Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Framifrå yversyn yver Jugoslavias historie

Av Lars Bjarne Marøy

Eg hev lenge vore på jakt etter ei bok som kunde gjeva ei samla, yversynleg og kritisk framstelling av islams inntog og utgang av Europa og av situasjonen på Balkan og bakgrunnen for krigen/krigane i Jugoslavia. Eg hugsar hausten 1989 godt. Det var den hausten då Berlinmuren fall. Me kunde fylgja med på at det eine Aust- og Sentral-Europeiske landet etter det andre gjekk gjenom reformer, men sume konfliktar og utviklingsdrag var ikkje like gode å skyna. På denne tidi såg me ikkje kva kraft som låg i nasjonalismen og religionen. Det var ikkje berre eg, men mange journalistar, universitetsfolk, politkarar og statsmenn som ikkje forstod at det kunde uppstå ein brutal og grufull krig i Europa. Det var slikt som me hadde høyrt um frå andre delar av verdi og som me visste um frå den andre verdskrigen, men ikkje noko som kunde henda i ei sivilisert verd.

Den norske forskaren Svein Mønnesland hev skrive ein del um konfliktane på Balkan. Eg hev ikkje lese Mønnesland, men då eg var i Sverike i sumar kom eg yver ei bok av Sanimir Resic. Sanimir Resic er lektor på "Institutionen för Öst- och Centraleuropastudier" ved Lunds universitet. Han er fødd i Kroatia, og har ei italiensk-kroatisk mor og ein bosnisk far. Dei reiste frå Jugoslavia på 1960-talet, og forfattaren voks upp i Sverike.

Boki til Resic heiter: En historia om Balkan. Boki er grundig, jamvektug og etter måten lett å nytta som uppslagsbok. Det er det svenske forlaget, Historiska media, som er utgjevar. Dei hev gjeve ut sers mange gode historiebøker og denne skriv seg inn i rekkja yver dei fremste etter mitt syn.

Sanimir Resic tek til i antikken og sluttar i 1991, med Jugoslavias kollaps og med sjølvstendefråsegnene frå Slovenia og Kroatia. Resic gjev forklaringar på korleis Jugoslavia vart skapa og til slutt gjekk under. Forfattaren skildrar hendingar, prosessar og personar som hev vore tonegjevande gjenom soga. Han gjeng igjenom dei historiska slitningane millon folkegruppor, som vert nytta i konfliktane i notidi.

Situasjonen på Balkan er interessant av fleire årsaker. Fyrst og fremst heng det saman med at situasjonen på Balkan lærer oss sers mykje um tilhøve millom den kristne og den muslimske delen av verdi. Her må ein vera årvaken og ikkje lata seg dåra av romantiske sogeframstellingar. Eg hev lenge vore skeptisk til lærebøker som meiner samanbrotet til romerriket fører oss inn i den myrke millomalderen i Europa, medan den islamske verdi blømde og tok vare på den antikke kulturarven. Det er nesten som um at alt som skjedde fyre 1453 var at kyrkja la ei klam hand yver Europa. Deretter slapp kyrkja taket, medan Europa utvikla seg ovleg med kolonialisme og verdsherredøme på grunn av uppdagingane av 1000 års islamsk vidareforedling av den greske kulturarven. Historikarane veit at dette er onnorleis, og det finst grensor for kor mykje ein i røyndi kann skriva um historia, men dreiingi i sogeskrivingi vert so tendensiøs at det er nesten slik soga stend fram for skuleelevar og naive og kunnskapslause lekmenn. Det er utan tvil antikristendom, multikulturalisme og gamaldags forkvakla sosialisme som fører ein inn i slike villeidingar.

Når ein ser burt frå nokre vidareutviklingar innanfor sume realfag som skjedde innanfor den arabisktalande verdi og som for alt me veit vart gjorde trass i islam heller enn på grunn av islam, er det lite originalt ved islam, iallfall fåe ting som kann forklåra kvifor Europa hadde suksess som leidande verdsdel frå umlag 1500-talet og framyver. Dei som vil argumentera for eit brot i europeisk soga kann syna til dei store uppdagingane og framgang for vitskap og revolusjonen innanfor bokprentingi, men dette er neppe eineståande, framleis var klosterstellet, universiteti og kunsten m.m sterkt prega av kristendomen som den hadde vore gjenom heile millomalderen. Det var burtfallet av den islamske koloniherren som gjorde at Spania og Portugal kunde byrja å utforska ulike sjørutor og som førde til at kristne europearar fann sjøvegen kring Afrika og uppdaga Amerika. Nokon yversjøisk ekspansjonstrong fanst tydelegvis ikkje innanfor islam.

