Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Den baltiske gåta

Av Thoralf Bergwitz

Konflikten um det sovjetiske krigmonumentet i Tallin hev reaktualisert konflikten millom etniske baltarar og russiske innflytjarar i Estland og dei hine baltiske statane.

Innlegget nedanfor er frå 1990, og vart sendt til Agderposten, Aftenposten, Tønsbergs Blad, Varden, Dag og Tid, Vestmannen og Bergens Tidende, men ingen av desse avisune hadde rom nok til desse artiklane.

"Bodøsaki" - soga um "Den russiske bjørn" er no komi inn i ein antologogi - ei bok som heiter "Fram daa frendar" utgjevi av Norsk Måldyrkingslag - Akademi for det norske målet. Båe artiklane er dessutan tekne med i boki Domen -utgjevi på Dreyer Bok, Stavanger i 2002.

Frå å vera ein fridomsvenleg reformpolitikar trør Mikhaiel Gorbatsjov no fram som ein"maktsjuk despot". Året er 1990 - det året då dei baltiske statane krev sjølvstende.

Er det hendt noko med den i Vesten so høgt vyrde reformpolitikaren - som jamvel er tildela Nobels Fredspris? Ingen sovjetisk politikar hev nytt slik ein heider i vestlege land som nett Mikhail Gorbatsjov. Han er det som hev æra for innføring av Glasnost og Perestroika.

Ytringsfridomen hev komi so langt at presidenten sjølv vert pepen ut av folket utan at det vert reagera med anna enn ein smil. Rett nok er det no vedteki ei lov um forbod mot å baktale presidenten - men det er vel ikkje meir enn rimelegt for slikt burde det vel vore forbod mot for alle - ikkje berre mot presidentar. Og umstruktureringi hev komi so langt at det "jarngrepet" som Sovjetsamveldet i etterkrigsåri hev havt på alle dei austeuropeiske londi, er losna - slik at dei no er heilt sjølvstendige statar som fritt kann velje sine eigne leidarar - og gjenom parlamentarisme - sokalla demokrati - føre sin eigen politikk med sin heilt lovlege innbyrdes krangel og eventuell semje.

Og når me òg ser litt lenger attende, so minnest me at Sovjetiske troppar stod langt inne i Finnmark i den seinste heimskrigen - utan at dei kravde nokon eigedomsrett til umrådet, men drog seg stilt og roleg attende etter at dei hadde drivi erkefienden vår på flog. Finnmarkingane - og jamvel sume søringar - såg med takksemd på desse sovjetiske frigjeringsmennene den gong.

Og for dei som minnest Finlandskrigen, so - trass i at me er fora med noko einsidig og misvisande orientering um både bakgrunnen og årsaki til krigen, veit me i alle fall at den største terroristen og despoten i nyare tid - ved sida av Hitler - Stalin - let Finland få hava sitt eige sjølvstyre etter at dei hadde lidi nederlag - som ventande var - i tvo krigar tett på einannan. Til og med Afganistan hev fengje lov til å føre sin eigen innbyrdes krig - utan nemneverdig innblanding frå den megtige grannen - i alle fall etter at dei hev drege seg ut.

At då den fridomselskande reformvenlege Gorbatsjov skal vera den som set so mykje inn på å hindre eit lite folk å få sitt sjølvstyre, det må vel karakteriserast som ei gåte? Er det mogleg å finne svar på gåta i den historiske bakgrunnen

Eg kunde ha hug til å bleda attende i soga å sjå nærare på den store kolossen av ein stat - og som i visse tidsrom hev vore framstilla som ein heller fårleg granne.

Bodøsaki og "November-traktaten"

Slagordet "Den russiske bjørn" er - som truleg ikkje so mange veit - ei britisk uppfinning - og me kann dagfesta henne til året 1836. Uppfinningi hev sitt utgangspunkt i den sokalla "Bodøsaki". Dette er upphaveleg ei heller liti sak, men som etter kvart- med sine etterdønningar - fekk storpolitiske fyljer - og som sagt skapte ordlaget "den russiske bjørn". Og etter som denne parten av soga ikkje er allemannseige - som me fær gjenom skulen - so tykkjer eg ho er verd å draga fram for den parten av folket som ynskjer å sjå med ufarga glas på vår store skræmelege granne i aust.

