Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Lat oss få god nynorsk i nynorskmedia

Av Olav Torheim

For ei tid sidan vart det laga upprop under titelen "Opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG". I dette uppropet vart det argumentert med at nynorskbrukande journalistar i Akersgata vart nekta å nytta målet sitt redaksjonelt. Målmannen tykkjer vel um alle initiativ som hev til fyremål å fremja meir nynorsk, men korleides stend det til med dette demokratiske sinnelaget i dei institusjonane som sjølve nyttar nynorsk?

For ei tid sidan vart eg i privat samanheng intervjua av den sunnmørske regionalavisa Sunnmørsposten. Intervjuet vart gjort av ein frilansjournalist, og som vanleg bad eg um å få tilsendt den endelege utgåva av intervjuet til godkjenning fyre det kom på prent. Det intervjuet som eg til slutt godkjende var skrive på tollegt moderat nynorsk, og undren vart eg difor då eg såg at i den endelege utgåva var det gjort ei rad språklege grep frå redaksjonelt hald: "Noreg" hadde vorte til "Norge", "me" til "vi", "gje" til "gi", "fyrst" til "først", "so" til "så", "klote" til "klode" osb. Den einaste systematikken som var å sjå i desse endringane var at redaksjonen konsekvent hadde brigda tradisjonelle jamstelte former til bokmålsnære tilnærmingsformer. Når det galdt umskrivingi frå "Noreg" til "Norge" so fanst det ikkje heimel for dette i det heile. "Noreg" er einaste lovlege form i nynorsk.

Eg sende difor eit brev til Sunnmørsposten og bad deim gjera greida for desse brigdi. Låg det nokon medviten språkpolitikk frå Sunnmørsposten si sida attom den bokmålstilnærmingi som so lett let seg dokumentera? Eg er redd det svaret eg fekk frå Sunnmørsposten er sopass representativt for tenkjingi i nynorskmedia at eg vel å gjeva att nokre utdrag frå korrespondansen.

Frå kulturredaktøren i Sunnmørsposten fekk eg fylgjande svar:

"Språkpolitikken i Sunnmørsposten går ut på at at både bokmål og nynorsk skal ligge nærast mogleg talemålet. Når det gjeld ordet "Noreg",så har Sunnmørsposten i alle år hatt den praksisen at vi skriv Norge både på bokmål og nynorsk."

For oss som skriv høgnorsk hev "talemålsnær nynorsk" aldri vore noko sentralt poeng. Tvert um legg me vinn på å nytta eit godt mål både i skrift og tala, og utvider gjerne ordtilfanget med nye norske ord og segjemåtar. Ikkje minst for oss som nyttar nynorsk i eit storbymiljø er det fyremunleg å nytta ein nynorsk som ikkje er knytt til nokon serskild stad i Noreg, men som er landsgild og fullgod på alle umkverve. Me skriv ikkje nynorsk for å markera kvar hen i landet me kjem i frå. Det hev tvert um vore ei ulukka for nynorsken at bygdefolk som flytter til byen hev assosiert nynorsken med det samfundet dei forlet, og difor teke til å knota bokmål i staden.

Men um ein fyrst skal kjøpa argumentasjonen um “talemålsnær nynorsk”, so er det næste poenget vårt at former som "me", "fyrst", "gje", "so" osb faktisk er dei som ligg nærast sunnmørsmålet. Undantaket her er ålesundsdialekten, som er mykje nærare bokmål. Men i Ålesund skriv dei bokmål, og Sunnmørsposten hev i alle år nytta bokmål når dei skriv um saker frå Ålesund. Og "talemålsnær nynorsk" skulde ein normalt tru dei meinte nynorsk basert på talemålet åt dei som skriv nynorsk. Det var i alle fall ingen grunn til å gå utanum gjeldande rettskriving med ulovlege former som "Norge" når dei enno ikkje hadde utnytta potensialet i dagsens nynorsk til å skriva talemålsnært med lovlege former.

Til motleggi mine svara Sunnmørsposten:

"Eg noterer meg synspunkta dine. Vi er nøye med å passe på at folk frå nynorskkommunar blir intervjua på nynorsk, men vi har ikkje tidlegare fått reaksjonar på at me blir retta til vi. Vi har ikkje forbod mot å bruke formene du nemner -bortsett frå Noreg..."

Um nokon vil sitera oss høgnorskarar på bokmålsnær nynorsk, eller reinhekla bokmål for den saks skuld, so legg me oss ikkje upp i det. Me freistar å skriva so god nynorsk at det vert mynsterdanande for andre, me hev ikkje tru på tvang som verkemiddel. Helder ikkje eg hadde reagert um journalisten som intervjua meg skreiv "vi" og det i artikkelen som stod på prent stod "vi". Poenget her var at journalisten som intervjua meg nytta konservativ nynorsk og redaksjonen "retta" det til bokmålsnær nynorsk. Um ein privat institusjon som Sunnmørsposten skal innføra ein eigen "sunnmørsnynorsk", so bør det i alle fall gjerast kjent slik at me fær eit offentleg ordskifte um det.

For framleis er det slik at mange trur at samnorsktidi er umme, og at det er ein fri målvokster i Noreg. Men i røyndi finst det store og tunge institusjonar som modererar og sensurerar dei som vil skriva godt norsk mål. Ikkje berre vert dagsens forfattarar pålagde av Det Norske Samlaget til å skriva mest mogleg bokmålsnær nynorsk, jamvel nyutgjevingar av nynorske klassikarar som "Haugtussa" vert umsette til "moderne nynorsk", og i næste umgang trur folk at originaltekstene var slik. Den klassiske mistydingi som me høgnorskarar gjerne støyter på, er at me ikkje hev heimel til å nytta ei form som "millom", for Ivar Aasen skreiv då "mellom bakkar og berg"! Men gjorde han verkeleg det?

Frå tidi mi som gymnasiast hugsar eg at dei nynorske parallellutgåvone av lærebøker frå bokmålsforlaget Gyldendal hadde eit tollegt godt mål, medan lærebøkene frå nynorskforlaget Samlaget var lagde so nært upp til bokmål som det var mogleg å få det. Den dårlegaste nynorsken kom frå nett dei som hadde til fyremål å få nynorsken fram.

Sams for desse store og tunge nynorskinstitusjonane er at dei tek i mot millionar i studnad frå staten som dei nyttar til å byggja upp fyrestellingar um at det i Noreg er språkfred og at den bokmålspåverknaden som breider seg ut i målføri er resultat av "naturleg utvikling". Til dømes kann språkrådsdirektøren gjera utspel um at engelsk er eit trugsmål mot det norske målet, men når bokmålet et svart um seg i målføri vert det burtforklåra kringum på nordiskinstitutti i Bergen og Oslo med "regionalisering" og "forenkling".

Ein må difor spyrja seg kva som fær ei regionalavis som Sunnmørsposten til å innføra si eigi private rettskriving, som ikkje berre grunnfester dei mest bokmålsnære formene i gjeldande rettskriving, men som jamvel gjeng hakket vidare og påbyr reine bokmålsformer. Kann det kort og godt vera av di altfor god nynorsk vilde utløysa krav um meir nynorsk?


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!