Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Fragment

Av Jan Hårstad

Etter at den politiske aktivisten Victor Serge slapp ut or det sovjetiske GULAG i 1936, tok han til å publisera bøker og bladstykkje um korleides det ut frå dei rike røynslone hans stod til i Sovjetunionen. Det førde naturleg nok til at han vart trakassert og forfylgd på det verste av dei progressive organisasjonane som rådde grunnen i Vesten i samtidi.

Grunnen til dette var at Serge sine analysar ikke stemde med dei modellane for røyndomsuppfatning som det sjølvutnemnde "Venstre" forsvara og stod for. I dag herskar det ingen dissens um at bøkene hans Victor Serge frå 30-åri hev eit høgt og nær sagt uppsiktsvekkjande sanningsinnhald.

Det aktuelle problemet i dag er, som eg ser det, at dei progressive og det sjølvutnemnde "Vinstre" hev laga seg nye mytiske fyrestellingar um samtidi og hev etablert ein type tanketerrorisme. Me kann kalla det dei Politiske Korrekte sitt diktatur og i større eller mindre mun herskar dette diktaturet i alle sentrale norske media. Eit politisk ordskifte i norskt TV gjeng ut på å samla i hop nokre tryggjingsklarerte representantar frå landsens politiske nomenklatur for at desse skal syta for at det ikkje kjem upp nokre sprikkar i konsensusen - sprikkar som alternative innsyner kunde stikka seg fram i. Mekanismane i det norske samfundet er difor slik at ingen dissent hev ein sjans til å stå fram i offisielle norske media.

No hev eg i etter måten mange år alt hævda at me stend på trappi til den tridje heimskrigen, medan regjeringi Stoltenberg leverar kronikkar um at verdi gjeng frametter mot fred og velstand. Etter å ha gjeve upp arbeidarklassen, hev det sjølvutnemnde "Vinstre" i Klassekampen funne ut at muslimsk fundamentalisme, representert ved Hizballah og Hamas, er anti-imperialistiske saker og dimed fortener gratulasjonstelegram og stydjande kronikkar. Dei som set spyrjeteikn ved dette risikerar å verta stempla med alt frå Adolf Hitler til Carl I.Hagen.

Det segjer seg sjølv at med eit slikt grunnleggjande huglag er ein ikkje det minste huga på å studera soga um korkje Islam eller moderne islamistisk teori slik han vart dyrka fram av Hassan al-Banna, Sayyid Mawdudi, Aytollah Khomeini og Sayyid Qutb. Endå um desse gubbane svarar til Marx, Engels, Lenin osb innan marxismen, finn ein sjeldan eller aldri artiklar um desse i dei kringværi som talar for islamsk fundamentalisme.

Pressa av USA vert no Noreg i stigande mun ein komponent i Vestens militære styrkar som ligg i krig med islamske mujahedin, som i Libanon og Afghanistan. Dette fører med seg ein lavine av kronikkskriving frå sosialdemokratiske og offisielle forskningsfolk som hev det sams at tankeprodukti aldri flytter seg utanfor Vesten og dei korrekte sitt råmeverk.

Me skal taka nokre fragment: eit nyleg frigjeve dokument frå Zbigniew Brzezinski 3 juli 1979 gjeng slik: "President Carter hev i løynd løyvt 500 millionar dollar for å skapa ei internasjonal terrorist-rørsla som vil breida ut islamsk fundamentalisme i Sentral-Asia for å setja Sovjetunionen ut or lage." Dette vart kalla Operation Cyclone og bringa fram Osama bin Laden og kom til å kosta 4 milliardar dollar. Pengane vart nytta til å laga islamske treningslægjer i Pakistan. Sume vart sende til CIA sitt treningslægjer i Virginia der morgondagens Al-Qaida gjekk i skule. Nokre vart rekrutterte i USA. I Pakistan vart dei leidde av engelske MI6 og trente av SAS.

So seint som i 1995, under Balkankrigane, organiserte Bill Clinton det slik at det globale Jihad vart ført inn i Bosnia og Kosovo som amerikanske leigesoldatar og samarbeid med både Iran, Tyrkia og Saudi-Arabia (Kohlmann:Al-Qaidas Jihad in Europe, Berg 2004).

Me kann segja det slik at visse hendingar kring Balkankrigane gjorde at kjærleikstilhøvet millom det globale Jihad og USA byrja å kolna og gjekk yver til fiendskap og krig med ambassadebombing i Afrika nokre år seinare.

Her melder det store gåtefulle spursmålet seg: Kven finansierar og styd det globale Jihad idag? Kven stod eigenleg attum 11. september 2001 i New York? All forsking um terrororganisasjonar i moderne tid syner at dei til vanleg er knytte upp til statlege njosnarlag (etterretningstenestor) og statleg infrastruktur og vert finansierte derifrå.

