Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Aristoteles retorikk

Av Hermund Slåttelid

Aristoteles
Retorikk
Omsett av Tormod Eide
Vidarforlaget 2006

Vidarforlaget i Oslo er godt i gang med å gje ut Platon og Aristoteles sine verk på norsk, med økonomisk støtte av Norsk kulturråd og private sponsorar. Eigenleg er dette ei stor hending i norsk bokheim, for vi byrjar med dette omsider å kome på linje med andre kulturnasjonar i Europa når det gjeld å gjere denne delen av verdslitteraturen tilgjengeleg. Det er viktig, både av di det høyrer med til allmenndanninga å kjenne dei gamle klassikarane, men mest av di desse mellom mykje anna har sakssvarande ting å seie om "den rette måten å vere med andre i verda på", som Hans Skjervheim sa.

I år har vi, med god hjelp av Institusjonen Fritt Ord, for fyrste gongen fått Aristoteles sin Retorikk på norsk, omsett av Tormod Eide. Han er fyrsteamanuensis i gresk og latin ved Universitetet i Bergen, og utanfor dei akademiske miljøa vil han vere best kjend for Retorisk leksikon, som han gav ut i 1991. Denne vesle boka er eit skattkammer for alle som interesserer seg for klassisk retorikk. Her lærer vi mykje nyttig om terminologi og omgrepsapparat, og vi får illustrerande døme på korleis den gamle retorikken lever vidare i litteraturen og hjå moderne språkbrukarar, anten dei sjølve er medvitne om det eller ikkje. Tormod Eide har òg skrive om topos-læra til Aristoteles, som handlar om generelle argumentasjonsmønster som talaren kan bruke uavhengig av kva han elles prøver å overtyde om. Ingen i norske miljø er meir føre enn han til å omsetje Retorikk til forståeleg norsk.

Førelesingar i retorikk

Aristoteles byrja etter det ein veit å halde kveldsførelesingar om retorikk for studentane i skulen sin i Aten kring 350 før Kristus. Han gav dei ikkje ut som eit eige verk, men manuskriptet låg i skulebiblioteket, og somme av elevane hans brukte det i bøker dei sjølve skreiv om retoriske emne. Dette førte til at hovudsynspunkta som han hadde kome fram til, vart kjende utanfor skulemiljøet. Fleire viktige omgrepsdefinisjonar, distinksjonar og vurderingar frå førelesingane vart snøgt tekne opp av andre som arbeidde med å systematisere retorikkfaget og standardisere opplæringa i skulane. Distinksjonane hans har vorte verande sentrale til vår tid. Ingen har nokonsinne overgått Aristoteles når det gjeld kunsten å finne fram til avklårande skilje og råkande definisjonar. "Han hadde et fast grep om definisjonskniven", skriv Georg Johannesen.

I 280-åra vart retorikkmanuskripta og ein del andre av skriftene til Aristoteles fjerna frå boksamlinga på skulen, og etter ei tid var det ingen som visste kvar dei hadde teke vegen. Fyrst om lag 200 år seinare kom dei til rettes. Dette førte nok til at dei ikkje fekk den innverknaden dei fortente på utvikling av retorikkfaget i hellenistisk tid, i dei siste hundreåra før Kristus. I romartida var Cicero og andre som skreiv om retoriske spørsmål godt kjende med hovudpunkta i Retorikken til Aristoteles, dei viste til han, jamvel om dei ikkje alltid var samde med han. Nokre tykte han gjekk for lite inn på spørsmål dei sjølve heldt for å vere avgjerande, og at han skreiv for mykje om ting som dei rekna for mindre viktuge.

I mellomalderen vart Aristoteles omsett frå gresk til latin av Vilhelm Moerbeke (død 1286). Han kom frå ein landsby i Flandern, og tenkte å verte misjonær. Han hadde lært seg orientalske språk, og var kunnig i gresk og matematikk. Ei tid gjorde han teneste som kapellan hjå paven, og i Italia møtte han Thomas Aquinas, som tinga på han til å omsetje Aristoteles. Retorikk var mellom dei bøkene han rakk å få omsett til latin. I renessansetida kom denne omsetjinga med i fleire nye Aristotelesutgåver. Ei av desse utgåvene vart prenta i 1531, og den store humanisten Erasmus frå Rotterdam hadde ansvaret med å gå kritisk gjennom teksten.