Sjølve "Bodøsaki" var rett og slett ei smuglarsak som og førde med seg litt dramatikk. Ein britisk handelsmann - John Everth - tok til med å driva handel i Nordland i 1815. I 1818 vart han uppsagd frå husi sine i Bodø som han hadde leigd av den norske staten. Frå då av tok han til med å driva smugling i stor stil. Då politiet greip inn gjorde han væpna motstand, men vart yvermanna og arrestert. Mot kausjon vart han snart sett fri. Men den skåmlause briten let seg ikkje stogge av småskorne norske politimenn. Vaktmennenne - som heldt vakt yver dei kverrsette varune hans - vart lokka umbord på skipet hans der dei vart innelæste. Etterpå braut han seg inn på tollbui og fekk med seg sumt av smuglargodset sitt, og sette so til havs. Vaktmennene vart slepte ut i ein elendig båt. Dei greidde med naudi å taka seg til lands.

Everth kom seg heim til England, men han gav seg ikkje med det. Vel heimkomen gjorde han samlag med ein samvitslaus advokat - F. G. Denovan - som m.a. med falske dokument gjekk til den britiske sendemannen i Stockholm - lord Strangford - og klaga på ågang mot britisk medborgar.

Den norsk-svenske utanriksministeren - grev Engstrøm - kravde av den britiske styremagti at Evert skulde verta straffa og svara skadebot for ugjerningane sine i Noreg. Britane derimot - som såg dei falske papiri frå Denovan - kravde vern for varune som Everth ikkje hadde fengje med seg, og kom dessutan med harde skuldingar mot norske embetsmenn i Nordland. Dei kom dessutan med krav um skadebot - og truga med å stengje den norsk-svenske trelasthandelen på England med høg toll. For dette bøygde Engstrøm seg.

Den norske styremagti laut påtalen mot bròtsmannen falla, laut gjeva frå seg dei kverrsette varune - og dertil svara 18000 £ (120 000 specidalar) i "skadebot".

Dette var i året 1821. Saki førde - som ventande var - til stor harme i Noreg. Engstrøm vart klaga for dugløyse, og i 1927 tok Stortinget saki upp på ny, der det vart reist krav um at dei tvo statsrådane som var nærast andsvarlege for saki - Collett og Fasting - skulde under tiltale for riksrett. Det vart likevel ikkje gjort, men Stortinget kravde - 27. juli 1827 - i ei adresse til kongen - at den norske statsministeren måtte få høve til å vera med i utanrikssaker som vedkom Noreg. Aldri so gale so er det godt for noko. Det var i alle høve eit upptak for nordmenn til å få meir innverknad på utanrikspolitikken.

Saki var likevel ikkje avslutta med dette - og no er det verkeleg at det vert storpolitikk av saki.

Den brave John Everth - som hadde vunne ei sak mot sjølvaste dubbeltmonarkiet i Skandinavia - trass i at det ingen tvil var i at han var skuldig i dei bròtsverki han var klaga for - han hadde fengje blod på tann - og var slett ikkje nøgd med fengdi av den umak han hadde gjort seg.

I 1830-åri freista han å taka saki si upp på ny. I samband med denne saki må han ha havt ei høne å plukke med ein landsmann av seg - ein Mr. John Rice Crowe - som lengje hadde vore britisk visekonsul i Hammerfest. I alle høve so sette Everth fram ei rekkje klagemål mot denne sin landsmann. Som fylje av desse klagemåli vart John Crowe avsett som visekonsul av det britiske utanriks-ministerium. Dette hendte i året 1836.

At denne hendingi skulde få noko å segja i storpolitikken er slikt som hender. Asosiasjonane gjeng til eit dubbeltmord som fekk større katastrofale fyljer enn denne hendingi. Eg tenkjer på atentatet mot erkehertug Frans Ferdinand og fruva hertuginne av Hohenberg i Sarajevo den 18. juni 1914. Den hendingi kjenner truleg dei fleste - og visseleg kjenner dei og resultatet av det som hendte i Sarajevo.

Hendingi um den avsette visekonsulen er det venteleg dei færraste som kjenner - og endå færre kjenner verknaden som hendingi fekk på det millomfolkelege tilhøve.

Den avsette visekonsulen var ikkje tapt bak ei høyvogn. Han sette igang med å utarbeide ein rapport um noko han kalla russiske planar um å trengje fram til Varangerfjorden. Med den ferduge utgreidingi for han beint til den britiske utanriksministeren - Lord Palmerston.