Det er rett at greskkunnskapane gjekk sterkt attende i Europa i millomalderen og at mange greske bøker var gløymde, men dei fanst, sume i latinske umsetjingar. Det vert misvisande å segja at islam tok vare på denne kulturarven. Det kann vera sant nok at islam førde til ei einsretting av språkbruken. Dei aller fleste landi i Midt-Austen tok heller snøgt til å nytta arabisk. I den grad arabisken ikkje berre fortrengde gresken som yverordna språk, førde kannhenda det arabiske målet til at nye kulturimpulsar vann fram til fleire folkegruppor som vart arabisktalande.

Det er likevel liten tvil um at det kristne Bysants var den leidande staden for greskstudium og bruken av gresk mål. Det kristne Bysants tok vare på den greske kulturarven. Denne arven gjekk meir og meir tapt i den islamske verdi. Då greskkunnige folk i Bysants såg fyre seg at det var ufråkomeleg at det vilde koma ein muslimsk invasjon, flykta dei til vesten. Då Bysants fall i 1453 var alt mange greskkunnige komne vel fram til det kristne Europa. Dei hadde fenge berga mange klassiske verk som elles kunde ha kvorve. Det er klårt at desse personane må ha kveikt interessa for gresk-studium i dei italienske bystatane og etterkvart i heile Europa, men det var ikkje gjenom islam, men gjenom kristendomen at det vart slik.

Balkan under islamske imperialistar

Balkan vart hersett fyre Bysants vart okkupert. Alt frå 1300 og 1400-talet byrjar det osmanske riket å interessera seg for umråde på Balkan og byrjar å koma vestyver. Slaget ved Kosovo-sletta i 1389 hev vorte klassisk. Resic peikar på at serbarane hev yverdrive den rolla dei sjølve spela i dette slaget. Serbarane spela ei sentral rolla. Den fleirnasjonale styrkjen som stod upp mot tyrkarane var nok vel so mykje ei kraftsamling frå det kristne Sør-Aust-Europa. Slaget førde med seg at båe partar hadde store tap og at dei båe laut trekkja seg attende. Um serbarane berga Europa frå tyrkarane, slik dei hevdar, fær me naturlegvis aldri vita, men det er lite truleg, kor som er, slaget var nok med på å slå fast at Balkan hadde ei rolla som buffer for Europa, slik sett skal ein heller ikkje undervurdera slaget. Bufferrolla gjeng att i andre samanhengar.

Det er iallfall liten tvil um at serbarane var so sterkt veikte at osmanarane kunde trengja seg vidare etter kort tid. Inntil dei møtte mongolinvasjonane tidleg på 1400-talet. Frå 1402 til umlag 1450 var mongolane på frammarsj og osmanarane hadde lite å stella upp med, men mongolinvasjonen tok slutt og osmanarane vende seg på nytt mot vest. Fram til 1450 hadde dei gjort landinvasjonar. Dei hadde i praksis kontroll yver alt land kring Konstantinopel. Byen hadde greidt å kringgjera seg og hadde høve til å få inn troppar via sjøvegen, der osmanarane tradisjonelt sett ikkje hadde havt noko å stella upp med. Men kring midten av 1400-talet var osmanarane i ferd med å byggja seg upp ein flåte som i hovudsak bygde på sjøfolk frå Hellas som dei hadde teke kontrollen yver.

