Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Antiimperialistbladet Frontlinjer

Av Olav Torheim

Frontlinjer er eit nytt "antiimperialistisk" tidskrift som kom med fyrste utgåva same dagen som det nye partiet "Raudt" vart skipa. Redaksjonsmålet i bladet er nynorsk - tollegt god nynorsk faktisk - og millom redaksjonsmedlemene og skribentane finn me mange kjende andlit frå målrørsla - som Magnus Bernhardsen, Mathias Furevik og Jan Erik Skretteberg. Soleis er bladet på mange måtar for eit målblad å rekna, og det er litt av grunnen til at me i Målmannen hev valt å sjå nærare på innhaldet.

På framsida åt bladet er det bilæte av ein sint, langhåra ungdom med ein brustein i handi. Motivet skal vera henta frå gatekampane i Kjøpenhamn då ungdomshuset "Ungeren" vart rive av danske styresmakter. Og ein skal ikkje blada seg gjenom so mange sidone fyre ein ser at det er nett dette som er den raude tråden i bladet - meir eller mindre ukritisk studnad til gruppor både i og utanfor Europa som nyttar vald for å nå politiske mål. Frå fundamentalistiske muslimske aktivistar i Palestina til autonome bråkmakarar i Kjøpenhamn.

I bladet sin programartikkel kann me millom anna lesa fylgjande:

"Å vera antiimperialist tyder ikkje berre å vera mot krig. Det tyder og å stilla seg solidarisk med dei som kjemper. Me stør motstandskampane i Midt-Austen, Asia og Latin-Amerika, me stør dei nye og radikale regjeringane i Venezuela og Bolivia og me stør dei som kjempar for frigjering frå pengemakta si vald. Å vera antiimperialist tyder også å gjera motstand mot pengemakta her heime. Når innvandrarungdomane i Paris går til åtak på fransk politi står me på deira side. Når dei freistar å forby hijab eller håner islam står me saman med Europas muslimar."

Nett det siste kjem redaksjonen sterkt attende til. I artikkelen "Rasisme med et menneskelig ansikt" av Christian Stokke heiter det millom anna at "[k]orsfareren George Bush og vår humanitære regjering er begge uttrykk for det samme rasistiske systemet. Kolonialisme og imperialisme har bragt vesten dit vi er i dag, og muslimhetsen vi ser i dagens norske samfunn skal bevare den økonomiske slavebindingen av Midt-Østen."

Etter at saki er sett inn i sitt "rette" perspektiv, gjeng forfattaren vidare til å dryfta det nye klimaet i ordskiftet kring dagsens innvandrings- og integreringspolitikk. Med kvart som urædde gjentor frå innvandrarmiljøet hev stade fram og fortalt tvangsekteskap, umskjering og æresdråp hev det kome til ein snunad i det ålmenne ordskiftet som jamvel hev fenge aktørar langt inn i den tradisjonelt innvandringsliberale vinstresida til å revurdera tidlegare standpunkt. Her kann det til dømes nemnast at SV-veteranen Ottar Brox for eit par år sidan var med på å gjeva debattboki "Gode formål - gale følger" i lag med innvandringskritiske Sigurd Skirbekk. Og tidlegare PFLP-sympatisør Lars Gule hev vore med på å gjeva ut boki "Hvorfor jeg ikke er muslim" på Humanist Forlag, og elles kome med ei rad islamismekritiske utspel i pressa.

Men det er tydeleg at miljøet attum Frontlinjer ikke serleg ihuga for det nye klimaet i innvandrings- og integreringsdebatten. Helst vil dei nok attende til 1990-åri då alle som var kritiske til innvandringspolitikken kunde stemplast som rasistar. Christian Stokke er ikkje nådig mot dei på vinstresida som hev gjenge inn i debatten på desse nye premissane. Ottar Brox og Klassekampen-redaktør Bjørgulv Brannen er millom dei som fær passet sitt påskrive og vert slegne i jambreidd med FrP. Samstundes rosar han Internasjonale Sosialister og sosialmedisinar Per Fugelli som var med i den muslimske demonstrasjonen i Oslo mot Muhammed-karikaturteikningane, jamvel um dei med det stelte seg solidariske med fundamentalistiske muslimar.

