Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Askeland festar grepet - innfører gubbevelde i Vestmannafondet

Av Lars Bjarne Marøy

Fondsgjevaren som stend attum Vestmannafondet løyste Lars Bjarne Marøy frå umbodet som styresmann i fondet. Det var Marøy sjølv som bad um det. Marøy skriv her um korleis han ser på utviklingi i høgnorskrørsla dei seinaste åri. Red.

Eg hev tidlegare vore innum ymse sidor av striden i høgnorskrørsla. Det er no gjenge so pass lang tid at det heile hev byrja å koma på fråstand, og det kann verta høve til å studera nærare kva som hender i notidi og kvifor det gjekk som det gjekk i fortidi.

Kampen um Vestmannalaget

Den som skal finna ut kva som skjer i høgnorskrørsla i dag, må studera korleis Jon Askeland kom til makti i høgnorskrørsla. Då Askeland vart vald til formann i Vestmannalaget i 2001, var det berre èi røyst det stod på at han ikkje hadde fenge eit styre med alle fire styresmennene imot seg. På årsmøtet kom det sitjande styret med framlegg til både arbeidsprogram og budsjett for laget, men alt dette sa tilhengjarane åt det nye styret nei til (med den grunngjevingi at dei ikkje kunde sjå eit heilt år fram i tid). I staden sette det nye styret etter årsmøtet i gang ein prosess der dei vilde kasta redaktøren for det målpolitiske tidskriftet Vestmannen og skjera utgjevingsruta ned frå 10 til 6 nummer i året.

I 2002 vart det halde eit årsmøte som for lang tid vert hugsa som det mest folkerike og umstridde møtet i Vestmannalaget si soga. Det var kome unge målfolk frå heile landet, men med klår hovudvekt frå Vestlandet og bergensdistriktet. Alle var medvitne målfolk. Samla sèt talde dei litt under 50, men berre 34 fekk røysterett. Dei nye medlemene viste til dokumentasjon på at dei hadde svara årspengar i god tid fyre årsmøtet, men vart nekta røysterett av di dei ikkje hadde vorte “godkjende” av styret. Samstundes vart det gjort vitneobservasjonar på at personar som stod på Askeland si sida i striden, men som enno ikkje hadde svara årspengar til styret, vart godkjende på staden som nye medlemer i laget.

Berga av Bodoni Hus

I ettertid vart det spurt etter yversyn yver medlemslista i laget, serleg sidan det gjekk ord um at det var nokre av dei som var til stades som ikkje ein gong var klår yver at det var eit mållagsmøte dei var på. Millom anna vart det observert at Jo Gjerstad frå forlaget Bodoni Hus kom inn med minst èi gruppa som han plasserte samla i lokalet. Mistanken um at Bodoni Hus hadde havt ei sentral rolla under årsmøtet vart ikkje mindre etter at ein av styresmennene fekk vidaresendt ein epost med lista yver nyinnmelde i laget. I ein kommentar som neppe var tenkt for opposisjonen stod det: "Eg har ikkje teke med adressa til dei 18 siste, for det er BT og Bodonihus.”

Då den nye medlemslista vart kontrollert upp mot ei lista yver Bodonihus-tilsette på forlaget si heimesida, synte det seg at 14 av desse 18 nye medlemene var tilsette i Bodoni Hus. Jo Gjerstad sjølv var ikkje millom desse, sidan han alt var medlem frå fyrr av. At målsaki stod so sterkt i eit vanleg bergenstrykkeri, er nok nytt for dei fleste.

Under dei sentrale røystingane på årsmøtet var røystetali 58 for Askeland og 34 for opposisjonen. Frå den nye medlemslista kunde ein dessutan rekna ut at minst 13 frammøtte frå opposisjonen hadde vorte nekta røysterett. Då skal ein ikkje vera so flink med tal for å sjå at det var massemobiliseringi av tilsette frå Bodoni Hus, kombinert med røysterettsnekt for nyinnmelde opposisjonelle, som avgjorde utfallet av møtet.

Askelands forklåring på dette var at leidande folk i Vestmannalaget hadde fenge fyre seg at dei vilde tapa valet i Vestmannalaget utan ei motmobilisering til dei unge målmennene som kom: "Rett nok vart det - med god grunn - sett i gong ei mot-mobilisering millom målfolk og bypatriotar. Og ein av dei som fekk fleire med seg var Jo Gjerstad. Men han er ingen nykomar i Vestmannalaget, han er tvert-imot ein umtykt fyredragshaldar med lang fartstid, og hev dertil stor sans for dei bergenske kulturtradisjonar som laget er ein del av, og som Myrvoll berre talar nedsetjande um." (Bergens Tidende 23.05.2002)

I innlegget i Bergens Tidende ser me tydeleg kva det er som hev verde for Askeland. Ein skal ikkje vera nykomar i Vestmannalaget, og det er vel so viktig å vera bypatriot som å vera målmann.

På årsmøtet måtte Askeland gjera det heilt klårt for dei frammøtte at han vilde ha eit "reint styre". Dersom det ikkje vart eit reint styre, vilde han draga seg attende på fyrste stjornarmøte.

