vart nøydde til å plundra og rana folk for å yverleva og med kvart vart ferdavegane kring teigane deira utrygge. Kring år 135 endar dette tilstandet med at den fyrste kjende slavekrigen bryt ut.

Det er ingen slavar som hev fortalt um eit antikt upprør, so me veit ikkje mykje um korleis dei såg på det heile. Upprørsleidaren var ein syriar som vart kalla Eunous. Han var husslave. Han gjekk for å vera både ein trollmann og ein spåmann, og kor som er mange trudde på honom, og han var kjend millom slavane. Ein dag kom nokre uppreistmenner til Eunous og spurde um dei vilde lukkast um dei drap eigaren sin. Eunous sa at det kunde dei, men berre dersom dei slo til med ein gong. Eunous var leidar for ein slavearme som slo attende ein romersk arme på 8000 mann. Då Eunous og slavane til slutt tapte, var det denne gongen òg eit svik som avgjorde utfallet. Ein av slavane sleppte romarane inn i byen der dei hadde umlægra seg. Romarane slo ned alle uppreistmennene fullstendig.

Spartacus hev vorte ståande som ein sentral uppreistmann grunna filmen med same titelen. Denne uppreisten bar til i åri millom 73 og 71 f.kr. Åstaden var endå ein gong Sud-Italia, men ikkje på Sicilia, men derimot på fastlandet. Slavane var ikkje interesserte i eit eige rike slik som slavane i det tidlegare upprøret hadde ynskt. Dei ynskte derimot å venda heim til heimlandi sine. Dei greske historikarane Plutarkos og Appianos hev skildra den slaveuppreisten som Spartacus leidde. Båe historikarar legg vekt på at slaveeigarane var svært brutale, og utan denne brutaliteten vilde slaveuppreisten truleg ikkje ha bore til.

Det heile tok til med mindre revoltar frå gladiatorane, leidaren var Spartacus som stamma frå thrakarane, ei nomadestamme på Balkan. Spartacus bytte bytet frå herjingane sine likt millom dei som fylgde honom. Det førde til at mange nye tilhengjarar slutta seg til honom. Senatet måtte til slutt senda ut båe konsulane, Gellius og Lentulus, for å føra krig mot slavane. Slavane kann ha havt so mange som 100 000 mann under sin komando, um ein skal tru Appianos. Spartacus slo båe konsulane og vende seg mot Roma.

No var Roma i fåre og det måtte setjast hardt mot hardt for å slå ned Spartacus. Macus Licinius Crassus var ein av dei rikaste mennene i Roma, og han vart sett til å føra krigen mot Spartacus til endes. Han fekk seks legionar til sitt rådvelde, attåt dei legionane som dei tvo konsulane rådde yver fyre dei vart slegne. Crassus sende ut styrkar som skulde liggja bak Spartacus og stå reiduge til å slå til når Spartacus møtte motstand, men desse styrkane gjekk til åtak på Spartacus mot den ordren dei hadde fenge og tapte. Dei vart hardt straffa då dei kom attende til Crassus.

Seinare grov Crassus eit stort dike som sperra Spartacus frå lett tilgjengelege forsyningar. Men Spartacus skal etter Plutarcos ha greidt å få ein tridjepart av heren sin yver diket i ei myrk vinternatt. Det let kor som er til at Crassus gjenom avskjeringane greidde å kløyva den store armeen til Spartacus. Etter eit hardt sluttslag vart alle slavane kring Spartacus nedkjempa. Det var vandslegt å samla slavane under ein solid leidarskap. At Spartacus meistra det so lenge som han gjorde er kannhenda vel so interessant som at han til slutt vart utsett for mytteri og revoltar. Ettertidi hev late seg fascinera av korleis Spartacus kunde greida å stå fram mot yvermakti. Romarane var korkje mentalt eller militært fyrebudde på noko slikt, og det gjekk lang tid fyre dei innsåg ålvoret. Lærdomane etter Spartacus-uppreisten må ha vore viktig for at slavehandelen skulde kunna halda fram og verta betre utbygt.