Katolikkar og ortodokse greidde ikkje å samla seg um å slå attende osmarane og denne kyrkjekløyvingi gjorde nok at osmanarane kom lenger enn dei elles hadde trunge å gjera. Dei ortodokse hadde vorte utsette for ei stygg plundring av Konstantinopel i samband med ei samling av krosstogsfarar i 1204. Dette var noko som vart hugsa tilliks med andre motsetnader. Etterkvart som Konstantinopel vart meir og meir umlægra og veikara og veikare vart det uråd å berga byen. Osmanarane kunde gå inn i byen utan store kostnader

Dette markerte etterkvart òg ein fåre for handelskontrollen. Det hadde vore tungvint å frakta varor frå Asia av di dei fleste rutone var kontrollerte av ikkje-kristne statar og av di landevegsrøvarar plundra dei småe fraktone som kunde takast yver landevegen. No var det ikkje lettare ettersom Konstantinopel fall og osmanarane fekk festa grepet kring Aust-Europa.

Islam på sitt verste

Osmanarane hev kontroll yver Balkan ved inngangen til 1500-talet. På 1520 og 1530-talet kjem dei fyrste harde framstøytane mot Ungarn og Austerrike. På denne tidi var dei kristne absurd nok meste upptekne av å føra interne stridar. Protestantar og katolikkar samlar seg likevel til slutt i striden mot osmanarane, trass i harde åtak, må osmanarane gjera vendereis.

På 1500-talet trengde tyrkarane seg heilt fram til Kroatia og i 1590-åri kontrollerte Kroatia einast umrådet kring Zagreb og garnisonsbyane Karlovac og Varazdin.

Den siste ålvorlege motsetnaden millom osmanarane og habsburgarane gjeng fyre seg på slutten av 1600-talet. Etter dette gjev osmarane upp å trengja seg fram mot Ungarn og Austerrike, men hev framleis kontroll yver Balkan.

I dei umrådi som muslimane kontrollerte på Balkan vart folket umtala med uttrykk som tydde folkemasse. Berre muslimar kunde eiga jord og bera våpen. Dei som ikkje var muslimar fekk bruka jordi som andre åtte og betala skatt til statthaldarane i dei ulike provinsane som førde pengane vidare til sultanen i Istanbul. Dei som ikkje var muslimar fekk ikkje kleda seg i den grøne fargen som var heilag og måtta stiga av hesten um dei møtte ein muslim. Kristne kyrkjor fekk ikkje vera høgare enn moskear og kristne fekk ikkje vera garvarar, for det var profetens yrkje. Det var både mantalsskattleggjing og ekstra skattleggjing, den sokalla blodskatten, av kristne bønder. Muslimane slapp undan denne skatten.

Tyrkarane hadde ein ovstygg måte å byggja upp heren og viktige administrative verv på. Dei reiste rundt på Balkan og tok med seg emnelege kristne gutar. Desse gutane vart tvangsislamiserte og uppfostra på eigne upplæringsstader. Dei fekk berre ha kontakt med kvarandre og vart hardt disiplinerte. Det var veldig sjeldsynt at desse gutane braut ut og rømde, men i nokre einstaka høve nytta dei posisjonen sin til fyremun for heimlandet og huslyden sin.

Grekarane var gode sjøfolk og dei utgjorde ein stor del av den osmanske flåten. Dei hadde stor fridom, men var òg lojale mot det osmanske regimet.

Det ottomanske imperiet stod på høgdi av si makt tidleg på 1700-talet. Då hadde det kontroll yver heile Balkanhalvøyi, sentrale delar av Ungarn, Ukraina, kysten ved svartehavet, dei arabiske landi i Midt-Austen og mesteparten av den afrikanske kysten langs middelhavet.

Kristen sjølvhevding

På 1800-talet frigjorde Austerrike Ungarn og russarane avanserte sudyver kring båe sidor av svartehavet. Serbia og Egypt vart meir og meir autonome, og osmanarane laut gjeva slepp på Hellas i 1829. Dei nasjonalistiske rørslone på Balkan var sterke. I Serbia gjorde bøndene uppreist mot medlemer av Janitsjarheren som tok kontroll og førde eit terrorregime. Fleire slutta seg til uppreisten og i 1805 søkte Serbia sultanen i Istanbul um sjølvstende. Det vart avslege. Då voks uppreisten til ein sjølvstendestrid. I 1807 greidde serbarane å vinna fram i sentrale delar av Serbia og russarane rykkte inn til studnad. Russarane vart pressa til å slutta fred med osmanarane på grunn av krigstrugsmålet frå Napoleon i 1812. Dei serbiske uppreistmennene fekk amnesti, men Serbia gjekk attende til osmanarane. Osmanarane hemnde seg på serbarane med å brenna byar og selja kvinnor og born som slavar på marknaden i Beograd. Serbarane fekk sjølvstyre innanfor eit avgrensa umråde i 1815 av di osmanarane var redde for russarane.

