Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

"Moderne norsk"

Av Thoralf Bergwitz

"Moderne NORSK" er eit ordlag som kom "på moten" i målrørsla i etterkrigsåri, og som enno hev ein viss propagandistisk verknad. "Moderne" språkprofessorar talar òg um t.d. "moderne norsk". Dette er difor eit ordlag som mange nyttar, so det kann vel vera av interesse å dryfte kva ordlaget tyder - og kva det gjerer med det norske skriftmålet.

Gjeng me til dei høgast lærde og spyr, so svarar t.d. Store Norske leksikon: Det er eit fransk ord frå seinlatin som heiter modernus til adverbet modo som tyder nyleg. Det er noko som høyrer til den nyare tid, notidi eller ei nær fortid. Med moderne språk meiner me levande språk i motsetnad til daude (antikke) språk. Det kann òg uppfatast som det som høyrer til det nyaste i sitt slag - det som stemmer med "tidens mote". Modernisere tyder å umdane til "tidens krav og smak" - gjera "moderne". Eit anna ord for det same, er innovasjon.

Eg vil difor her taka for meg skrivemåten av nokre ord.

Særlag

Tidlegare skreiv me SER-lag, SER-leg, SER-lagd (lagd til sides), SER-skild o.l. So kom "modernismen" inn i målrørsla au. "Moderne" skulde det vera - me laut fylgje "moten". Den "modernistiske" skrivemåten gjekk ut på at me skulde skrive so "nær" upp til talemålet som råd var. Me skulde m.a.o. skrive noko liknande til det dei balar med i andre tungemål - ei slags ljodskrift - ei bokstavering som syner hoss ordi skal segjast - kjend for alle som hev lukta litt på engelske ordbøker. Desse tankar - um å skrive det ordinære skrivtmålet talemålsnært, åt um seg ikring siste halvpart av fyrre hundradåret. Professor Didrik Arup Seip var fyregangsmannen for denne ideologien her i landet.

Tankjen - ideen - kom snart av "moten" i andre land - og vart burtlagd i fyrsten av vårt eigi hundradår. Jamvel målgranskarar som hadde vore tendte for tankjen - gjekk seinare sjølve imot denne ideologien. Men i vårt land hev ideen haldi seg alt upp til dags dato.

Alle - eller folk flest - segjer -æ i desse ordi som her er tekne fram. Det fell difor "naturleg" å skrive æ i slike ord som SÆRLAG.

Men ser me på andre ord - med den sama æ-ljoden - so som i hjelpeverbet er, namnordi berg, serk, verk, verden, ei verd, lerke, terne, termin, termit, gjerninsordi berje, herje, verje, terpe, terge, verkarordet verdsleg, o.s.b., so ser me at me hev fengje ein inkonsekvens i denne "moderne" skrivemåten.

Kva er i røyndi "moderne" skrivemåte?

Den skrivemåten som tek meir umsyn til samanhengen i målet enn til sjølve ljoden i talen, den vert i dag kalla "arkaisk" fordi han - etter vedtak i Stortinget - ikkje vert nytta i skule eller det offentlege. M.a. difor hev den "nye" skrivemåten vorti kalla "moderne". At denne nemningen au hev ein propagandistisk verknad, er ei anna årsak til nemningen "moderne".

Tenkjer me oss attende til den tid då menneskjet ikkje hadde skriftmål, so skynar me snart at talen kom fyri det skrivne ord. Då menneskji tok til å skrive, so tok dei til med å nytte bokstavar til å kjenneteikne ljodar. Og når dei so forma ordi, sette dei bokstavane samen etter ljodane som dei hadde vedtekje at bokstavane skulde kjenneteikne. Det tykkjest vera evlaust at det var den ljodnære skrivemåten som var den fyrste - dvs. den mest primitive.

Etter kvart utvikla dei skriftmålet - dvs. ordi og setningane vart meir einstydande - slik at misstydingane skulde verta færre. Skulde me taka døme frå vår eigen kvardag, so vil me tru at dei etter kvart ikkje lenger skreiv slikt som istykkje, iskåp, grastrå, krafftak, krikkskatt, lakt for lagt, dakksnytt for dagsnytt og makt for magt - endå um desse skrivemåtane er i samsvar med ljodane i talen.

Me ser visseleg snart at ein sovoren ljodrett skrivemåte vart tung å lære um me skulde fylje dette prinsippet fullt ut - fordi me laut lære ord for ord. Nyttar me derimot samanhengslovi i skriftmålet - som me likevel gjerer i so mange høve - so ser me klårt kor mykje greidare det vert å lesa. Ordet krikkskatt er faktisk litt av ein rebus for oss som er van med å sjå skriftbilætet krigsskatt for dette umgrepet, og som me slett ikkje tarv ha sett fyrr for å skyne meiningi - dersom me kjenner ordi krig og skatt.