Under keisartidi var adminstrasjonen betre utbygd både sentralt og ikkje minst ute i provinsane. Korrupte tenestemenner vart avsette. Armeen vart betre kontrollert og kunde disponerast på det mest fyremålstenlege viset. Dersom det kom gjetord um nye slaveuppreistar, visste styremaktene kva dei skulde gjera.

Spartacus hev vorte ein symbolsk figur i ettertid. På 1700 talet vart det skrive eit skodespel med utgangspunkt i Spartacus sitt liv. Forfattaren var franskmannen Bernard Joseph Saurin. Han let til og med dotteri til Crassus verta hugteki i Spartacus. I Lessings og Grillparzers dramatikk symbolisera han motstand mot tyranni. Frimurarane adopterte honom som ein fridomshelt i kampen mot katolisismen. Nasjonalistiske gruppor identifiserte seg med honom på 1800-talet.

I den sosialistiske arbeidarrørsla nytta dei Spartacus som symbol på alle heroisk klassekamp gjenom tidene. Både sosialdemokratar og kommunistar rekna dei antikke slaveuppreistane som epokegjerande hendingar i verdssoga. I Sovjetunionen vart Spartacus ein superhelt, og han vart framsteld i bilete som ein variant av Jesu krossfesting. Idrottsleikane i Aust og Sentral Europa vart kalla for Spartakiadar.

Kristendomen og slavehald

Det er ingenting ved innføringi av kristendomen som let til å påverka folk flest si uppfatning av slavehandelen. Den fyrste kristne keisaren Konstantin gav løyve til sers umfemnande valdsutøving mot slavane. I ei lov gav han slaveigarar løyve å å slå, piska og setja lekkjor på den ufrie arbeidskrafti si. Berre i heilt ekstreme høve vil han segja at slaveigarane gjer noko ulovleg. Det er:

  • Um eigaren slær i hel ein slave med ein hard kjepp, ein stein eller eit våpen.
  • Um han let slaven verta hengd, forgiftar slaven eller syter for at slaven vert kasta utfor eit stup.
  • Um han utset slaven for straff som berre staten kann døma slaven til, til dømes let villdyr slita slaven til døde med klør eller brenner slaven på bål.
  • Um han let slaven verta pint i hel.
  • Um slaveeigaren piskar ein slave til døde eller slær han med anna utstyr enn ovanfor. Er slaven sin daude valda ved eit arbeidsuhell, er det i orden og må aksepterast. Det som derimot er ulovlegt er å drepa ein slave med fritt forsett.

Fleirtalet av dei kulturar og samfund som hev vore kristne dei siste 2000 åri hev utan tvil godteke slavehandel. Bibelen tek slavehandel som ei naturleg livsovring. Men menneski er likeverdige for Gud um dei er slavar eller frie. I Efeserbrevet og Kolosserbrevet vert det slege fast at slavar og herrar skal visa einannan ymsesideleg kjærleik og umsyn (Ef 6:5,9 og Kol 3:22, 4:1). Både millom jødar og kristne var det utenkjelegt å fordøma ufridom som ei ovring. Ovringi var godt innarbeidt og vart uppfatta som ei naturleg ovring.

Harrison meiner det er uråd å finna fram til døme på at slavehandel vart kritisert eller gjort meir humant etter at kristendomen vart innførd. Men det kann vera at kristendomen førde til at fleire slavar vart frivgjevne av di det å sleppa slavar fri vart rekna for ei høgverdig og from gjerning som rikfolk gjerne vilde gjera. Kyrkja fekk i alle fall rett til å gjeva slavar fridomen i kyrkja, men Harrison meiner dette berre tyder at kyrkja hadde vorte integrert i den juridiske råma som slavesystemet hadde og ikkje at det var ynskjeleg for prestane å driva med masseutfriing av slavar.

Siste bolken av denne bokmeldingi kjem i næste utgåva av bladet (nr 1. 2008). Red.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!