Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Jostein Krokvik er burte

Av Lars Bjarne Marøy

Jostein Krokvik er død, 80 år gamal. Krokvik er med i bakgrunnssoga til at dette bladet kom til, difor tykkjer me det er grunn til å minnast Krokvik. Krokvik var forfattaren som vart høgnorskmann og vestmann midt på 1980-talet. Fram til då hadde han skrive på den offisielle nynorsken, men han skreiv eit godt puristisk nynorsk mål. I 1984 tok Krokvik kontakt med Vestmannalaget og la fram ein plan um eit blad på Aasen-mål eller som me gjerne kallar det i dag høgnorsk.

Vestmennene var ikkje av deim som utan vidare tok imot kven som helst som dei ikkje kjende, men for Krokvik sin part må godkjenningi ha kome snøgt, for det gjekk ikkje lang tid fyre stjorni i Vestmannalaget - med kvart i lag med andre studnadsspelarar - gjorde dei tildrivi som måtte til for at Krokvik kunde få bladet på fote.

Arbeidet var sers tungt. I dag hev me epost og andre hjelpeprogram som gjer det makeleg å setja upp eit blad. Heilt fram til år 2000 teikna Krokvik upp kvart nummer etter Cicero-mål. Han måtte òg for det meste skriva av alt som skulde inn i bladet. Berre skrivingi laut snøgt koma upp i 200 til 300 sidor kvart år. Attåt dette fekk Krokvik tid til å skriva bøker og hadde ein umfemnande privat korrespondanse med vener og samarbeidspartnarar. Han arbeidde òg idugt for å få tak i nye Vestmannen-tingarar og innkomekjeldor. Alt arbeidet, seinast i høg alder og innimillom harde sjukdomsbolkar, måtte røyna sers sterkt på. At han såg seg nøydd til å taka på seg bladstyrarandsvaret att i 2002 til 2003 må ha vore i meste laget.

Det var lite hjelp å henta millom dei som skulde stå han nærast. Den fremste studnadspelaren Ludvig Jerdal hadde stødt noko nyskrive å leggja fram. Elles var det lite og skribentane måtte skaffast der det var råd og i sumtid laut det meste verta eigenprodusert. Men Krokvik klaga ikkje. Han gjekk som ei klokka og fekk bladet ut kvar einaste månad til same tid. Det einaste som kunde skipla ruta var då som no den sviktande postgangen.

I den fyrste tidi kunde Krokvik gleda seg yver å få positiv respons frå Norsk Målungdom som han lenge hadde store voner til. Sameleis fekk han sett inn råkande og merkande spark til den offisielle samnorskpolitikken. Diverre vart ikkje framskuven med Målungdomen varande, og det let til at språkrådsfantastane hev samla seg um ein midtstraumsnynorsk som høgnorskvener og vestmenner ikkje kann vera tente med. Soleis vart den siste tidi til Krokvik langt mindre framgangsrik og vonfull enn glanstidi frå 1985 og fram til slutten av 1990-talet.

Betre kann det ikkje ha vore då han dei seinast åri fekk sjå at bladet han hadde bygt upp vart stridsemne millom fraksjonar i Vestmannalaget. Gledone vart færre og framtidsutsiktene meir på det jamne. Men Krokvik gledde seg yver alle som vilde arbeida for målreisingi og på den måten hevja han seg yver den verste og mest meiningslause fraksjonskivingi.

Krokvik skreiv mange skjønnlitterære bøker. Frå¨1985 vart det meir saktunge bøker, men den skjønnlitterære stilen braut sumtid gjenom i desse bøkene med. Bøker som Mål og Vanmæle og biografien yver Jan Prahl kjem nok til å verta standande som forvitnelege og lærerike både for lek og lærd. I dei seinare åri vart det saktunge meir stridalt, og Krokvik nytta meir tid på lyrikken. Godhugen for lyrikken synte att i Vestmannen med. Framsidediktet vart ein tradisjon som hev fylgt med oss inn i Målmannen. I leidarteigane hadde Krokvik mange gonger ei lyst til å nytta frisk språkbruk og sume ord hev vorte ståande som ei slags serlaging. Til dømes påprakka språkrådspåfynster og liknande. Dei mange stykki under løyndenamnet Jarl fortener elles å verta nemnde. Her tok han seg retteleg ut og viste seg som den språklærde mannen i gata eller på bygdi vilde han vel ha sagt sjølv.

Interessa for Aasen var stor og Krokvik hadde finlese dagbøkene til Aasen. Han henta råd um mål og målbruk hjå Aasen og hjå andre måldyrkarar, og målbar desse rådi saman med andre kunnige hjelpesmenner. Tiltrui til Aasen og idealimen kring måldyrkingi var so stor at jamvel sume målgranskarar ymta um religion og fanatisme, men det prella av, og bladet bar seg. Det er rett og slett for mange som er og vart glade i det norske målet til at det let seg stogga. Korleis det gjeng med Vestmannen frametter skal me vera dei siste til å spå um. Men me kann lova at for vår part, vil me halda fram arbeidet i von um at me held det beste i arven frå Krokvik i stand. Det norske målet fortener minst eitt blad som maktar det arbeidet.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!