Men russarane var krigstrøytte etter krigen med Napoleon, og det skjedde ikkje mykje i den fyrste tidi etter dette. Serbarane uppnådde status som sjølvstyrd fyrstedøme i 1829.

Russland var lite nøgd med at 13 millionar ortodokse kristne levde innanfor det osmanske riket. Russland hadde havt framgang med å trengja osmanarane attende, og difor venta dei seg at det skulde lukkast å trengja seg vidare ned til Istanbul og knekkja det osmanske riket. Dette var noko England frykta, for dersom Russland skulde trengja gjenom til Istanbul, vilde det skipla den europeiske maktjamvekti. Under krimkrigen frå 1853 til 1856 vart Russland stogga då britane og franskmennene kom osmanarane til hjelp. Det gjorde at "Europas sjuke mann", som Tsar Nikolai hadde kalla osmanarane, kunde halta vidare. Det skulde fyrst verta etter 1. verdskrigen at arveuppgjerdi etter osmanarane kunde taka til.

Men på Balkan var ikkje nokon huga på å venta på at den sjuke mannen skulde døy. Dei vilde tvert um taka seg fram so godt som råd her og no. Serbarane hadde uppgjenom soga vore sers dugande krigarar, og dei gav seg ikkje. Dei vilde fyrst ha kontroll yver eige land og so yver land som høyrde naturleg inn under Serbia historisk og territorielt.

I 1867 fekk serbarane osmanske styrkar til å draga seg attende frå fyrstedømet Serbia. Montenegro og Kosovo hadde i hundradvis av år vore det serbiske kjernelandet. Montenegrinarane ytte motstand mot osmanarane på 1700-talet og var ei liti lumma av motstand på Balkan. Muslimane tykte ikkje det var grunn til å satsa stort på å taka eit endeleg uppgjer med montenegrinarane. Dei var for fåe til at det var nokor vinning med å taka dei og for krigerske til å at dei kunde takast med småe midlar kor som var.

På byrjingi av 1700-talet førde Danilo I ein hard kamp mot osmanarane og dei slavane som hadde konvertert til islam. Han såg det som ei livsuppgåva å forsvara kristendomen. Russland godkjende Montenegro som ein sjølvstendig stat og ytte pengestudnad til denne staten. Montenegro vart modernisert kring år 1800, gamle stammefeidar og blodhemn skulde avskaffast. Montenegro kjempa saman med Russland mot Napoleon.Nasjonskalden Petar II Njegos regjerte frå 1831 til 1851 og hadde mykje å segja for framvoksteren av serbisk nasjonalisme. I det fremste verket hans, "Bergkransen"(1847),vert det fortalt um tyrkarane og tilinkjegjeringi av montenegrinske muslimar i byrjingi av 1700-talet. Montenegro vart sett inn i ein europeisk samanheng, der det gode er kristendomen og det vonde islam.

På 1830-talet var montenegrinarane på jakt etter best mogleg grøderik jord, og det førde dei i strid med osmanarane um umråde i Herzegovina. Njegos var eldhuga etter å hemna slaget ved Kosovosletta. Montenegrinarane byrja å sjå på seg sjølv som Serbias Sparta, og krigshugen var stor. Montenegrinarane trudde fullt og fast på at alt som vart fortalt i legenden var sant. Ein serbisk forfattar som reiste til Montenegro i 1878 uttalte at: Ein fekk ein tokke av at slaget ved Kosovo-sletta gjekk fyre seg i går. Den neste herskaren gav Montenegro ei grunnlov og sekulariserte staten. Osmanarane som rekna Montenegro for ein vasalstat sette naturleg nok lite pris på dette. Osmanarane proklamerte krig mot Montenegro. Montenegro fekk straks studnad frå Russland og jamvel frå Habsburgarane. Osmanarane hadde tapt landet, men Montenegro tok ikkje del i Krimkrigen. Det tolka osmanarane som at Montenegro var ein del av imperiet. Det fekk Danilo II til å senda brev til Europas stormakter der han proklamerte at Montenegro var ein sjølvstendig stat. I 1860 kom Nikola på truna. Han regjerte heilt fram til 1918, då Montenegro gjekk inn i Jugoslavia. I dag er Montenegro vorte ein sjølvstendig stat etter at landet i 2006 reiv seg laus frå Serbia etter ei folkerøysting. Dei fyrste sjølvstendige vali vart haldne 10. september 2006.