Bakgrunnen for denne utgreidingi var at det i 1826 hadde vore visse grensereguleringar millom Russland og Noreg i umrådet millom Pasvikelvi og Jakobselvi. Sanningi var at den russiske tsar - Nikolai I - som året fyri hadde tekje styringi etter den eldre bror sin - svenskevenen Aleksander I - han vilde truleg ikkje skiple det gode samhøvet til Karl Johan som hadde fengje heile Noreg i gåve av broren - som takk for velgjort arbeid i krigen mot landsmannen og tidlegare medarbeidar - Napoleon - han gav med rund hand - det som Karl Johan no ynskte i det umstridde umrådet i Finnmark.

Utan umsyn til sanningsverdien i utgreidingi frå Mr. Crowe tykkjest ho ha vore sers velkomi hjå Lord Palmerston, for den avsette visekonsulen fekk 500 pund i skadebot "for tort og svie", og vart samstundes flutt fram til konsul for Finnmark.

Utgreidingi um "den russiske fåren" for Finnmark vart send frå utanriksministeriet i England til den britiske minister i Stockholm. Denne fekk pålegg um å åtvara den svenske kongjen mot det som vart kalla "russiske anneksjonsplanar".

Som um dette ikkje var nok for den ekspansive Mr. Crowe, so fekk han ei ny hending til å utbrodere spøkeriet "den russiske bjørn" på.

I 1841 gjorde Karl Johan framlegg for den russiske tsaren um å lata Russland få eit landstykkje som den svenske-norske kongen åtte i Konstantinopel - mot at eit finsk landstykkje ved Lyngenfjorden vart lagt yver til Noreg. Nikolai I gav det svaret at han ikkje hadde bruk for dette landstykkjet i Konstantinopel, men at han gjerne var med på eit makeskifte millom det finske landstykkjet og eit stykkje ved Varangerfjorden. Karl Johan ynskte ikkje dette makeskiftet og heile avtalen fall difor burt.

Mr. John Crowe - som hadde fengje so god løn for tidlegare "tenestar" for den britiske utanriksminister - laga til eit nytt memorandum til det same ministerium um "nye anneksjonsplanar i Nord-Noreg" frå den russiske tsaren.

Dette gjorde han heller ikkje til fånyttes. Som løn for sin ihuge og sitt vakne auga, vart han denne gongi utnemnd til britisk generalkonsul i Christiania.

Lord Palmerston var ikkje sein um å sende meldingi um "den russiske fåren" til sin mann i Stockholm - der han gjorde det tindrande klårt at det måtte ikkje avståast noko landumråde til Russland.

For visse krinsar i Sverige tyktest det høve godt med desse britiske meldingane. Sume - dei sokalla "frisinna" - hadde lengje sett med uvilje på det tsaristiske styret i Russland, og ikkje minder dei svenske aristokratane tykte det høvde godt med litt antitsarisme. Trass det at dei hadde fengje Noreg i gåve - i 1814 - nett frå den russiske tsar, so kunde dei ikkje tilgjeva det same regime at det hadde fråtekje deim Finland i 1808.

Fjortan år etter det velplasserte memorandum fekk Lord Palmerston løn for strevet. Det var under dei avgjerande kampane i Krimkrigen at han fekk den svenske kongen til "å rasle med det svenske stålet". Etter lokketonar frå både fransk og britisk hald - og utsikt til å få att sitt tapte Finland - sveik den svensk-norske kongen - Oscar I - sin russiske ven - tsar Aleksander II - som nett under krigen hadde tekje styringi etter far sin Nikolai I. Den 21. november 1855 underteikna svenskekongen ein ny traktat millom Sverige og vestmaktine. Traktaten fekk namnet "Novembertraktaten". (Nov.tr. stod ved magt til 2.nov. 1907 for Noreg, til 23. april 1908 for Sverige).

Med trugsmålet um på ny - som so mange gongjer fyrr - å få eit åtak frå sin granne i vest - fann Aleksander det klokast i å slutte fred.

Dette var i store drag soga um upphavet til slagordet "Den russiske bjørnen" eller "den russiske fåren for Norden". Samstundes gjev denne soga ein viss innsikt i det britiske maskepiet som førde til den enno ikkje gløymde "Novembertraktaten". Denne traktaten var vår dåverande stathaldar - Severin Løvenskiold - sterkt imot - og hadde ei eit serskilt brevbyte med kong Oscar I um denne saki.

