Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Vitugskapen skal vera vår styrke

Av Christen Krogvig

Bladmannen (journalisten) og forfattarinna Oriana Fallaci, som døydde 15. september 2006, skreiv ei rad bøker. Den siste ho rakk å gjeva ut (um ein ser burt frå ein revidert versjon av ei eldre bok som kom ut aller sist) var Vitugskapens styrke (titel på bokmål “Fornuftens styrke”). Etter det ho sjølv fortalde laut ho for å få gjeve ut denne boki velja burt medisinar mot kreft som hadde gjort livet hennar lengre.

Boki er merkt av det intense engasjementet forfattaren hadde i høve til kampen mot islamiseringi av Europa. Eller "Eurabia" som ho meiner vert det rette namnet på kontinentet vårt. Og ordet Eurabia er i stor mun samlande for innhaldet i boki. Ordet var upphavlegt titelen på eit nyhendebrev som vart utgjeve av ei gruppa organisasjonar som skulde handhevja eit sett av avtalor millom Det europeiske hopehavet (som no heiter EU) og Den arabiske liga. Arabarstatane stengde oljekranane under Yom-Kippur-krigen i 1973. For å opna dei upp att sette dei fram, og fekk gjenomslag for, ei rad hårreisande krav, som at det skulde leggjast til rettes for auka arabisk innvandring til Europa (Fallaci kallar det kolonisering) og at europearane skulde gjeva studnad til kampen mot Israel. Arabiske innvandrarar skulde få like rettar som dei europeiske statsborgarane, og Europa skulde opnast for islam (Men arabarverdi skulde ikkje opnast for kristendomen). Europeisk pressa skulde hylla denne koloniseringi og prisa "det arabiske tilskotet til europeisk utvikling". Og so skulde arabarlandi taka på seg å kaupa store mengder europeiske våpen (som dei kunne bruke mot Israel).

Fallaci var ikkje den fyrste til å skriva um desse avtalone. Det var den israelske historikaren Bat Ye'or som gav ut ei bok um temaet med titelen Eurabia i 2002. Skal ein tru Fallaci er nett desse avtalone innanfor råma åt dette som vert kalla Den euroarabiske dialogen, og som danar bakgrunnen for arabarane si kolonisering og islamisering av Europa. For det er det heile boki dreiar seg um.

Etter terroråtaki 11. september 2001 gav Fallaci ut boki "Sinnet og byrgskapen". Medan "Sinnet og byrgskapen" framstod som et 170-sidors raseriutbrot, er "Vitugskapens styrke" full av grundige analysar av fylgjone og grunnane til den tilskeivingi Europa no er inne i. Og Fallaci ottast at tildrivet mot islamsk kolonisering av Europa ikkje lenger kann stoggast.

Fallaci skildrar korleis innvandringsmotstandarane vert bringa til tystnad utan vald, korleis soga er vorti skrivi um slik at muslimane sine tallause åtak på kontinentet hev vorte gløymde, og korleis ho sjølv er vorti tiltala berre for å ytra seg um desse spursmåli.

Slik Fallaci ser det, hev Europa berre gjeve etter og gjeve etter. Europearane hev ikkje lenger nokon byrgskap yver seg sjølve, og det kann til sjuande og sist enda med undergangen for Europa der svært mykje av det me til vanlegt umtalar som menneskeleg sivilisasjon hev sitt upphav. For folk som hev lese noko av den med kvart so umfemnande litteraturen um den arabisk-islamske imperialismen, er mange av tankane vel kjende. Men mange av innfallsvinklingane og jamføringane er nye. Forfattaren imponerar med kor djupt ho hev grave i kjeldetilfanget. Ho demonstrerar at ho hev lese mykje um dei historiske åtaki på Europa. Og kor lite dei som styrer oss veit og kor lite dei skynar av islam.

Anekdotane er nye for meg, og mange av dei er sers gode illustrasjonar. Den kjende filosofen gav til dømes ut boki "Evig fred", der han hævda at alle krigane skreiv seg frå monarkia og ikkje noko anna. Året var 1795. Blodet flaut som fylgja av Den franske revolusjonen. Og snart skulde borgaren Napoleon skapa det verste blodbadet i europeisk historie til då. Påstandi som vart sette fram i 1795 um at krigane berre skreiv seg frå monarkia er like absurde som påstandi som vart sette fram etter 2001 um at islam er ein fredeleg religion. Men båe utsegnene hev vorte framførde. Av folk med klokare hovud enn mitt.

Då boki kom ut i Noreg, valde kritikarane å laga uppslag um at forfattaren umtala eigi bok som "sylkvasse analyse" på bokomslaget. Men sjølvskryt lyt ein lyda til, for det kjem frå hjarta. Fallachi, som vidareførde motstandskampen mot Mussolini, som ho var med i då ho var tenåring, tok ikkje munnen for full. Analysane er sylkvasse. Dei som ikkje las boka då ho kom ut i 2003, bør lese henne no. Problemstillingane vert diverre berre meir og meir aktuelle.

“Fornuftens styrke” vart utgjevi på bokmål av Gyldendal i 2003, med 277 sider. Boki kann kaupast på Høyers bokhandel på netet.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!