Striden held fram i Vestlandske Mållag

Kva var det so Askeland vilde med eit reint styre? Å få makti i Vestmannalaget var ikkje det siste steget, men snarare det fyrste på vegen mot full kontroll i heile den organiserte høgnorskrørsla. Pågangen vidare kom mot fylkeslaget Vestlandske Mållag. Askeland freista fyrst å pressa formannen i Vestlandske Mållag til å kalla inn til årsmøte i Bergen på berre nokre fåe vikors vikors varsel, stikk i strid med lagslovi. Då styret i laget svara med å kalla inn til årsmøte i Nordfjord på lovleg måte, vart det protestar frå Vestmannalaget som hævda at innkallingi inneheldt formelle feil og difor ikkje kunde godtakast.

"Vestmannalaget krev difor no at formann og styre ikkje set seg upp imot lovi og det som er vanleg lagsskikk og soleis kallar inn til årsmøte i Bergen", heitte det i eit brev av 8. juni 2002. Rett nok segjer lovi åt Vestlandske Mållag at årsmøtet skal haldast “ein stad på Vestlandet”, men Askeland-venene meinte at dei hadde sedvanerett til å krevja årsmøte i Bergen. Vekti vart beinast lagt på at det ikkje skulde gjerast noko nytt. Dessutan vart det slege fast at nye lokallag vilde dei ikkje vita av, jamvel um det i 10 år hadde vorte kravt frå dei same personane at det skulde skipast nye lag. Då det vart synleg for dei at nye lagi faktisk var sterke nok til å blokkera at Askeland-venene fekk yvertaka Vestlandske Mållag, vilde dei ikkje lenger vita av dei. Dei kunde ikkje godtaka eit årsmøte der utfallet ikkje var gjeve på fyrehand.

På hausten gjekk Jon Askeland saman med Ludvig Jerdal og Helga Mehl og sende ut rundskriv, som heitte seg å vera årsmøteinnkalling i Vestlandske Mållag. Dinæst vart det halde eit fraksjonsmøte som hevda å ha peika ut nytt styre i Vestlandske Mållag. Det neste året vart nytta til å retta skuldingar mot styret i Vestlandske Mållag. Styret såg ingen annan utveg enn å gå til rettslege steg fyre Askeland-venene gjorde det same (slik dei hadde truga med i brev til formannen i laget), og landssamskipnaden Ivar Aasen-sambandet slutta upp um styret.

Fronten mot Askeland sprekk

Etter årsmøtet i Vestmannalaget vart det gjort upptak til eit nytt blad på Aasen-mål, bladet Målmannen. Framtidi for bladet Vestmannen var på denne tidi heilt i det uvisse, og upptaksmennene hadde til intensjon at Målmannen kunde verta eit seriøst framhald av Vestmannen, med den same skarpe profilen som tidlegare.

Diverre synte det seg snart at det kom til ei ny kløyving i høgnorskmiljøet. Usemja gjekk millom anna på ålmennpolitikk, medlemsjukset i Norsk Målungdom og um korleis ein skulde løysa striden med Askeland-fraksjonen.

Striden kring Vestlandske Mållag vilde avgjera kven som kom til å sitja med den største pengekjelda i høgnorskrørsla, Halldor O. Opedals fond for målreising og måldyrking. Men årsmøtet i Høgnorskringen i 2003 gjorde det klårt at det ikkje fanst nokor samlande og seriøs leiding som var interessert i å vinna fraksjonsstriden mot Askeland. Tvert um var det større interessa for å gå ut i ein ny konflikt med dei personane som stod attum bladet Målmannen. I ein slik situasjon var det einaste kloke å gjera å draga seg ut or striden med Askeland. På nokre fåe dagar vart det gjort eit forlik med Askeland-fraksjonen som innebar at det sitjande styret i Vestlandske Mållag kalla inn til årsmøte i laget i februar 2004. Der fekk Askelands marionett, Kjell Kjerland, yvertaka formannsgjerningi. Etter den tid hev me ikkje høyrt noko meir frå Vestlandske Mållag, burtsèt frå at me hev skyna at laget ikkje lenger hev ein sjølvstendig økonomi og at laget hev fenge ny styresmann i Halldor O. Opedals fond og hev valt ny styresmann i Vestmannafondet. Laget hev soleis vorte redusert til å vera røystekrøter i pengefond.

Når det galdt landssamskipnaden, Ivar Aasen-sambandet, var det klårt at han laut vera av underordna interessa for Askeland som alt hadde tryggja seg fleirtal i Opedalsfondet. Askeland-fraksjonen valde likevel å gå saman med det nye styret i Høgnorskringen um å kalla inn til årsmøte på eigi hand, i strid med styrefleirtalet og med ei innkalling som difor er for ein nullitet å rekna. Grunngjevingi som Askeland kom med for å gjera dette var millom anna at det sitjande styrefleirtalet, som det siste året hadde teke den pårøyningi det var å stå fram i ålmenta og vitna mot dei medlemsjukstiltala i Norsk Målungdom, etter Askeland sitt syn “nyttar alle høve i det offentlege ordskiftet til å mistenkjeleggjera andre målfolk.”