Når han skriv um Albania må eg segja at Resic nyttar ein frisk språkbruk. Albania kjempa mot tyrkarane frå byrjingi av 1800-talet. I nord hadde uppreistane teke til alt frå slutten av 1700-talet. Kara Mahmud av Bushati-ætti hadde frigjort sitt landumråde og vilde dana eit autonomt Albania. Umrådet hans høyrde til det som i dag er Montenegro. Og her kjem den friske språkbruken: "Krig mellan montenegriner och albaner under 1700-1900-talen om territorium hör til de återkomande “Balkanklassikerna"." Ein seinare herskar greidde å halda eit sjølvstendig territorium. Ali pasa levde frå 1741 til 1822. Han var ein illgjeten uppreistmann og styrde yver byen Janina som ligg i det som i dag er Hellas, og byen hev albanske, greske og slaviske innbyggjarar. I 1803 proklamerte Ali pasa at eit landumråde som umfatta store delar av Albania og Nord-Hellas var sjølvstendig. Men osmanarane greidde etter ein lang krig å taka Ali pasa. Dei hoggde hovudet av han. Desse uppreistane som er nemnde ovanfor kann ikkje reknast som noko samla nasjonalt upprør, men gav inspirasjon til seinare uppreistar.

Grekarane vaknar or dvalen

Frigjeringi av Hellas er interessant i seg sjølv. I Hellas hadde den gamle greske kulturarven langt på veg gjenge i gløymeboki iallfall og definitivt millom folk flest. Grekarane var sterkt prega av osmanarane i klednad, kvinnone var heildekte. Mange europearar som hadde studert den greske kulturarven frå antikken vart sterkt undrande til kor ukunnige grekarane var um sin eigen kultur. Det var inspirasjon frå greskkunnige folk utanfrå som etterkvart gav tilstøyten til at grekarane byrja å mobilisera mot tyrkarane.

Mange i Europa meinte at Hellas fortente sjølvstende. Dei mange mandige heltedådane frå antikken måtte ikkje gløymast heller reisast på nytt, Den engelske diktaren lord Byron var med i den greske frigjeringskrigen. Han var med alt frå 1823. Dei romantiske skildringane til Byron førde nye friviljuge inn i krigen. Byron døydde ikkje i slag slik som han hadde ynskt i samhøve med gamle æresideal. Han døydde derimot av sjukdom som han førde på seg på grunn av krigsdeltakingi. Storbritannia, Russland og Frankrike studde alle saman grekarane, og det var avgjerande, for grekarane hadde ingen stor arme. I 1827 knuste dei tri stormaktene den osmanske flåten ved Navarino. Det var det som gjorde den greske frigjeringi mogleg. Grekarane vilde halda fram krigen og taka meir land, men dei tri stormaktene teikna kartet for grekarane og osmanarane og sette foten ned for meir krigføring.