Skrivemåten magt tykkjest nok i denne samanhengen å vera eit bomskot frå mi side, men ordet hev upphavet sitt i det gamalnorske ordet magna som tyder kraft. Samanhangen krev difor at me skriv g i magt - noko me hev vraka i vår "modernistiske" tidsalder. Me skriv au SKRIFTmål - og ikkje SKRIVTmål - endå me so klårt ser samanhengen med grunnordet. Men me skriv ikkje KRAFT for KRAVT av å krevja endå me segjer kraft i dette ordet au. Heller ikkje skriv me LAFT, men LAVT når me meiner LÅGT. Me skriv heller ikkje LOFT for LOVT, dvs. å hava LOVA noko.

Me ser difor at ein fonetisk skrivemåte i røyndi er den mest primitive - den mest uutvikla - og soleis den minst "moderne" skrivemåten. Det er soleis eit paradoks - eller ei meinindløyse - å kalle den fonetiske skrivemåten for "moderne" - og det å kalle den mest velutvikla - den som i større mun tek umsyn til samanhengslovi - for "arkaisk" dvs. den som er daud!

Det er elles ikkje berre det å vilja vera "moderne" i skrivemåten - som er årsak til denne inkonsekvensen. Den andre årsaki - og truleg meir tungtvegande - det er at det skal vera mest mogleg likt det norskskrivne danemålet vårt. Elles er det å vera likt danemålet au - for mange - einstydande med det å vera "moderne".

At det norske skriftmålet - medrekna det "arkaiske" - er det mest fonetiske skriftmålet på jordi - ved sida av sudafrikansk, det er ikkje noko lyte - når det berre ikkje skiplar samanhengen - slik som tendensen hev vori etter året 1938 - det året då samblandingstrævet fekk sitt store(?) gjenomslag. Men det må vel au kunne segjast å vera litt av eit paradoks at me - som er velsigna med eit so godt fonetisk skriftmål som inkje anna folkegruppe på jordi - me søkjer attende til det primitive - og vil hava det endå meir fonetisk. Me grip liksom kvart høve til å koma burt frå samanhengen i vårt elles so gode og velutvikla skrivtmål. Og på toppen av det heile - kallar me det MODERNISERING!

“Leiar”

Nemningen på den som skal vera den fremste andsvarlege for laget - både innetter og utetter, den er no skifta frå FORMANN til LEIAR.

No er nemningen LEIAR vorte so vanleg i mange andre samskipnader - jamvel det konservative politiske partiet HØGRE vedtok på årsmøtet sitt i fjor - å skifte ut den tradisjonsrike gamle nemningen FORMANN med LEDER. Ein av dei fåe einslege svanune som enno held på formannstitelen - er Framstegspartiet som hev kvinneleg formann.

Hovudårsaki til skifte av titel - at det skulde vera krenkjande for ei kvinne å vera formann - det kann me lata liggje denne venda. Eg vil no berre taka for meg skrivemåten av ordet - at det vert skrivi LEIAR og ikkje LEIDAR.

Dette hev synberrt au si årsak i den fyrr nemnde "modernistiske" ideologien som hev eti so um seg i ein lang tidbolk.

Det er ikkje berre det at det er vorti "umoderne" å nytte nemningen FORMANN - her viser "modernismen" seg au i sjølve skrivemåten av den nye formannstitelen. Men kven vilde VÅGE å taka på seg å "rette" teksten i salmen "LEID MILDE LJOS"?

Jau, me hev sett mange døme på kva vandalane kann få seg til å gjera med både salmur og gamle visur. Men me må undrast kvi det er so um å gjera å kaste ut desse daude d-ane som høyrer til for å gjera skriftmålet klårt, tydelegt og fylgjerett? Me hev då elles so mange or(d) der me er nøydde til å hava deim med.

Me hev ei gamal tyding av ordet LEIAST - mest vanlegt skrivi nett LEIAST. Dette ty(d)er - segjer Ivar Aasen i Norsk or(d)bok - kjedes, blive kjed; ogsaa faae Modbydelighed for noget.

Ei anna tyding av det same ordet - er å gange hand i hand - er skrivi LEIDAST, men som døme er henta fram "gaa i leistand" - m.a.o. utan d.