Fram til 1700-åra brukte lærde folk helst å snakke og skrive latin i faglege samanhengar. Det blir såleis fortalt om Erasmus at han aldri snakka eller skreiv eit ord hollandsk etter at han var blitt vaksen. Fyrst på dødslægjet skal han ha sukka på morsmålet: "Å, Herre Gud!".

På 1800-talet vart Retorikken til Aristoteles omsett til moderne språk, såleis kom det heile tre nye engelske omsetjingar mellom 1812 og 1823. Dette syner korleis interessa for Aristoteles auka, ikkje berre mellom dei lærde, men òg hjå den opplyste ålmenta i dei store kultursamfunna.

Litt om livet til Aristoteles

Aristoteles var fødd i den vesle byen Stageira i Nord-Hellas i 384 f. Kr. Han kom til Aten og vart elev i Akademiet til Platon då han var 17 år gamal. Her vart han verande i 20 år, fyrst som student, seinare som lærar. Han skal mellom anna ha undervist i retorikk. Etter at Platon døydde, forlet han Akademiet og underviste ved ulike lærestader i Vesle-Asia. Eit par års tid var han lærar for Aleksander den store, son til Filip 2. av Makedonia. I 335 flytte Aristoteles attende til Aten og bygde opp sin eigen skule. Han låg ved eit idrettsanlegg utanfor byen og vart kalla Peripatos. Det tyder ein overbygd søylegang, der folk kunne treffast, søkje ly for regnet eller slappe av i skuggen når sola steikte.

Skulen til Aristoteles var ein fri institusjon. Dei som fekk plass, trong m.a. ikkje fylgje faste reglar for kva dei skulle ete og drikke, slik elevar måtte gjere hjå pytagorearane. Skulen var open for framande, og det hende at frigjevne, og jamvel trælar, fekk plass. Etter at Aleksander den store døydde i 323, måtte Aristoteles røme frå Aten på grunn av hatet som loga opp i byen mot makedonarar. Året etter vart han sjuk og døydde.

Kva er retorikk?

I den form vi har fått overlevert Retorikken til Aristoteles, er verket kløyvt opp i tre bøker. Bok 1 og 2 handlar om kva retorikk er, og om innhaldet i ei tale. I bok 3 skriv han mest om språkleg utforming, om stil og disposisjon, om innleiing, saksframstelling og provføring og om korleis ei tale bør avsluttast. Ein merkar at Retorikken byggjer på førelesingsnotat, at verket ikkje var meint å verte offentleggjort i den forma vi har det. Framstellinga heng ikkje godt i hop, her er inkonsekvensar og mykje oppattakingar. Tormod Eide har gjort det lettare å finne fram i stoffet med eit eige oversyn over innhald og utvikling fyrst i boka.

Aristoteles drøfter tilhøvet mellom faga dialektikk og retorikk. Han byrjar med å slå fast at "retorikken er eit motstykke, ein "antistrofe", til dialektikken". Ordet dialektikk hadde Platon brukt om filosofisk samtalekunst etter sokratisk mønster, der målet var å finne fram til sanninga om ei sak. For Aristoteles er dialektikk eit fag som inneheld reglar for korleis ein kan argumentere godt, og vurdere andre sine argument. Folk driv med slikt meir og mindre usystematisk, men det kan òg gjerast metodisk, seier han.

Kva meiner Aristoteles med "antistrofe", at retorikken er eit "motstykke" til dialektikken? Spørsmålet har vore mykje diskutert, og Tormod Eide drøfter det i den knappe, men svært instruktive innleiinga si. Han meiner at Aristoteles sitt syn er at retorikken "svarar til" dialektikken, er ein parallell til han og utgjer ein tilgrensande disiplin.

Her bryt Aristoteles med det Platon let Sokrates hevde i dialogen Gorgias, nemleg at talekunst ikkje kan kallast ein verkeleg kunst eller eit fag som byggjer på "tekhné", dvs. på teoretisk innsikt. Talekunst er berre ein dugleik som skriv seg frå givnad og øving. Den dreiar seg ikkje om å søkje sanning, retorikaren vil berre overtyde om det som synest truleg, ofte er han betalt for "å framstelle ei dårleg sak som god". I Gorgias går Sokrates til frontalåtak på denne forma for retorikk. Ho blir nytta til å forføre, ho høyrer til løgna si verd, hevdar han, som kosmetikken og kokekunsten. Utan å polemisere mot den gamle læraren sin, som han elska og høgvyrde, byrjar altså Aristoteles med å gje retorikken plass som eit vitskapleg underbygd fag attmed andre fag, som dialektikk, matematikk, lækjekunst, landmåling osv.