Det sitjande styret i Ivar Aasen-sambandet skyna at det ikkje var vits i å gjera nokon freistnad på å få til eit nytt lovleg styre og la difor ned Ivar-Aasen-sambandet. Laget eksisterar no berre som eit papirlag av di Brønnøysundregisteret vil halda seg til innrapporterte upplysningar frå den gamle kontaktpersonen, og ikkje til røyndomen, som er at laget er nedlagt.

Det er elles verd å merka seg at Askeland hev tryggja seg at Vestmannalaget hev vorte hovudeigar i Norsk Bokreidingslag. Det greidde han gjenom å hindra den største luteigaren, Vestlandske Mållag, å møta på årsmøte i laget, midt under striden med fraksjonen i laget. Grunngjevingi var at det var strid um kven som var lovleg styre. Ja, hovudmannen attum den striden var den same som var involvert i å kalla inn til årsmøte i Norsk Bokreidingslag. Litt av eit hell, ein skulde mest tru det var planlagt.

Koplingar til Vestmannafondet

Kunde me so ikkje lata alt dette gamle liggja? I og for seg kunde me det. Eg hev ingi interessa av å engasjera meg i årelange lagsstridar eller av å sitja i pengefond. Men dei prinsipielle sidone ved sume saker kann vera interessante. No seinast når Askeland-fraksjonen hev sett saman nytt styre i Vestmannafondet. Styret er sett i hop av folk som i gjenomsnittsalder for styresmenn og varamenn ligg kring 70 år for Vestmannalaget, Vestlandske Mållag og Norsk Bokreidingslag. Ein skal sanneleg ikkje vera nykomar når ein er vestmann, heller bypatriot.

Ein av attergangarane som kjem inn i fondet er kjend som rekneskapsførar for andre målsamskipnader og fond. Vedkomande var millom anna rekneskapsførar for eit fond der eg var styresmann, men vilde ikkje draga seg attende som rekneskapsførar då styret vedtok å løysa honom frå dette umbodet. På spursmål um kva slags tilknyting han hadde til fondet, hævda han måtte reknast som tilsett i fondet med di han hadde ført rekneskapane i mange år. Det gjekk likevel klårt fram or rekneskapane at desse hadde vorte førde på vegner av eit firma som han sjølv dreiv, og Kredittilsynet slo fast for fondsstyret at vedkomande ikkje hadde høve til å føra rekneskap i næring. Dersom det var firmaet hans som førde rekneskapane, hadde han gjort seg skuldig i lovbrot. Det var helder ikkje svara skatt av inntektene frå rekneskapsføringi, so ein kann ikkje anna enn å rekna det heile for lovløysa.

Men formalitetar treng ikkje alltid å vera so nøgje i friviljugt organisasjonsarbeid, vil kannhenda sume segja. Verre var det vel like fullt at det var uklårt korleis den økonomiske stoda til fondet var so lenge styreformannen i fondet ikkje fekk tilgang til rekneskapsvedleggi. Dette av di rekneskapsføraren nekta å gjeva dei frå seg sidan han rekna seg som personleg tilsett i fondet og difor skulde ha eit halvt års uppsegjingstid. Verre var det vel òg at ein stor sum pengar var lånte ut til eit anna fond som den same rekneskapsføraren var andsvarleg for, og det utan dokumentasjon, gjeldsbrev eller liknande. Dette fann me ut då rekneskapsføraren endeleg gav frå seg rekneskapsvedleggi til fondet etter eit halvt år.

Eg hugsar elles ei av samtalone eg hadde med vedkomande etter eit styremøte. Eg hadde upplyst nokre som hadde fenge pengar frå fondet at dei hadde fenge pengar. Det skulde eg ikkje gjera, sa rekneskapsstyraren, for det skulde koma melding frå fondet um at dei hadde fenge pengar. - Ja, sa eg, men dette var eit halvt år etterpå. - Dei skulde ikkje få slike meldingar fyre ein såg um det vart noko ut av prosjektet deira, heldt han fram. - Jau, men for mange er det heilt avgjerande um dei fær melding um at dei hev fenge pengar. Um dei ikkje fær slik melding, so greider dei kannhenda ikkje å fullføra prosjektet. Eg fekk aldri noko svar på den siste kommentaren.

I den rørsla som Askeland styrer er slike folk heidersmenner, saman med bypatriotar og andre gamle karar og konor. I Vestmannalaget vil han ikkje ha nokon nykomarar. Personleg reknar eg meg ikkje for nokon nykomar i Vestmannalaget. Eg hev site lenger i stjorni enn Jon Askeland og er fødd og uppvaksen i Bergen og heiar på Brann, men eg talar diverre nynorsk og er ikkje samd med Askeland-fraksjonen i eitt og alt, so då er det lite ein kann gjera for å blidka slike folk. Eg vil nytta høvet til å takka fondsgjevaren attum Vestmannafondet for at han løyste meg frå umbodet som styresmann i fondet. Eg vonar dette er siste gongen eg må sitja i målumbod med dei aldersstigne Askeland-venene.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!