Her er det ikkje tilnærming til danemålet som er ute å gjeng. For kven vil vel skrive LEER for LEDER?

Ser me au på ordet LEIE - som mange av oss segjer når me meiner LEIGE, so fær me nemningen LEIAR for den som LEIGER noko, og UTLEIAR um den som leigjer ut. For det er vel ikkje minder grunnlag for å kutte ut g-en enn d-en i skriftbilætet når han likevel ikkje er høyrande den heller?

Som me ser - so er ikkje misstydingane langt undan når me tuklar med eit gamalt godt kulturmål. Og sume er jamvel so freidige at dei kallar denne vandalismen av skriftmålet for UTVIKLING.

Nemningen LEIAR er soleis ein sers uhøveleg skrivemåte - ikkje berre nytta i tydingen FORMANN, men reint ålment - for d-en kjem att i fortid av verbet i alle tydingar av ordet.

At ordet - rett skrivi - au hev mange tydingar - gjerer det heller ikkje godt høvelegt som erstatning for den sers gode gamle nemningen Formann. At raudstrømpekvinnene - med Dagbladet og Arve Solstad i brodden - mana kvinnediskriminering i "mannen", det burde ikkje målfylkingen lata seg dåre av.

Det er neppe klokt å gjera det som rangt er berre for det um andre gjerer det som er rangt. Målfylkingen skal vise veg - den skal vera faneberar, serskilt i ei sak som det hev programfest å vera faneberar for.

"Ungehagar"

Ja, kvifor ikkje UNGEHAGAR? Me talar um "ungane i BARNEHAGEN. Kvi vera so inkonsekvente? Kvi ikkje taka steget fullt ut - og setje nytt navn på Barnehagen? Eg meiner når me fyrst held på med umskifte av ord og nemningar? T.d. er ordet VARAMANN no vraka. Sameleis gjekk nemningen TILLITSMANN på dynga. Ei tid heitte det VARAKVINNE når det var ei kvinne som var vald til varamann. VARAJENTE såg ikkje dagens ljos. Og både VARAKVINNE og TILLITSKVINNE tykkjest ha sett sine beste dagar - for ikkje å tale um FORKVINNE. No er det tillitsVALD og VARA som er i skotet - ved sida av LEIAR.

Når me for kvar pris må bannlyse MANNEN i tydingen MENNESKJE, so er vel tillitsVALD eit ord som kann nyttast. - berre det ikkje vert uppfata som noko som hev med VALD å gjera! Men VARA - kva er no det for slags ord? Jau, VARA er eit eigenskapsord, so som STOR, LITEN, PEN, STYGG og liknande. Til liks med å segja VARA for varaMANN, skulde det vera nok å kalle SMÅguten eller SMÅgjenta for berre "SMÅ"? eller STORKAREN for STOR? eller STYGGEDOMEN for STYGG?

At målfolket let seg so totalt villeide av Raudstrømpune som syner so stor vankunne i norsk målføring, det må ein berre undre seg storleg yver.

Det er greitt at me etter kvart er vortne so vane med å høyre kringkastingsfolket tala um UNGAR at me held på å gløyme at det er BORN det er tale um. Bestemor sa at det er katten som fær UNGAR - menneskje fær born. Dersom me ser at det er ein viss skilnad på det sagde og på det skrevne ord, so tillet me oss å segja mangt som me ikkje vil skrive. Mange segjer t.d. BÆRT, men me skriv BORE - av å bera.

Til dei som tykkjer det er greitt med nemningar som FORKVINNE, VARAKVINNE, TILLITSKVINNE, og jamfører desse nemningane med sjukesyster og lærarinne, so må det vel vera toppen av inkonsekvens i ei tid då elles alle umbodsnemningar som viser kvinnekjønnet er bannlyste i tungemålet. At me samstundes hev fengje ein ny inkonsekvens med denne "modernismen" - det tykkjest ikkje målalkymistane å uroa seg for.

Burtsett frå "jordmor"- som i visse høve er vorti til "jordfar - er alle umbodsnemningar han-ord. Men etter framstøytar frå kvinnesaksfolket er han-ordi no vortne både han-ord og ho-ord. Me hev soleis fengi eit nytt tungemål - eit tungemål som tek meir umsyn til kjønnet av den som er umtala enn dei gamle lovene i sjølve målet - der STATSMINISTEREN, grisen og snikkaren - var han-ord. Og dette gjerer me i ei tid då me hev rasera alle kvinnetitlar i det same tungemålet. Er det mogleg å få til meir inkonsekvens i tungemålet? Er det mogleg - ja so gjerer me det visseleg.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!