Talaren sine oppgåver

Kapittel 2 opnar med Aristoteles sin definisjon av retorikk: "La oss da si at retorikken er evnen til i enhver sak å se hvilke muligheter vi har til å overtale." Her er det fleire ord og uttrykk som ein lesar kjem til å lure på. Kva ligg i "evne", "dynamis" som det heiter på gresk? Kva meiner Aristoteles med "å se muligheter til å overtale"? Den som les Tormod Eide si omsetjing og kommentarane hans, merkar at han er ein kyndig greskfilolog. Han gjev lesaren hjelp og han kjenner den vitskaplege diskusjonen om teksten. "Evne" tyder m. a. "makt","kompetanse", "talent", og "ibuande moglegskap". "Å sjå" i Aristoteles sin samanheng er ei omsetjing av eit gresk verb som tyder å vurdere, å studere på, det er ikkje det daglegdagse verbet å "sjå" som er brukt. "Å overtale" tyder altså her både å overtyde og å gje innsikt, ikkje berre det å påverke til å skifte syn.

Det er tre oppgåver talaren har, seier Aristoteles. Han må finne overtalingsmidla, arbeide med det språklege uttrykket og ordne innhaldet i tala si. Innleiing og avslutning trengst strengt teke ikkje, meinte han, i motsetnad til andre retorikklærarar. Heilt naudsynt er berre desse to tinga: at talaren greier ut saka og at han argumenterer for synet sitt.

Talesituasjonar

Retorikken til Aristoteles skil seg frå andre samtidige handbøker i faget ved at han ikkje primært vil gje praktiske råd om korleis ein talar skal påverke tilhøyrarane sine. Tidlegare forfattarar har forsømt seg, skriv han, ved at dei "har latt det teoretiske aspektet så å si uberørt". Sjølv tenkjer Aristoteles prinsipielt og filosofisk:

Han vil gjere greie for dei objektive vilkåra for overtydande tale. Utgangspunktet hans er språket slik det vert brukt i ulike talesituasjonar. Aristoteles reflekterer over dette i kapittel 3: "En tale består av tre ting, taleren, emnet for talen, og den som taleren henvender seg til, og det er denne siste, det vil si tilhøreren, som er målet." At det er tilhøyraren som er målet for talen, inneber at den som talar, må "beregne sitt publikum". For å tale overtydande må talaren innrette bodskapen sin etter dei han vender seg til, etter reaksjonsmåtane deira, etter korleis dei tenkjer og kjenner og etter kva dei inst inne ynskjer. Tala i aristotelisk meining er på eit vis ei dialogisk ytring. Ho kan ikkje forståast som ein monolog, det vil seie at talaren heilt einfelt handsamar tilhøyrarane som objekt som han kan flytje der han vil. Politikarar gjer ofte det mistaket at dei ser på veljarane eller folkemeininga som objekt som dei kan flytje der dei ynskjer. Det råkar at dei greier det, i alle fall for ei tid, men det hender òg i viktige saker at dei mislukkast.

Talesjangrar

Aristoteles innfører ein distinksjon mellom tre talesjangrar: Rettstalen, den rådleggjande eller politiske talen og den epideiktiske, demonstrative eller "framsynande" tala.

Rettstala gjeld klager eller forsvar for domstolen, og talaren vender seg til domarar eller ein jury som skal ta stode til spørsmål som ligg i fortida: Kva hende? Var dødsfallet eit dråp eller ei naturleg hending?

Den rådleggjande tala gjeld spørsmål i framtida. Her vender talaren seg til folkeforsamlinga eller til eit anna offentleg organ som skal avgjere ei sak, og spørsmålet er: Kva bør gjerast ? Politisk talekunst er gjævare og har meir å seie for samfunnet enn dei to hine formene for tale som gjeld private tilhøve, seier Aristoteles. I dag er vel dette omvendt, intime avsløringar om privatliv og kjendis-journalistikk interesserer meir enn det politikarar driv på med.

Epideiktisk tale kan vere lovtalar som prisar gudar, menneske, ein by, eit fagert landskap eller andre ting. Det spørsmålet talaren vil gje svar på, er ofte dette: Kven var han eller ho som talaren fortel om? Fortener dette mennesket ros eller kritikk? Prestens tale i Peer Gynt er ein epideiktisk tale, den endar med at presten gjev den døde fjellbonden og militærnektaren dette ettermælet: "Den mann står knapt som krøpling for sin Gud."

