Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

“Jeg er hos Gud i Naade” - Hans Nielsen Hauge si jolesalma

Av Kenneth Kiplesund

På nummer 77 i Norsk Salmebok stend ei salma med titelen «Jeg er hos Gud i nåde». Forfattaren åt denne salma er den kjende preikaren Hans Nielsen Hauge. I dette vesle stykkjet skal eg taka fyre meg litt um bakgrunnen til at denne salma vart skrivi.

Hauge reiste land og strand ikring for å preika og for å prenta og binda inn bøker som han sjølv hadde skrive. I november og desember 1799 hadde han teke turen til Sud-Trøndelag, han heldt seg mest i Trondheim og traktene ikring.

I Trøndelag, som elles i landet, hadde Hauge store luter av presteskapen og lensmannsstanden mot seg. Dei skulda Hauge for å brjota Konventikkelplakaten, og for lausgjengeri. Soknepresten i Melhus, Hans Eriksen Steenbuch og biskop Johan Christian Schønheyder, sytte for at Hauge laut møta til avhøyr. Dette gjekk fyre seg 16. desember på garden hans Steenbuch. Her laut Hauge m.a. svara på spursmål i katekisme- og kristendoms-kunna, noko han greidde med glans. Same kvelden vart Hauge og ein annan haugianar-preikar, Lars Hemstad, arrestera av lensmannen i Melhus. Lensmannen frakta Hauge til Meldal. Det var meiningi at lensmannen der skulde frakta Hauge vidare til Trondheim, men han neitta å gjera dette. For å ikkje setja lensmannen i ein vanskeleg situasjon, gjekk Hauge for eigen maskin til Trondheim. Her vart han sett i rådhusarresten. I dag stend Trondheim folkebibliotek på staden denne arresten i si tid stod. Med kvart vart Hauge frakta til Leinstrand, anneks til Melhus. Her vart det halde eit rettsmøte. Det var kalla inn 36 vitne, alle hadde berre godt å segja um Hauge. Likevel vart Hauge send attende til rådhusarresten. Der kom Hauge på jolaftan, og han laut soleides feira jol i fangenskap.

Men Hauge let seg ikkje knekkja av dette. Han nytta jolekvelden til å skriva brev. Eitt brev gjekk ut til veneflokkane rundt ikring i landet, eit anna til tri haugianarar som sat i fengsel i Christiania. Dette var dei fyrste fengsels-brevi hans. Det som gav Hauge mest sorg, var at det no ikkje vart moglegt for honom og Hemstad å vitna for folk i jolehelgi: «Nå i julen kunne vi vitnet for mange, dog gleder det oss at noen her og er i kraft som taler i samlinger likevel, så fiendene er urolige, klager over at det er for sildig å få utryddet dem av vårt sinn; ti om de fanger èn, så blir det mange i hans sted» (sitera etter Sverre Nordborg: Hans Nielsen Hauge, band 1; side 170). Endå so dårlege kår han hadde i rådhusarresten, greidde Hauge å kvila i at Gud hadde umsut for honom og dei hine som var fengsla. Han vitna um dette i salma han skreiv denne jolekvelden. Her fylgjer heile teksti slik ho vart prenta i skriftet Kristendommens Lærdoms-Grunde (sitera etter A. Chr. Bang: Hans Nielsen Hauge og hans samtid):

Jeg er hos Gud i Naade,
hvad skader Verden mig?
lad kun den store Vaade
alt bruse med sin Svig
og mit Legeme binde
ind i det inderste Hul,
saa skal dog Aanden vinde
og holde glædelig Jul

Vi hører, Mange raaber
om en glædelig Fest;
men de daarlige Taaber,
de mener, den er bedst,
naar de Kjødet følger
i all Vellystighed
og saa Sandheden dølger,
som straffer deres Leg

Thi se, de arme Sjele,
som vel med Munden ler,
maa dog i Hjertet bæve,
naar som de Lyset ser
udi Guds Børn alle,
der hjertelig glæder sig,
med aandelig Taler
priser Gud hjertelig

Den onde Flok bespotter
dem, som følger Guds Bud,
og ser dem an med Latter,
der glæder sig i Gud;
thi de kan ikke kjende
Guds søde Kjærlighed,
men blindt i Synden rende
udi Afgrunden ned

Men Gud han haver lovet
sine Børn at udfri,
som her haver vovet
at træde Sandheds Sti
og ikke lade sig drage
af noget Falskheds Skin
eller at se tilbage
paa Verdens syndig´ Trin

Derfor I Sødskende alle,
som vil arve Himmelrig,
lader Edere behage
at stride Mandelig, -
ikke lade sig bedrage
af Verdens falske Aand
eller med Frygt indtage
af deres Trudsler Baand

Guds Naade dertil styrke
og staa os mægtig bi,
saa vi ham ret kan dyrke
og følge Sandheds Sti,
at vi nu alle Dage
kan med forenet Sind
os ganske selv forsage,
i Himlen trænge ind.

Som lesarane kann sjå, er den versjonen som i dag stend i salmeboki stytta mykje ned, og teksti hev gjenge gjenom tollegt mange revideringar. Det kann difor vera forvitnelegt å sjå korleides Hauge sjølv skreiv salma.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!