23. februar 1998 gjorde Osama bin Laden upptak til skipingi av The International Islamic Front for Jihad on the Jews and Crusaders. Dette er ei ov-viktug hending som ingen norske afghankronikkskrivarar tek i. Det inneber at pakistanske organisasjonar som var både femti og seksti år gamle med hundradtusundtals tilhengjarar gjekk inn som medlemer i denne globale fronten og gav studnad til Taliban. Inni den pakistanske staten, som har ei islamsk statsforfatning, fanst det nok av sympatisørar og vener i både herstellet og i det vidgjetne njosnarstellet (etterretningi) - jamvel pakistanske atomfysikarar var sympatiske til Al-Qaida-Taliban. Når ein tek med i reknestykkjet at Gamal-Taliban vart kasta ut or Afghanistan i 2001, er det heilt uppsiktsvekkjande at dei våren 2006 fær NATO heilt ut or lage militært.

Korleides skal ein forklåra dette? Den norske måten er å bruka ein slags heimstad-lære-analyse der ein ikkje tek utgangspunkt i dei endra styrketilhøvi i verdspolitikken, men i saumfaring av lokale særdrag millom stammar på landsbygdi i Afghanistan. Eg hev ingen motlegg til det siste, so sant ein ikkje misser storperspektivet.

I den tidi me her talar um, hev Russland og Kina gjenge saman um ein militær allianse og hev fenge tilslutnad av ei rad statar i Sentral-Asia som vil ha USA ut frå umrådi med olje- og gasskjeldor. Russland er i dag den aller største våpenleverandøren til landi i den tridje verdi og når Iran i dag er ei slik militær supermakt, er det takk vere levering og hjelp frå Nord-Korea, Kina og Russland.

Den gongen det gamle Taliban hadde makti i Afghanistan,var det fyrst og fremst Kina som sytte for den tekniske oppbyggjingi av landet og ikkje minst på den militære fronten med et signalsystem tufta på avanserte fiberoptiske teknikkar. Nett det same systemet som Hizballah hadde i Sud-Libanon. Då amerikanarane tok seg inn i holor og militærlægjer i 2001, vart dei direkte sjokkerte yver kor mange fine kinesiskproduserte våpen dei fann. Millom anna mange SA-7-missil av nett det slaget ein freista skyta ned eit israelsk fly med i Kenya.

Det machiavelliske med pakistansk politikk er at Pakistan grunnleggjande er ein solid alliert med Kina, medan dei på same tidi freistar å halda venskap med USA for skuld våpenteknologi og investeringar.

Det var difor eit sjokk for USA at Pakistan i september gjorde avtala med Taliban-Qaida um ei slags intern våpenkvild: det globale Jihad skulde få byggja upp ein Sharia-basert stat på grensa til Afghanistan, Waziristan, mot at dei avstod frå terror mot det pakistanske regimet.

Den store diktaren Borges bruka formuleringi "the centrality of margins". Vel,sentraliteten i dag er emiratet Waziristan som er hovudkvarteret for det globale Jihad, med andre ord 1998-fronten mot jødar og krossfararar. Taliban er ikke berre sett i hop av afghanarar, det finst eit større pakistansk Taliban, og det finst uzbekarar,arabarar og tsjetsjenarar displinerte på plass i kampsonone.

Det vekte stor åtgaum at Russland på eit tidleg tidspunkt gjekk ut og slo ring um palestinske Hamas som er ei deild i det globale pan-islamske Muslim Brotherhood. Vituge Arabiske analytikarar såg på denne handlingi som eit signal um at Russland tok på seg ei vernarrolla for den muslimske verdi mot Vestens imperialisme. På same tid gjorde Kina det klårt at dei vilde auka investeringane sine i Iran med milliardar av dollar og byggja ei røyrleidning gjenom Pakistan/Afghanistan til Iran. Når det gjeld dei kinesiske framstøytane mot energien i Arabia og Afrika, må ein kunna segja at Iran hev vorte det sentrale fundamentet deira.

På den palestinske arenaen - der det nær sagt er borgarkrig millom partane - ser me at Hamas heilt ope hev gjenge inn i aksen Iran, Syria og Hizballah. Alle våpentypar og røynslor frå siste krig i Libanon vert yverførde til ikkje berre Palestina,men jamvel Irak, Afghanistan og Somalia. Militære ekspertar frå desse landi fyk millom kampsonone med siste nytt innan krigføring.

Det globale Jihad godtek ingen nasjonalstatar, det som eksisterar er den muslimske Ummah som fører krig mot dei vantru, dekadente og ufine. "Alt som umgjev oss er Jahiliyya", skreiv Qutb.

Det globale Jihad bur seg på ein D-dag mot Israel der alle komponentar er med og vert synkroniserte ut frå potensialet sitt. Dette veit den israelske militærstaben, må vita, og bur seg som vanleg til å vera lengst framme i krigføringi. Ein storkrig av historiske dimensjonar ligg i korti.

Det store spursmålet som me ikkje kjenner svaret på er: I kor stor mun er dei tvo uppetterstigande supermaktene Russland og Kina bakspelarar på dei ulike krigsscenone der det globale Jihad vert konfrontert med NATO-styrkar?

Slik som dagsens styrketilhøve er i verdspolitikken hev ikkje USA/NATO nokon som helst slags sjanse til å vinna, korkje i Afghanistan eller Irak.

Jan Hårstad er skodespelar og mangeårig skribent i avisor som Klassekampen og Friheten.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!