Den raude tråden i innlegget er at "humanistiske verdier" einast er retorikk som vert nytta av vestens imperialisme for å halda fatige og undertrykte muslimar nede, og difor må ikkje vinstreorienterte lata seg lura av denne retorikken. Millom anna heiter det at "[d]e av oss som ikke er muslimer, kan lett bli påvirket av demoniseringen av islam, særlig når hetsen fremføres av "kokosnøtter" som Ali Hirsi Ali og støttes av venstresidas "intellektuelle klovner". Og um det er nokon av lesarane våre som lurer på kva forfattaren meiner med å umtala Hiri Ali som "kokosnøtt" so vert det forklåra i ein fotnote at "[b]egrepet "kokosnøtt" refererer til svarte som har internalisert hvit rasisme. [...] Norske kokosnøtter er bl.a. komikeren Shabana Rehman og forfatteren Walid Al-Kubaisi."

Skal ein taka "antiimperialistane" på ordet, er ikkje fundamentalistisk islam noko trugsmål mot vestlege verdiar, tvert imot. Islamismen kann verta ein alliert i kampen mot imperialismen. Kann henda hev islamismen meir av den krafti som vestlege gudlause marxistar vantar når dei skal taka upp kampen mot staten og kapitalen? Sagt med Christian Stokke sine eigne ord: "Vår nye religion, kapitalismen, tilbyr ingen trygghet for de fattige, men bare individuell konkurranse om materielle goder. Når norske muslimer i stor grad ekskluderes fra både arbeidsmarked og nasjonalstat, vil konvertering til "vestlige verdier" gjøre dem enda mer sårbare".

So langt hev den muslimske "frigjeringskampen" gjenge fyre seg langt burte frå vår eigen tronge krins, og einast nådd oss med nyhendemeldingar frå slagmarker langt burte. Men no er det kome ei ny stoda der rasande muslimsk ungdom i Paris-forstadene gjeng til åtak på fransk politi. Og "antiimperialistane" gjev dei sin fulle studnad. Skal me tru dei skrivande i Frontlinjer er det nett desse som er spjutspissen i den nye "antiimperialistiske" kampen, for det er desse som kjenner kapitalismen på kroppen meir enn nokon annan, hævdar eks-AKP’aren Kenneth Fuglemsmo i ein annan kommentar.

Det siste kann det kanskje vera noko i. Under Libanon-krigen i sumar hævda Palestina-venene i Oslo at dei kunde samla eit tusundtals demonstrantar til mønstringar mot staten Israel (den sionistiske okkupasjonsmakti som skribenten Lars Akerhaug kallar landet, og som han slær fast at det er umogleg å få til nokor fredeleg løysing med). Medan me i ein tollegt "etnisk norsk" by som Bergen talde snaudt eit par hundrad demonstrerande vinstreaktivistar under dei same upptogi. Kombinasjonen av muslimske innvandrarar som kann fylla upp demonstrasjonstoget og heimlege vinstreradikalarar som gjev demonstrantanane den legitimiteten som trengst kjem me nok til å sjå meir til.

Dei fleste som skriv i Frontlinjer hev bakgrunn frå den sokalla ml-rørsla, ei rørsla som historisk hev distansert seg frå valdsromantiske element som vilde føra frigjeringskamp "på vegner av folket". Sume hev gjenge so langt som å hævda at ein kann takka AKP for at ein ikkje fekk valdelege ekstremistgruppor i Noreg slik ein fekk med Raude Arme Fraksjon i Tyskland.

Ein må difor berre undra seg kvar det vart av den maoistiske barnelærdomen um å halda seg nær massane og ikkje ty til individuell terror. Som med den valdelege ungdomsuppreisten i Kjøpenhamn der autonome ungdomar kastar stein og ramponerar - i Frontlinjer vert dei ikkje "forstått" eller "forklåra", men aktivt forsvart og støtta (les artikkelen "Solidaritet med ungdomshuset"). Frontlinjer nr 1 2007 kom for tidleg til at me kunde få med oss deira kommentar til Blitz-bråket kring NATO-toppmøtet i slutten av april i år. Men me reknar med å høyra frå dei.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!