Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Høgnorsk i herstellet

Av Olav Torheim

Høgnorsk i herstellet - det er det nok helder lite av. Men det hev ikkje alltid vore slik. Til dømes so ropa dei gamle nynorskoffiserane i Forsvaret "Gjev gaum" for "Giv akt" når dei skulle få ein soldattropp til å standa rett. Gode målmenn og yrkesmilitære som Einar Sagen og Edvard Os lagde i si tid ned eit stort arbeid for å gjera norsken til hermål, og dei leivna etter seg mange gode bøker og rettleidingsskrifter.

Nett i det militære skulde ein tru det var gode vokstervilkår for det norske målet. Den stutte og greide nynorske målføringi hev store fyremuner framfor det kronglute dansk-tyske kansellimålet som i dag rår grunnen. Det store virvaret av styttingar i dagsens hermål, MBK, KTS, BV, BF, TS osb er klåre teikn på det. Eller som kaptein Einar Sagen sagde det i 1910:

Når me les upp ei fyreségn for herfolket på eksismoarne, so er det mange, som alt fyrehands gjeng ut ifrå, at mannskapet inkje skynar meiningi. Når- dei hev lese fyresegni upp, so,fortel dei etterpå i ei folkeleg form, kva det var, dei las. Dette gjer dei som noko, som skal so vera, og eg trur, dei færraste tenkjer på, at det i grunnen er meiningslaust. Det burde helst vera sjølvsagt, at ei fyresegn, som norske herfolk skal fylgja, ho burde vera frambori i ei slik form, at alle skyna meiningi. Ja, du skulde venta ei form so framifrå fin, at upplesaren inkje kunde gjera ho betre på flekken. - For du skal hugsa på, at desse fyresegnerne hev gjenge gjenom fleire hovud, fyrr dei vart prenta.

Ein gong i tidi var det noko som heitte Soldatmållaget, men det er lenge sidan det. Målungdomar som hev vorte kalla inn til fyrstegongstenest hev sumtid tala um å skipa dette laget upp att, som eit reint papirlag, men det hev ikkje vorte med det ein gong. Og med den umskipingi som Forsvaret hev vore gjenom dei seinste åri, der invasjonsforsvaret hev vorte nedlagt og bytt ut med innsatsstyrkar til internasjonale operasjonar, er det lite sannsynleg at fleire nynorskforkjemparar let seg rekruttera med det fyrste. Organiserte målfolk flest segjer som kjent nei til USAs krig mot terrorismen og andre “imperialistiske” åtgjerder.

Når ikkje Noregs Mållag fær gjort noko med problemet, er det me høgnorskarane som lyt taka saki. For nokre år sidan, då eg sjølv var inne, arbeidde eg med å samla materiale til ei eigi ressurssida på internett for nynorskbrukarar i det militære. Bøker som "Soldaten i felt", den gamle "Hermannsboki" eller rettleidingsskriftet "Norsk hermål" av kaptein Einar Sagen er alle døme på gode og interessante bøker som kunde vore gjorde tilgjengelege for ålmenta, so sant det upphavsrettslege var ordna.

Papirarbeid er som regel lite populært i det militære. Til å byrja med er det difor ikkje so lurt for oss målvener å reisa krav um parallellutgåvor av alt materiell (jamvel um me ikkje bør slakka av på vår lovfesta rett til å få dette). Fyrst lyt me arbeida for å gjera tilgjengeleg det som alt finst, men som ofta hev lege nedstøva i arkiv og bibliotek.

Dinæst lyt me krevja at ABC-vernfaldarar, KTS-faldarar, AG3-rettleiding og andre skrifter som alle soldatar skal få utetla, må liggja fyre på båe mål. Me vil ha nynorsk mål på eksersisplassane og nynorske ekspedisjonsforskrifter på samband! Det som høyrer servåpni til fær koma sidan.

I gamle dagar hadde me blåe vernepliktsbøker for nynorskbrukarar og raude for bokmålsfolket. No finst berre den "samnorske" i raudt umslag. Jamvel skytebøkene er målløyvde. I 1999 kom Soldathandboka ut att for fyrste gongen på mange år. I denne boki var eine helvti på bokmål og hi på nynorsk. Elles finst det so godt som inkje materiell i bruk på nynorsk. Det einaste du fær i eigne nynorske utgåvor no til dags, er innkallingi og krigstenestekortet.

Slik stoda er i dag vert det viktugt nok berre å informera um kva slags rettar du faktisk hev som nynorskbrukar. Soldatar som er inne til tenest, vert neitta å nytta nynorsk uppsett for postinstruks og meldingstenest. "Beklager, men postinstruksen må være ordrett", vart eg sjølv fortald.

Korleides skal me so ganga fram dersom me skal vinna det militære for målreisingi? Me bør i alle fall slå fast at Noregs Mållag sitt tidlegare arbeid med soldatmållag hev vore ein fiasko. I militæret skal ein læra å underordna seg, og då er målkamp millom meinige lite populært. I staden lyt me satsa på å få med oss offiserar og andre tilsette i systemet, dei som hev til uppgåva å leggja til rettes for soldatane. Då hev me sikra kontinuiteten i målarbeidet med.

Soldatar og underoffiserar ser som regel på militærlivet som ein jobb, men dei som hev gjenge krigsskulen hev ofta upparbeidd seg eit visst medvit um dette med å verna um fridomen og fedrelandet. Kunde me skapa ein vidare refleksjon yver dette, var det kann henda rom for eit målpolitisk gjenomslag? Her høver det å avslutta med endå nokre ord av kaptein Einar Sagen, henta or rettleidingsskriftet “Norsk her-mål”:

Ein her kann leggja land under framand stjorn; men på landsens mål bit inkje sverdet hans.

Ein her kann valdgå eit folk med våpn i hand; men tyna tjodskapen vinn dei framande fyrst, når folket gløymer sitt gamle mål. Då slitnar alle band. Då sloknar tjodkjensla.

Men - eit folk, som held uppe sitt nationale mål, det kann aldri døy! Og skulde det ein gong siga i kné under framand valdsmagt, ja - då er det endå von um ei attreising, for di folket i sitt tjodmål hev eit samlingsmerke, som det kann fylkjast um til strid på ny for tapte fridom og sjølvstende!


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!