Når me no ser på dei hendingane som her er henta fram - um manipuleringar og falske dokumentasjonar som britiske maktmenneskje hev bygt sine handlingar på, so tykkjest det vera urettvist å klandre stathaldar Severein Løvenskiold for den stoda han tok i saki um "Novembertraktaten" - slik som Store Norske Leksikon tykkjest gjera i si skildring av denne mannen. For å segja det mildt - dei tykkjest slå han i lag med ymse andre lyte - som han - etter mine uppdagingar - ikkje er sanne.(Eg syner her til boki "Domen" utgjevi av Dreyer, Stavanger 2002).

Visekonsul, konsul og til slutt - generalkonsul i Christiania - Mr.John Rice Crowe - kjøpmann i Hammerfest med store gruveinteressur i Alta, vart upphavsmann til den fyrste norske jarnvegen og spela ein framskoten rolle i tilskiping av den fyrste norske eimskipsruta. Denne ruta gjekk til Hull i England.

Finlandskrigen

Her på berget - som det gjerne heiter - liver me enno stort sett i den tru og med den meining - at det var giren etter land og magtsykje som låg attum åtaket frå det store Sovjet på det vesle og forsvarslause Finland som var bakgrunnen for åtaket. Når ein - etter alt som hev hendt - nær etter - og jamvel etter dei store umveltningane i Aust-Europa i år - kann me skyna at denne uppfatning er livs livande - då er det ein fær hug til å vera samd med ein kjend italienar som livde på 1500-talet. Namnet var Niccolo di Bernardo dei Machiavelli. I ei av bøkene sine - Fyrsten - utkome på bokmål i 1948 - sa han millom anna: "Det er tri slags hovud: det eine skynar av sjølve seg, det andre fattar det andre skynar, det tridje korkje skynar av sjølve seg eller ved hjelp av andre. Kor mange av oss som høyrer til den fyrste, andre eller den tridje gruppa er det truleg godt at me ikkje veit. Men sanningi ligg kann hende i det kong Salomo segjer (i 15.14) - at "vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn férer berre med dårskap". I von um at det er vituge menneskje som les dette vil eg draga fram litt kunnskap som visseleg enno er løynt for mangmannen.

I påvente av ein komande krig tok sovjetregjeringen - sumaren 1938 - upp tingingar med den finske styresmagti um visse territoriale reguleringar som kunde gjera det mogleg å få til eit trygt forsvar av Leningrad. Det fyrste sovjetiske ynskjet var å få overført nokre finske øyar i Finskebukti nær Leningrad. Den øvste sjefen for dei finske herstyrkane - den seinare presidenten - marskalk Mannerheim - skriv i sine "Minnen": "Min åsikt var at vi ovilkårligen på ett eller annat sætt borde gå ryssarne til møtes. Jag framhæll dærvid at øerna voro landet til ingen nytte, och att vi inga møyligheter hade att forsvara dem, neutraliserade som de voro.

Mina uttalande møtte ingen førståelse. Man påpekade bland annat att en regjering, som vågade framkasta någåt dyligt, omedekbart skulle størtas, och att ingen politiker kunde gå med på at på detta sætt utmana den allmænna opinion. Jag gick ænnu længre och framhøll, att det enligt min åsikt vore førdelaktig før Finland att mot saklig vederlag erbjuda forflutning någån mil vesterut av grænslinjen nærmest Leningrad."

Etter at det tyske felttoget i Polen var slutt, og dei tvo stormagtine hadde delt landet millom seg - då me alle trudde at no var dei tvo erkefiendane vortne vener - det var i oktober i 1939 - då la russarane fram det offisielle sovjetiske kravet.

På tingingsmøtet i Moskva gjorde russarane dei finske sendemennene merksame på at dei venta åtak frå den tyske hermagti i ein seinare fase av krigen - og at dette åtaket vilde koma via Finland mot Leningrad. Dei gjorde difor framlegg um eit makeskifte millom finsk landumråde i sud mot eit tvifaldigt stort russisk landumråde i Karelen. Både den seinare statsminister og president Paasikivi og Mannerheim rådde den finske regjeringen til å gå med på dei russiske ynski. Regjeringen derimot - vilde vera med på berre heilt småe imøtegåingar.

Ein annan velkjend finsk politikar - Vaino Tanner - som og var ein av sendemennene i Moskva - klaga yver dei strenge direktivi frå Helsingfors.

