Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Grenland eller Telemark?

Av Thoralf Bergwitz

Kvar ligg det landet som me kallar GRENLAND? Og kor stort er det? Kva for bygdelag femnar GRENLAND um? Og kvi heiter umrådet GRENLAND? Er GRENLAND eit gamalt navn? Eller er det ei nylaging som t.d. SØRLANDET? Og hev GRENLAND like diffuse grensur som SØRLANDET?

Nylagingen "SØRLANDET" - som hev trengt undan det tradisjonsrike namnet Agder skal ikkje umtalast her. Men at GRENLAND på ei vis hev lidd den same lagnaden som AGDER, det er vel ikkje so langt undan sanningi - i og med at TELEMARK hev gløypt heile Grenland?

Hadde eg havt tid, energi og resurs nok sò vilde eg ha teki meg ei ferd rundt til dei bygdelagi som frå gamalt av vart rekna til Grenland - og spurt folk um kva dei visste um GRENLAND. Kor lite kunnskap det råder um emnet i dag kann aldri verta berrlagt um det no kjem fram ei utgreiding um landsluten GRENLAND.

Det er vel elles ikkje so viktugt å få berrlagt kor lite folk veit. Viktugare må vera å hente fram kunnskap - kunnskap som mykje truleg er lite kjent, men som det kann vera verd å taka med seg i skreppa - jamvel um denne kunnskapen ikkje gjev mette magar.

Det var då eg såg at "grenirne" sjølve ymta um at dei kunne tenkje seg å lansere GRENLAND som "TELEMARK SYD" - for turistane - at eg fekk hug til å granske litt um denne landsluten. Det undrar meg òg at det er "grenine" sjølve som tykkjer at landsluten deira ikkje er god nok i seg sjølv, og soleis vil lansere landsluten sin under falsk navn.

Hev ikkje GRENLAND rike nok tradisjonar? Hev ikkje GRENLAND gode nok naturtilhøve å bjoda turistane. Vil dei løyna den ureine lufti - dersom ho enno finst? Og soleis narre turistane - som då kjem til å kjenne seg snytte?

Eg skal ikkje segja noko um naturtilhøvi og lufti i GRENLAND. Eg fekk berre hug til å finne ut litt um namnet GRENLAND og eg vonar at andre vil hava glede av å fylje meg på mi ganskingsferd gjenom bøker som aldri elles vert lesne.

Kor mange "grenir" visste t.d. - kven Harald Grenske var? Og kvi han heitte "GRENSKE"? Kven visste- eller kjem i hug - at han var far åt sjølvaste "helgenkongen" - Olav Haraldson? Og kven visste at han heitte "GRENSKE" fordi han var uppfostra i GRENLAND? At han var son åt vestfold-kongen Gudrød Bjørnson - som var son åt Bjørn Farmann - som var ein av sønine åt den hårfagre Harald, er truleg ikkje so viktugt i denne samanhengen. Men soleis var det - etter Snorre-soga. At Harald Grenske òg fekk styringi yver Vingulmork, Vestfold og Agder til Lidandesnes under danekongjen - Harald Gormson - det er truleg heller ikkje so vida kjendt. Harald Grenske fekk hava riket der pá same vilkár som frendane hans i gamal tid hadde havt, og som Harald Hárfagre gav sønine sine. Med dette andsvaret som han då vart tildelt, fekk han òg kongsnamn. Harald Grenske var då berre attan vetrar. Han vart sidan ein namngjeten mann, men - etter soga - vart han tekjen av dage på ei liti heiderleg vis - og det av sjølvaste fostersysteri hans - Sigrid - med tilnamnet "Storråde".

I skaldekvædet Ynglingatal (vers35) vert det sagt at GRENLAND høyrde med til riket åt vestfoldkongen Olav Geirstad-alv som var son åt Gudrød veidekonge og halvbror åt Halvdan Svarte - som me veit - var far åt den hårfagre Harald.

Morfar åt Halvdan Svarte - Harald Herbrandson den granraude - er òg ein gong nemnd som Harald Grenske avdi han var konge yver Agder og GRENLAND.

Kor mange "grenir" veit i dag at Langesundsfjorden i gamal tid heitte GRENMARR? Og at "MARR" tyder "hav"?

Stadnamngranskaren og målgranskaren - vinbyggjen - Eivind Vågslid kom fram til at ordlekkjen "gren" kjem av det gamalnorske ordet "grøn" som tyder gròntre (gråntre). Ordet kann òg tyde lippesjegg.

Etter namnet å døme, hev landskapet - frå dei eldste tider vore dekt med grònskog - difor fekk folket som budde i dette skoglandskapet nemningen "grenir". Og fjorden (havet) ved skoglandskapet fekk namnet "GRENMARR" dvs. havet ved grònskoglandet, kom Eivind Vågslid fram til.