Austerrike-Ungarn og uppstoda til Jugoslaviske-tanken

Kroatia og Slovenia vart utsette for sterk pågang frå Habsburgarriket dvs. Ungarn og Austerrike. I det som i dag er kroatiske umråde vart det pressa på frå Ungarn um at det skulde nyttast ungarsk i skulane og offisielt mål radt ålment. Dette vart kalla magyariseringspolitikk. I Slovenia kom presset frå Austerrike um at tysk skulde nyttast som offisielt mål. Kroatarane bygde upp ei nasjonal rørsla som vart ei inspirasjonskjelda for slovenarane som retta smålåtne nasjonale krav i 1848-1849. I 1848 lova den habsburgske keisaren Kroatia at dei skulde få ei samanslåing av det sivile Kroatia med Slavonien og Dalmatien, soframt dei hjelpte til med å slå ned uppreistar i Ungarn som truga heile Austerrike/Ungarn. Den kroatiske statsleidaren var i eit dilemma. Han slæst for kroatisk fridom, men mot fridomskampen til Ungarn. Serbarar og russarar slutta seg til kroatiske styrkar. Russarane greidde å kjempa ned ungararane. Kroatia venta seg å få noko att, for dei hadde ytt sitt i striden. Dei fekk tilbod um å verta løyst frå Ungarn og verta austerikskt kronland. Kroatia vart i røyndi berre sett på som ei brikka i eit spel i striden millom Austerrike og Ungarn. Kroatarane vart pålagde å gå yver til tysk, men dei kjempa for kroatisk som vart innførd på 1860-talet. I 1867 uppnådde Ungarn ei meir sjølvstendig stoda i høve til Austerrike, og det førde til at Kroatia igjen gjekk yver til Ungarn. Ein ungarsk greve sat ved makti i Kroatia frå 1883 til 1893 og trykket mot Kroatia var sterkt på denne tidi. All kroatisk opposisjon skulde slåast ned. I røyndi vart folk uppgjevne og motstanden mot keisarriket berre voks.

Den austerrikske og ungarske politikken kvevde, den kroatiske frigjeringsrørsla, men ut av denne rørsla voks det fram ein sudslavisk tanke, den jugoslaviske tanken. I spissen for denne jugoslaviske ideologien stoda den kroatiske biskopen Strossmayer og historikaren Racki. Strossmayer var venlegsinna andsynes serbarane. Det fanst òg kroatiske nasjonalistar som arbeidde for eit storkroatia, medan moderate kroatiske nasjonalistar gjekk inn for at Habsburgarriket skulde organiserast som eit trippelmonarki der Kroatia skulde verta ein del av trippelmonarkiet.

Frå 1870 til 1900 dominerte dei storkroatiske tankane, men frå sekelskiftet kom det ei vending mot større uppslutnad kring den jugoslaviske tanken. Ungararane prøve stødt å så splid millom kroatarane og serbarane. Etterkvart avslørde både kroatane og serbarane at dei vart utsette for Kløyv og hersk. Dei fann kvarandre i kampen mot magyarisering. Den politiske mobiliseringi mot Ungarn vart eit problem for ungararane og det ungarske hegemoniet. Etterkvart som ungararane gjorde front mot serbarane vart stemningi berre meir proserbisk i Kroatia.

Den endelege uppgjerdi med tyrkarane

Undergangen for det osmanske riket var upplagt for utanforståande iallfall frå 1850-talet av. Frammot århundreskiftet skaut den andre industrielle revolusjonen fart. I utgangspunktet skulda det ottomanske riket mykje pengar til Storbritannia og Frankrike, men den industrielle framgangen til Tyskland gjorde sitt til at det ottomanske riket byrja å skulda store pengesummar til endå eit land. Det vart etterkvart naudsynt for det osmanske riket å taka umsyn til vestlege verdiar. Religiøs diskriminering måtte taka slutt, muslimar og ikkje muslimar skulde ha lik tilgang til embete, soldatar kriga side ved side, det vart etablert eit nytt skattesystem, tortur skulde avskaffast, fengsli moderniserast. Sultanen lova dessutan å kjempa ned korrupsjon, mutor og utpressing.

Trass i ein god vilje, vart det ikkje råd for det osmanske riket å gjenomføra den moderniseringi som mange land i Europa lukkast med. Osmanarane utvikla ikkje eit moderne statsbyråkrati eller ein finanspolitikk, det skjedde ikkje nokor teknisk eller naturvitskapleg utvikling, ingi industrialisering, urbanisering og ingi sekularisering. Viktige utviklingsfaktorar i eit moderne samfund mangla kort og godt. Imperiet vart itillegg nedtyngd av ovstore økonomiske vanskar og umfattande korrupsjon millom dei rikaste embetsmennene og den lokale adelen i riket. I prinsippet vart økonomien styrd som ein palassøkonomi med sultanen i sentrum.