Veino Tanner gav òg seinare ut sine memoarer. Der segjer han m.a.: "Efteråt, sedan Finnland efter sina två krig varit tvungen til å avstå betydligt større områden, kan man kritisera Finlands avvisande innstællning. Under då rådande førhållanden hade en annan innstællning knappast varit møjlig."

Det som Tanner her talar um, er det same som Mannerheim ogso nemnde - opinionen - folkemeiningen - i Finland i dei dagar. Regjeringen måtte m.a.o. nekte å gjera det einaste rette då mest det gjaldt, fordi han hadde ein folkeopinion å taka umsyn til - ein folkeopinion som politikarane sjølve mykje hadde jaga upp.

På den tidi då finnane søkte å finne utvegar til fred med sin granne i aust - var det at både franskmenn og britar - godt sekundera av dei skarpaste hjerner(?) av inteligensiaen i Noreg - såg for seg "den store stygge ulven" i aust, men ikkje såg den røynlege fåren som truga frå nazi-Tyskland.

Me kunde bleda lenger attende i soga og vise at det aldri hev funnist russiske anneksjonsplanar mot Norden. Derimot er det lett å syne til burtimot tallause strandhogg frå Norden mot Russland - OG MOT DEI BALTISKE LANDI. Det er dei no so fredelege svenskane som gjenom tidene hev vore ein verkeleg urokråke for russarane og dei baltiske folki. Det var denne dårskapen som førde til at dei miste herredømet yver Finland i 1808. Me kann jamvel minnast at den russiske tsaren avslo eit tilbod frå Napoleon - då han stod som den store sigerherre i Europa - um å få styringi over heile Sverige! Det var då den slagne tsar Aleksander I slutta forbund med Napoleon at han fekk dette tilbodet um å taka styringi ogso i Sverige.

Men den Russiske tsaren hadde inkje ynskje um å annektere Sverige. Det han var interessera i, var å verne Petersburg mot nye svenske åtak og difor taka frå dei landumrådet - Finland - som var svenskanes uppmarsjbasis for åtak.

Det baltiske problemet

Det kunde vore litt av kvart å segja um etterkrigspolitikken og - som truleg vilde gjeva eit meir nyansera bilæte av stoda enn den som er den vanlege uppfatning her i vest - men eg skal her avgrense meg til å studere soga åt dei Baltiske statane.

Litauen hev havt statsdaning frå 1200-talet - i lange tidbolkar i lag med Polen - eller innlema i Russland. Men sjølve storfyrstedømet Litauen er grunnlagt i 1315 av Gedimir. Han døydde i 1340 og etterlet seg sju søner som slost um magti i landet. Sonesonen Jagello (1377-1454) fekk på ny samla folket til eit rike.

I 1386 vart Jagello gift med den polske dronningi - Hedvig - og på det viset vart han òg konge av Polen. Dette var utgangspunktet for det seinare langvarige sambandet med Polen.

Frå 1569 vart det innført sams kongeval og riksdag for dei tvo landi - Polen og Litauen. I 1772 - det året Polen vart delt - kom den parten av Litauen som ligg i vest - ikring elvi Njemens - Memelumrådet - under Preussen, medan resten - dvs. dei fleste - kom under russisk styre.

I 1807 - då Napoleon ordna upp på det europeiske kartet - vart den prøysiske parten av Litauen innlema i vasallstaten hans - Warszawa - seinare inn i "Kongress-Polen".

Fyrst i 1905 - vart det fremja krav um "Autonomi" (indre sjølvstyre) for den russiske parten av Litauen. "Autonomi" tyder - som kjendt - ikkje lausriving, men rett til lovgjeving um indre tilhøve i landet.

Under den fyrste heimskrigen - i 1915 vart Litauen hersett av tyske troppar. I 1917 vart det skipa eit nasjonalråd under leiding av Antanas Smetona. Forsamlingen proklamerte i februar 1918 den sjølvstendige litauiske staten. Denne forsamlingen var tydeleg samansett av storkarane i landet - for alt i desmber same året vart det skipa ein "provisorisk arbeidar- og bonderegjering". Med sovjetisk hjelp tok dei magti i storparten av landet i februar 1919. Nasjonalrådet og den offisielle regjeringen heldt stand - berre i den parten av landet som enno var hersett av tyskarar.

Den fyrste rådskongressen for den nye regjeringen vedtok å sameine Litauen med Kviterussland - og å skipa ein Litauisk-Kviterussisk sosialistisk republikk med hovudstad i Vilnius.