Vågslid meinte òg at landskapet fekk namn etter namnet på folket. M.a.o. av nemningen "grenir" kom namnet GRENLAND. Vågslid hevdar dessutan at det må vera folk utanfrå Grenland som frå fyrst av gav folket namnet "GRENIR". Det er visseleg ikkje uvanleg at det var sò. Det må ha vòri so med "telir" òg - um folket som budde i Telamòrk den tidi då landsluten fekk namn. Og mangt tyder på at det må vera sameleis med landsnamnet "NORDRVEG" (dvs. vegen mot nord) som er den eldste utgåva av namnet på landet vårt.

Kor gamalt kann namnet GRENLAND eller nemningen "grenir" vera?

Eit sogeskrift um gotane - som ein romersk-gotisk sogeskrivar hev skrivi - og henta fram av Eivind Vågslid - kann gjeva ei rettesnor.

Den her nemnde soga er skrivi i året 501 e.k. Soga heiter på latin: "De originale actibusque Getarum" - og skrivaren - som het JORDANES - nemner der mange einskildfolk i norderlandi - millom deim "Raumarici" og Aeragnaricii. Desse tvo folkenamni vert til vanleg lesne "Raumariciae" og "Ragnaricii" som kann tyde raumarikingar og ranrikingar um folk som bur i Raumarike (Romerike) og i Ranrike. Det siste kann òg tolkast til Ringerike, segjer Vågslid - for Aer svarar til gamalnorsk Hr i Hringariki, og etter det me ser lenger nede i det same skrivet, so er det siste nærast den rette tyding.

Umframt desse tvo riki, so nemner Jordanes nokre norske tjodir (folk) som han kallar: GRANNI, AUGANDZI, EUNIXI, TAETEL, RUGI, AROCHI og RANNI. Jordanes segjer òg at desse tjodir hev havt ein sams konung som het Roduulf. Det siste tjodnamnet "raniir" - finst òg skrivi "rami", "ranni" og "rauni. Dette svarar truleg til det gamalnorske "rænir" um ibuane i Ranrike, Bohuslän.

Augandzi stend truleg for "egdir" um folk som bur i Aust-Agder, "Granni" svarar tydeleg til det gamalnorske ordet "grenir" um folk som bur i Grenland. TAETEL kann tyde "telir" - um folk som bur i Telemark, men meir truleg er at det tyder "dølir" og at det tyder folket som budde i dalane millom strandbygdane Aust-Agder og Rogaland. Rugi er tydeleg det same som gamalnorsk rygir um folk som bur i Rogaland. "Arochi" svarar truleg til gn. hordar.

Riket åt Rodulv mun difor ha femna um strandbygdine frå og med Bohuslen i aust til og med sudparten av Hordaland i nordvest. Kongsnamnet Roduulf svarar truleg til det gamalnorske mannsnamnet Hròðulfr som er kjent frå Bohuslen og Brandbu.

Dette skriftet frå året 501 er visseleg det eldste skriftet me kjenner um namnet "gren" og "grenir". Og dersom Taetel skulde tyde Telemark, so er truleg det den eldste utgåva av namnet på det noverande fylket. Det skulde i alle høve ikkje vera tvil um at namnet på Grenland må vera eldre enn frå år 501.

Landsluten hev likevel ikkje alltid havt namnet GRENLAND. Etter ikring året 1200 vart landsluten kalla "Skiðusysla", seinare Skiensysla, fordi sysselmannen budde i Skiðan. Men um GRENLAND ikkje var namnet på SYSLA sò er GRENLAND likevel nemnt i ymse skriv ned gjenom tidi etter 1200.

Etter professor Aleksander Bugge - som hev skrivi um Telemark og GRENLAND i Aarsskrift 1918 - sò hev GRENLAND upphaveleg vori namn på bygdane ikring Norsjø og på vestsida av elvi sudyvi frå dette vatnet, eller på bygdane Sauherad, Nes, Bø, Lunde med Flåbygd, Holla, Medalheim (Mælum) og Drangedal.

Norsk Allkunnebok ved Eivind Vågslid segjer at fyri ikring år 1200 femna GRENLAND um det som seinare vart til futedømi Bamle og nedre Telemark: Siljan, Gjerpen, Eidanger, Bamle, Skòtøy, Sannidal, Drangedal, Solum, Holla, Lunde, Bø, Sauherad og Heddal.

Folket her vart - som nemnt - kalla grenir.

Kva tyder sò TELE?

Etter Ivar Aasen Norsk Ordbog kann ordet TELE tyde is i marki. Og medan ei tunn is-skorpe på marki heiter "klaki" - eller "klak(j)e" - so tyder "tele" eit djupare islag i jordi.

Ordet "TELE" kann òg tyde SKOGLAUS FJELLMARK - "vel egentlig bar grund", segjer Ivar Aasen.