Balkankrigen varde frå 1912 til 1913. Den kann skiftast inn i tvo fasar. I den fyrste fasen gjekk Bulgaria, Hellas, Montenegro og Serbia saman i ein militæralliansen som vart kalla for Balkanalliansen eller Balkanligaen. Denne alliansen var sterkt misnøgd med at det gjekk so sakte med attergangen til det osmanske riket. Dei ynskte å få tyrkarane ut av Sudaust-Europa so snart som mogleg. Austerrike-Ungarn var ikkje serleg glad for denne alliansen, heller ikkje Russland. Det var ikkje i samsvar med deira interessor at Balkanlandi dreiv ut tyrkarane. Men dei vart tvinga til å finna seg i realitetane då krigen var avgjort. Det vart tingingar i London. Desse tingingane førde ikkje fram til so mykje. Alle landi i Balkanligaen vilde ha mest mogleg av Makedonia og ingen vilde fira. Derimot vart det gjort klårt at Albania skulde verta ein sjølvstendig stat under vern frå stormaktene.

Den andre Balkankrigen vart i fyrste umgang eit uppgjer millom Serbia og Bulgaria um delar av Makedonia. Det enda med at Bulgaria vart teke på frå alle grannestatane sine. Bulgaria vart den store taparen. Serbia gjekk derimot ut med store vinstar. Landet hadde tvifalda landumrådet sitt. Serleg viktig for Serbia symbolsk og nasjonalt sett var det at landet hadde teke Kosovo attende. No hadde dei endeleg hemna slaget ved Kosovosletta i 1389.

Når Balkanstatane skulde dana nye statar eller utvida territoriet sitt, vilde dei ha umråde som var reine etnisk sett. Denne tankegangen hang saman med europeisk nasjonalisme, og Resic er snart til å understreka at ein slik nasjonalisme ikkje var eineståande på Balkan. Men her høver det vel å leggja til at situasjonen på Balkan var ekstrem når det galdt etniske samansetjingar millom innbyggjarane.

Fyre den fyrste verdskrigen var det klart at Habsburgarane var sers misnøgde med den serbiske ekspansjonen. Det hemma habsburgarane si framrykking sudyver og vende sudslavarane mot habsburgarane. Den sudslaviske tanken hadde vorte meir og meir aktuell mot slutten av 1800-talet. Kroatane vart drivne millom lojaliteten til Wien og presset frå ungararane. Tronfylgjaren Franz Ferdinand vilde modernisera keisardømet gjenom å skipa til ein føderasjon der Kroatia skulde vera ein del av eit trippelmonarki og der minoritetane og sudslavarane skulde ha like rettar. Men kroatane vilde heller ha eit sudslavisk rike saman med serbarane. Svein Mønnesland hev sett fyre seg fire tenkjelege løysingar på den sudslaviske stoda fyre 1. verdskrigen. Status quo, trippelmonarki, storserbia eller sudslavisk union. Det var det siste som vart rekna for å vera det mest usannsynlege.

Jugoslavia

Krigen forsterkte derimot samhaldet millom Serbia, Kroatia og Slovenia. I desember 1918 samla dei seg i Beograd for å proklamera skipingi av kongeriket: Serbia, Kroatia og Slovenia. Det var det serbiske riksstyret som gjorde upptak til denne skipingi. På 1920-talet var det sudslaviske kongeriket skipa med 12 millionar innbyggjarar. 84 prosent av dei var sudslavarar. Staten var samansett på ein svært komplisert måte, og risikoane for framtidige vanskar var openberre. Den etniske samansetjingi var meir komplisert enn nokon annan stad i Europa, hevdar Resic. Det var ulike forventningar millom dei ulike folkegruppone. Kroatane vilde ha ein stat av sjølvstendige folkegruppor. Serbarane ynskte seg eit stor-serbia. Dei andre landi vart ikkje rekna med. Slovenia og Kroatia var på taparsida tilliks med andre. Dei samarbeidde gjerne med serbarane for å koma best mogleg ut av situasjonen.