Det som fortener ros, seier Aristoteles, er dygdene. Dygd "ser ut til å innebære en evne til å skaffe til veie goder og bevare dem, og en evne til å gjøre en god innsats for mange viktige saker, for alle mennesker, på alle områder". Til dygdene høyrer rettvise, mot, sjølvtøyming, storsinn, generøsitet, mildskap, fornuft, visdom.

Overtydingsmiddel

Aristoteles skil mellom tre overtydingsmiddel som står til talaren sin disposisjon:

- Det fyrste er logos, sjølve argumentasjonen i talen.

Tilhøyrarane vil feste lit til det talaren seier dersom han provar saka si med sanne eller sannsynlege og motseiingsfrie argument. Menneska er nemleg utstyrte med evne til å innsjå sanninga, og det som liknar på sanning, og dei fleste godtek oftast det som er ålment aksepterte standpunkt blant folk. Dei er fødde med ein velutvikla sans for sanning, og som regel råkar dei sanninga med, seier han. Det høyrer altså etter det Aristoteles fortel med til grunnvilkåra for eit fritt og folkestyrt samfunn at borgarane kan innsjå kva som er sant og rettvist.

Utgreiingane hans om ulike slag logisk og retorisk argumentasjon høyrer med til dei fremste nyvinningane i åndshistoria.

- Det andre overtydingsmidlet er ethos, talaren sin forstand og karakteren hans. Han vil overtyde dersom han framstår som ein skikkeleg, forstandig og truverdig kar med god vilje. Om tilhøyrarane derimot får grunn til å mistenkje han for at han er ute etter å føre dei bak lyset, misser orda hans overtydingskraft.

- Det tredje overtydingsmiddelet er pathos, talaren si evne til å vekkje positive eller negative kjensler hjå dei han snakkar til, og det at han veit korleis folk reagerer på ulike alderssteg. Her krevst det at han kjenner skikk og bruk hjå dei han snakkar til, og at han har psykologisk innsikt, det er kunnskap om ulike kjensler og om korleis dei påverkar.

Aristoteles kan synast å kome i strid med seg sjølv når han skriv om pathos som overtydingsmiddel. I det fyrste kapitlet i bok 1 seier han at ein bør nøye seg med å argumentere sakleg, ein skal ikkje påverke juryen ved å vekkje harme eller motvilje eller medkjensle. "Dette er jo det samme som om man bøyde linjalen man skal benytte", seier han.

Bok 2 derimot handlar i stor mon om kjensler som overtalingsmiddel. Her har han mellom anna ein lang og forvitneleg analyse om kva skam er. Kva slags handlingar er skammelege og kven skammar folk seg for? Å kaste skjoldet og ryme i strid er ei skammeleg handling, likeins å nekte å låne pengar til den som treng. Folk skammar seg mest andsynes dei som alltid vil vere til stades, seier han, han tenkjer vel her til dømes på skyldfolk, kameratar og sambygdingar. Likeins skammar dei fleste seg for personar som er opptekne av andre menneske sine veikskapar, som ryktespreiarar og komedieskrivarar.

Aristoteles skriv her som om det er legitimt for ein talar å spele på tilhøyrarane sine kjensler for å vinne fram i ei sak. Talaren treng med andre ord ikkje alltid vere ein rettlinja kar? Kan hende meiner filosofen at ei viss likesæle med moralen stundom må tolast hjå talarar som står midt oppe i dagsens strid i det praktiske livet og i politisk maktkamp? Han står her kanskje overfor det same dilemmaet som Quintilian, den skikkelege og forstandige romerske retorikklæraren opplevde. Han vart aldri lei av å understreke at for å bli ein god talar måtte ein òg vere eit godt menneske. Men likevel skriv han i verket sitt Institutio oratoria (Opplæring av talaren): "Også for vismannen er det stundom tillate å nytte ei løgn, og ein talar må vekkje sterke kjensler når det trengst, dersom han ikkje på annan måte kan få domaren til å vere rimeleg. For dei som dømer, er ofte urøynde, og ikkje sjeldan må dei narrast for at dei ikkje skal felle urettvise domar."

Tormod Eide tolkar den moralske likesæla hjå Aristoteles annleis. Han finn ein intellektuell slektskap mellom Aristoteles og historikaren Thukydid som analyserte den peloponnesiske krigen (430-404) med kjølig distanse, utan moralisering. "Like lite som historikeren synes vitenskapsmannen Aristoteles at det er hans oppgave å felle moralske dommer", skriv han.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!