Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Chuck Norris - kampidrottsformidlaren

Av Lars Bjarne Marøy

Kven er eigenleg Chuck Norris? Dette spursmålet stelte eg meg etter at eg hadde lese biografien hans for stutt tid sidan. Eg spurde meg kva var det eg eigenleg visste um Chuck Norris. Svaret var i røyndi sers lite, men namnet hadde likevel brunne seg fast i meg. Dette spursmålet er det verdt å byrja med når ein skal skyna noko av kven denne mannen er.

Eg voks upp på 1970- og 1980-talet. Det var på den tidi då folk skaffa seg videoar og videoutleigebutikkane spratt upp både her og der. Marknaden for filmar vart større etter di ein fyrst kunde senda filmane på kinoane og dinæst senda ut ein video. Det er det eine som skal til for å forklåra noko av ovringi Chuck Norris. Det næste er karatesporten. Karate var ein idrott som dei fleste hadde vyrdnad for, og karateklubbar og andre kampsportklubbar var ei relativt ny ovring i Noreg på 1970-talet. Denne kombinasjonen kann forklåra noko av umdømet til Chuck Norris. Norris-filmane gjekk vel aldri noko serleg godt på kino, men på seine gutekveldar gjekk dei inn i ein 1980-talskultus til liks med motorsagmassakren, haisumar og ikkje minst Bruce Lee-filmane og noko seinare Rambo og Rocky-filmane. Soleis hadde namnet brunne seg fast i meg, då eg byrja å gå mannen nærare i saumane. Det interessante då er, lever mannen attum det heile upp til ventnadene um å vera eit godt fyredøme eller var han berre ein 1980-talsflopp som i røyndi ikkje fortener nokor større merksemd i dag?

Det fyrste ein må segja er vel at Norris neppe er noko fyrebilete for dei politisk korrekte. Dei vil gjerne stempla honom som ein Texas-cowboy med b-film- og b-kjendisstatus. Texas-mann er det mest ukorrekte ein kann vera, so etablerte forståsegpåarar kjem aldri til å vilja taka i Chuck Norris. Dertil kjem det at Chuck Norris er ein svoren konservativ som ikkje nøler med å segja si hjartans meining. Det vert ikkje betre av at han var og er ein solid støttespelar for Georg W. Bush, hatobjekt nummer ein i Europa. Og han er ikkje minst ein open og uredd kristen.

Dersom ein ser heilt nøkternt på det: kva er kjensgjerningane attum Chuck Norris? Kva hev han prestert for å verta kjendis? Han vart tidleg ein ihuga tilhengjar av kampidrott. Det var då han tenestegjorde i den amerikanske heren på slutten av 1950-talet. På 1960-talet vart han eigar av ei rad kampidrottsskular, der han underviste, samstundes som han sjølv var med i ei rad store tevlingar. Til slutt utmerka han seg slik at han vart verdsmeister seks år på rad. Det er ikkje nokor liti bragd i ein idrott som krev meir trening og uthald enn mange andre.

Norris vart tidleg kjend med den sogeumspunne Bruce Lee. På slutten av 1960-talet arbeidde Lee seg upp til å verta ein eineståande filmprodusent av kampidrottsfilmar. Lee trente beinhardt og arbeidde med film attåt. Scena der Bruce Lee og Chuck Norris slæst i filmen "Return of the dragon" hev vorte klassisk. Dei var båe sers upphengde i trening, og den fyrste gongen dei møttest hadde Norris vore på karatetevling og havt kampar i 11 timar, likevel heldt han fram å freista ulike kampteknikkar til klokka var fire um natti etterpå, saman med Bruce Lee.

Norris var med i "Return of the dragon" fyre han sjølv såg seg syn med å starta på ein filmkarriere. 20 år seinare, i 1992, hadde Norris yver 20 filmar attum seg. Då vart han spurd um å setja i gong ein fjernsynsserie, Walker Texas Ranger. Norris hadde liti tru på prosjektet i starten, men det synte seg å verta eit lukketreff. Serien hev kome ut i åtte sesongar og vart fyrst avslutta i 2001, då Norris vilde prioritera privatlivet. Walker Texas Ranger tek utgangspunkt i ein elitestyrkje av politifolk innanfor Texas. Desse elitepolitifolki er topptrente og hev jurisdiksjon yver alle andre politifolk, jamvel politisjefar. Når politiet stend makteslause, tilkallar dei rangerarane.