Tilhøvet millom serbarane og kroatane vart problematisk på 1920- og 1930-talet. Det gav seg millom anna utslag i at det kroatiske partiet Ustasja vart skipa. Det spela ei avgjerade rolla i jugoslavisk politikk på 1930-talet og under 2. verdskrigen. I 1934 var Ustasja med på å få skote den jugoslaviske kongen og den franske utanriksministaren. Men serbarane heldt uppe kontrollen etter parlamentsvalet i 1935 og Jugoslavia gjekk dessutan mot å verta ein nazivenleg stat.

2. verdskrigen førde til ei uppkløyving av Jugoslavia. Tyskarane invaderte Jugoslavia og fekk snøgt kontroll. Motstandskampen frå serbisk sida vart førd millom anna via motstandsrørsla cetnikane. Det er framleis mykje diskusjon rundt at cetnikane kom med eit direktiv i desember 1941 som gjekk på etnisk reinsing av alle etniske minoritetar, serleg muslimar og kroatar i Bosnia. Kring 100 000 bosniske muslimar vart drepne under krigen, ein stor del vart drepne av cetnikane.

I utgangspunktet var det på tale med samarbeid millom cetnikane og Tito når det galdt frigjeringi frå dei tyske okkupantane. Men kommunistpartiet vart berre meir og meir umtykt og i 1942 skifte cetnikane kurs og gjekk med aksemaktene mot Tito. Cetnikane fekk britisk studnad fram til 1944, men deretter gjekk britane yver til å stydja Tito. Ustasja-rørsla hata serbarar og kommunistar. Dei var ikkje mange, men dei var sers fanatiske. I 1941 hadde rørsla 12 000 medlemer. Målet for rørsla var å skipa eit storkroatia. Under krigen skipa tyskaren ein ny kroatisk stat NDH. Innanfor NDH var det 1.9 millionar serbarar. Under NDH såg kroatarane ei opning til å få hemn på serbarane. I 1943 forlet 300 000 serbarar NDH. 100 000 vart deporterte. Serbarane som var att vart utsette for massekonverteringar frå ortodoksi til katolisisme, yvergrep og massedrap, sume stader jamvel reine utrydjingar. Ustasjarørsla var nådelaus når det galdt valdsutøving. Dei skipa utrydjingslægre, stuva saman serbarar i kyrkjone deira og kveikte på deim og liknande. Til og med tyskarane vart avstygde yver den ufjelge handsamingi.

Under 2. verdskrigen vart som me hev sett dei jugoslaviske fellestankane utfordra mange gonger, men den kommunistiske motstandsrørsla vann til slutt med Tito i spissen. Tito var ein sjølvstendig herskar og var ikkje redd for å markera seg sjølv andsynes Sovjetunionen. Jugoslavia var eit relativt fritt kommunistisk land samanlikna med dei andre satelittstatane til Sovjetunionen. Tito var kroat, men hovuddelen av det jugoslaviske byråkratiet var samansett av serbarar. Det var fleire gonger upptakt til motsetnader millom folkegruppone, men kommunistpartiet slo hardt ned på alle slike utspel. Men når Tito gjekk av, vart det vanskelegare å halda Jugoslavia saman. Då kommunismen vart uaktuell som politisk ideologi i Europa, kom alle motsetnadene til yta att.

Jugoslavia bryt saman

Resic er berre innum krigen på 1990-talet i stutte drag. Han meiner at denne krigen må framstellast nærare, men han ser seg ikkje i stand til det i denne boki. Det er eit solid arbeid Resic hev utført. Yveralt der ein opnar boki er det tydeleg at me hev å gjera med ein mann som hev sett seg inn i det han skriv um. Han er både kunnskapsrik og dugande til å gjeva oss eit røynleg innsyn i den utruleg mangfaldige soga som kann knytast til Balkan. Eg kann trygt råda alle som vil læra noko um soga til Balkan-regionen å venda seg til denne boki. Resic er framleis ein ung sogegranskar. Eg kann berre vona at Resic fær høve til å gjera fleire slike arbeid som dette. Nett når siste handi på dette arbeidet vert gjort høyrer me at Serbia gjer krav på Kosovo etter ei folkerøysting. Boki vert ikkje mindre aktuell av det.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!