Namnet Þelamòrk er nemnt m.a. i Hirdskrå. Hirdskrå er - som me veit - fyresegnir for hirden. Olav Haraldson - seinare - "den heilage" skal ha vori den fyrste som gav fyresegner for hirden sin. Reglane for hirden vart umarbeidde og umvølte av Olav Kyrre. Kong Sverre var truleg den som utarbeidde den fyrste skrivne hirdskråi. Men den eldste nedskrivne hirdskråi som det er funni fragmentar av, er frå tidi 1280-1350. Denne hirdskråi skal vera utarbeidd (umarbeidd etter kong Sverres hirdskrå) av Magnus Lagabøte. Det er her me finn namnet Þelamòrk .

Me veit difor at namnet Þelamòrk er minst sò gamalt. Me veit òg at Þelamòrk var namnet på den nord-vestre luten av det som no heiter Telemark. Den austre luten heitte Grenland (som i dag).

Når me veit at den nord-vestre luten av Telemark er eit høgland, so høver tydingi SKOGLAUS FJELLMARK som hònd i handske for landskapet Telemark med Hardingviddi. Den skrinne fjellmarki er elles ikkje serleg plaga av tele i jordi, so det tykkjest tvillaust at namnet Telemark hev sitt upphav i den skoglause fjellmarki og ikkje frå mogleg islag i jordi.

Og um ordet "tele" tyder mark med furuskog - som Eivind Vågslid nemner - forutan denne skoglause fjellmarki, so høver det òg sers godt - fordi det er mest furuskog vest i fylket, og mest gròn i aust dvs. i GRENLAND. Lite er det som høver med meir tele - islag i jordi - enn elles i landet.

Men både islaget i jordi og den skoglause fjellviddi er i gamalnorsk skrivi "Þilir".

Skriveformi "Telemark" er visseleg påverknad frå dansk. I Solørtraktine heiter det enno Telamark dvs. med a etter l. Etter norske ljodlover skulde namnet ha vore Telamòrk.

Og etter det me no veit um både GRENLAND og TELAMORK, so er det truleg ikkje "ærleg spel" å lansere GRENLAND som "Telemark syd"? "SYD" høver vel heller ikkje serleg godt til eit norsk landskap? "SØR" hev heller ikkje retteleg god klang. Skrivtbilætet "SØR" hev sitt upphav i "syd". "y"-en vert i tradisjonelt norsk talemål uttala "ø"- jfr. ordet "vyrda" og "vyrdnad" som i talen ofte vert til "vør'a" og "vørnad". Det same er tilfelle med "u" - som òg ofte vert til "ø" i talen. Soleis vert det gamalnorske "sudr" til "sødr" i talen, og deretter til "sør". Den tendensen som me nordmenn er aleine um - nemleg å umgjera ein gamal nedervd skriveregel til ein skrivenorm som rettar seg etter talen, den tok til ikring hundradårskiftet i Europa, men vart uppgjeven heller snøggt i dei landi som hadde gjort freistnad med det - burtsett frå i vårt land. Eitt hundrad år etter at denne umlagingen av skriftspråket vart stogga i andre land i Europa, so held me på med det enno.

No er det so at ei gruppe menneskje som hev eit ynskje um å vera tradisjonsberarar - hev funni på å høgtida ein eitt hundrad år gamal tradisjon med ei rangskriving av eit namn - namnet på ein landslut - ein landslut som ikkje hev klåre grensur - det gjeld ein landslut som elles hev ein meir enn femtan hundrad år gamal tradisjon av namnet sitt. Namnet som me kjenner frå - i alle fall so tidlegt som året 501 e.k. - er "AGDER".

Og det gamle gode "SUD" er det me kallar "gamaldags". Ja, me hev lært oss til å rekne norske ord og segjemåtar for "gamaldagse", medan dei tvo danskfarga skriftmåli våre - dei er "moderne". Skyn det den som kann!

Elles kann eg ikkje skyne at folket i Grenland - grenine - i det heile vil blande seg med sò fælt eit folkeferd som teledølene faktisk er.

Indbyggerne ere onde, udugelige, haarde, vilde oc oprørske Folck. Det meste Manddrab, som gemenligt udi Norriges Rige Skeer, tildrager sig udi Tellemarcken, nogle uforskammede Dieffuels Kroppe med Hor, Mord, Manddrab, Kjetterij, Løslefnet, Slagsmaal oc andre hos hengende Laster oc Ulempe offuer alle som her i Landet boe, haffde deris største Lyst i gammel Tid at dræbe Bisper og Prester, Fougder oc Befalingsmænd, som oc paakiender, at en Kircke i det Læn ere 7 Prester ihjelslagne, oc sommesteds en eller to, oc sommesteds flere.

Dette segjer i alle fall presten og historikaren Peder Claussøn Friis. Og han fekk visseleg kjenne på kroppen kva slags folk teledølene er - og alltid hev vore. Peder Claussøn var fødd i Egersund den 1. april 1545 - det var ingi aprilsnarr - og han heldt seg i live til den 15. oktober 1614. Um det var teledølene som tok livet av hònom eller um han døydde på "vanleg" vis, det fortel soga inkje um, men visseleg var dei truandes til det med - teledølene - sò kjære grenir - hald dykk lengst mogleg undan dei fæle teledølene! Hald fast på GRENLAND!


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!