Karakteren Walker er son av eit blanda ektepar. Faren var fullblods indianar og mori kvit. Faren og mori vart drepne av rasistiske mordarar. Walker veks upp hjå ein av indianarane i stamma åt faren. Walker freistar i periodar å vera lojal mot indianarane i reservatet, men han er lite merkt av dette kringværet i det daglege, og denne tilknytingi vert veikare framgjenom serien.

Det som derimot ikkje vert veikare gjenom serien er den evna Walker hev til å taka harde og nådelause uppgjerder med skurkar. Serleg kjend er Chuck Norris for dei roterande hælsparki sine. Dei avsluttar dei fleste diskusjonar. Gong etter gong arresterar han kjeltringar som andre ikkje greider å få has på. I periodar driv han den eine statsadvokaten, som seinare vert kona hans, nærast til vanvit med alle arrestasjonane. For med kvar arrestasjon fylgjer det papirarbeid og di fleire det vert, di meir papirarbeid.

Den mest trufaste stydjespelaren hans Walker er James Triviette, partnaren hans. Triviette hev vore ein framifrå god amerikansk fotballspelar, fyre han lagde upp. Han er god til å samla informasjon og ein sterk og sers snøgg mann, men han hev derimot ikkje nokon tame i karate.

Kringværet i serien er farga av Dallas/Texas og både maten, kulturen og musikken i Texas kjem til sin rett. Serleg fascinerande er det til dømes når Triviette skal vera med og eta chilli-supa. Dei som hev smaka chilli kann få nokre tankar um korleis ei slik supa kann smaka.

Men denne stafasjen segjer ikkje noko um temai som serien tek upp, og det er det viktugaste. Chuck Norris er ein sers engasjert mann når det gjeld kampidrott, og når det gjeld å halda ungdom utanfor vanskar som vert skapte av til dømes narkotika. Han meiner at ungdom kan få sunde ideal gjenom å driva idrott og gjenom å få orden på livet sitt. Difor hev han gjort mykje med å byggja upp kampsportskular, men han fekk jamvel gjenomslag for å få kampsport inn i dei vanlege skulane. Gjenom prosjektet "Spenn narkotikaen ut or Amerika" hev han nådd tusundtals ungdomar.

Moralen i Texas Ranger er å halda uppe familieverdiar og å skapa eit lovlydig samfund. For dei som hev sèt nokre episodar av serien er det vandt å skyna korleis nokre fjernsynsvertar i prateprogram på amerikanske fjernsynsstasjonar kann framstella Walker Texas Ranger som ein valdeleg serie. Som Chuck Norris segjer: Det er berre bruka vald når det ikkje finst andre alternativ. Eller som det heiter i ein annan klassisk film frå 1980-talet: Karate er berre til verjemål.

Gjenom Walker Texas Ranger fekk Norris mange gonger tematisert korleis narkotikaen trengjer seg inn og øydelegg ungdomsmiljøet medan idrotten kann vera ein veg vidare. Han syner vanskane med å brjota ut frå eit kriminelt kringvære og korleis ein må lata einskildmenneski sjølve få vali millom kriminalitet eller å skapa seg eit lovlydig tilvære. Walker hjelper ikkje berre ungdomar, men jamvel vaksne med å koma ut or den kriminelle laupebanen. Ein gong forsvarar han ein tidlegare kriminell som vert truga til å gjera lovbrot for tilsynsverjen sin.

Dei som hev vore med på programmet "Spenn narkotikaen ut or Amerika" hev i mange tilfelle lukkast sers godt og kome attende til Norris-skeidene som kampidrottsinstruktørar. Og det er som kampidrottsinstruktør Norris hev markert seg mest sjølv òg. Han hev ein imponerande karriere. Han hev vore instruktør i det amerikanske herstellet, for sers framgangsrike utøvarar og for kjendisar som hev ynskt å læra seg forsvarsteknikkar anten til bruk på film eller til sjølvforsvar. Dei økonomiske utbjodingane hev sume tider vore større enn utbjodingane med kamptreningi, men Norris hev jamnast vore viljug til å gjera store innsatsar for å lukkast og hev greidt seg. Norris er i dag 67 år, men det er lite som skulde tyda på at han er so gamal. Han lever sers sundt, trener mykje og er småbarnsfar. For alt eg veit kann han koma til å finna på mykje som er verd merksemd i åri som kjem. Det er sant sagt vandslegt å sleppa Norris heilt or minnet. Han er definitivt ingen 1980-talsflopp. Han hev vore altfor hardtarbeidande på 1990-talet. Ingen lagar ein fjernsynsserie yver åtte år utan at dei hev noko å fara med. Engasjementet for at andre menneske skal liva meiningsfulle og vellukka liv er òg noko som skil Norris frå mange andre kjendisar.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!