I mars 1919 gjekk det fyrste nasjonalrådet til åtak - støtta av tyske friviljuge - og i april hertok polakkane Vilnius med umrådet ikring.

I august 1919 tok nasjonalrådet på ny magti i resten av landet.

I 1920 - under den polsk-russiske krigen hertok russarane Vilnius og førde det attende til Litauen. Men då krigslukka snudde seg tok polakkane att det tapte umrådet - og alt i oktober same året - vart det av dette landumrådet skipa eit sokalla Midt-Litauen. Dette vart innlema i Polen.

Hovudspursmålet i den litauiske utanrikspolitikken i tjuge-tredive-åri var å få att Vilnius-umrådet.

I 1921 vart Litauen med i Folkeforbundet, og Kristeleg-demokratane styrde til 1926. Ved valet dette året sigra Folkepartiet og Sosialdemokratane. Den nye regjeringen vedtok ein venskapsavtale med Sovjetunionen. Dette medførde at dei gamle styresmennene gjorde statskupp.

Smetona vart atter president og den tidlegare statsminister - kjend som eit framståande nasjonalist - Augustinus Valdemaras - vart på ny statsminister.

Valdemaras uppløyste parlamentet i 1927 - og styrde deretter diktatorisk. Han gjekk hardt fram mot kommunistane - som det var mange av - og han freista fånyttes å få att Vilnius frå Polen.

Det vart usemje millom dei tvo gamle parhestane - Smetlona og Valdemaras. Dette førde til at Smetlona avsette Valdemaras i 1929.

Men den autoritære styringi heldt fram. I 1936 vart alle politiske parti - med undantak av Tautingai-partiet - forbode.

I 1938 sendte Polen eit ultimatum til Litauen um å taka upp att det diplomatiske sambandet med Warszawa. Soleis fekk Vilinus-problemet ei slags "løysing".

I mars 1939 tok Hitler havnebyen Memel med umrådet ikring. I september same året hersette sovjetiske troppar Vilniusumrådet.

Etter dette - same året - gjorde Sovjetunionen og Litauen ein avtale um gjensidig hjelp. Sovjetunionen skulde få stasjonere troppar i Litauen mot at Litauen fekk att Vilnius.

Den nye regjeringen vart skipa i april 1940. Leidaren - J. Packelis - skreiv ut til val på ein "Folkeforsamling". Den 21. juli 1940 godkjendte veljarane at LITAUEN SKULDE UMSKIPAST TIL EIN SOVJETREPUBLIKK, og den 3.august same året - vart landet - etter godkjenning i det øvste Sovjet tekje inn som delstat i Sovjetunionen. Innlemingi er de facto godkjend av dei fleste land, men ikkje av USA.

Stalins utreinskingsbande fòr hardt fram mot den økonomiske yverklasse, dei intelektuelle, og med ein total utsletting av den nasjonale offisers- og embetsstand. Um desse deportasjonar og massemyrderiene skulde vera avgjerande for den moralske rett - eller ikkje rett - til å rekne Litauen for ein Sovjetrepublikk - vert det truleg ikkje mykje att av heile Sovjetunionen.

Soga um Estland og soga um Latvia er minst like forvitnelege som Litauen-soga - og dei hev ein viss likskap med denne. Dei fær vente til eit seinare høve - um det byd seg.

Den 14.mai 1990 - proklamerar Michail Gorbatsjov i Sovjetisk fjernsyn - som òg kom i kveldsnytt frå NRK - at sjølvstendefråsegnene frå Estland og Litauen er ulovlege.

Kva skal den norske styresmagti gjera i den samanhengen?

Det norske folket hev sympati for den litle - kjenner seg i skyldskap med eit lite folk som er utsett for overgrep frå ein megtig granne. Men det spørst um ikkje dei baltiske folki er litt tidleg ute med kravet um sjølvråderett. Ein kann òg undrast um ikkje dei fridomselskande folki i dei baltiske statane like so godt kunde taka eit tak for fridomen for heile det sovjetiske folket med å vera innanfor unionen. Som me veit er det enno sterke kreftir innanfor Sovjetunionen som motarbeider både Glasnost og Perestroika. Me ynskjer at dei reformvenlege kreftine i Sovjet skal vinne.

Til no tykkjest den norske styresmagti ha gjengje klokt fram i denne so vandskelege saki, endå so rett som det tykkjest vera det som Carl I. Hagen og hans drabantar søkjer å hauste politisk vinst på.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!