Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Medan Europa sov

Av Christen Krogvig

Bruce Bawer,
While Europe slept - How radical islam is destroying the west from within,
Random House, 2006,
237 sidor, engelsk tekst.

Forfattaren sitt hovudsynspunkt er samla i undertitelen, "korleides radikal islam øydelegg Europa frå innsida". Bawer syner til ei rad kjeldor og hendingar som syner at Europa er åt å verta kolonisera av islamistar. Islamismen er etter det Bawer fortel ein ideologi som tvers igjenom er i strid med dei mest grunnleggjande verdiane eit liberalt samfund er tufta på. Toleranse andsynes menneske med anna livssyn, toleranse andsynes menneske med onnor seksuell orientering og tanken um jamstelling og likeverd for kvende er alle verdiar truga av islam. Bawer syner her til store mengder dokumentasjon som underbyggjer at muslimske innvandrarar ikkje vert assimilera i dei landi dei flytter inn i. Snarare tvert i mot. Dei vel å halda seg for seg sjølve og fremja sin eigen islamske kultur som den rådande og suverene. Soleides kann muslimane kolonisera Europa, der dei litt etter litt byter ut demokratiske og liberale verdiar med den udemokratiske tynarideologien som heiter islamisme. Og som kolonistar flest syner mange av dei suveren vanvyrdnad for verdiane åt dei som vert kolonisera, dei reknar oss for dekadente og feige. Likevel er dei mer enn viljuge til å nytta seg av dei velferdstilbodi som me gjev deim. Æra er viktugt for muslimane, men å brødfø seg sjølv er ingi æressak for deim, skal me tru forfattaren.

For å illustrera dette poenget vert det synt til ei rad ulike døme på skortande europeisk evna, eller vilje, til å hevda nasjonal suverenitet og liberale vestlege verdiar: I Frankrike er det bydelar der franske tenestemenner held seg heilt utanfor, av di dei hev age for muslimane som no "eig distrikti". På same måten vert muslimske gjentor kynslemlesta utan at styresmaktene grip inn, jødiske og kristne born kjem ut for vald og trakassering på skulen og innvandrarar frå muslimske land toppar valdtektsstatistikken. I Nederlend hev det gjenge so langt at mange vel å reisa frå landet av di muslimane hev gjort det svært vandsleg å bu vidare i eige heimland. Og slik kann ein halda fram. Dømi på fæle konsekvensar i kjølvatnet av masseinnvandringi er tallause, men den europeiske makteliten svarer med å stikka hovudet i sanden og intensivera kampen mot dei som torer tala um det som hender.

Eit anna aspekt ved denne tilskeivingi er framvoksteren av jødehat. Dette jødehatet hev langt på veg vorte drive fram av vinstresida sitt krosstog mot Israel, men samstundes syg det ny næring frå den nedervde muslimske antisemittismen. Det faktum at Israel, i motsetnad til Europa, ikkje legg seg flate for islamistane, hev gjort sitt til at denne antisemittismen hev loga upp att. Bawer syner til ei rad døme på korleides jødiske born dagleg vert trakassera yver heile kontinentet. Slik Bawer ser det er jødane sjølve atterhaldne med å tala um dette for å ikkje skjerpa konflikten. Men i Frankrike hev yvergripi mot jødar fenge eit slikt umfang at den tidlegare israelske statsministeren Ariel Sharon i 2004 uppmoda alle franske jødar om å reisa frå landet. So snøgt som råd var. Og Bawer fortel vidare i detaljar um korleides antisemittismen atter er vorten politisk korrekt, millom anna i Noreg. Endå det for etniske nordmenner rett nok er mest vanleg å pakka dette huglaget inn i vendingar som "kritikk mot Israel".

Men forfattaren, som er homofil, er ikkje minst ihuga for dei rettane som denne gruppa hev uppnått. Han hev tidlegare gjenge til åtak på kristenfundamentalistar som ikkje godtek homofili. Men stelt andsynes krefter som gjeng til åtak på honom fysisk (han fortel um at han sjølv og sambuaren hans hev vorte utsette for fysisk vald på grunn av at dei er homoseksuelle), innser han at dei kristne djupast sett er alliera med honom, etter di dei likevel ynskjer å lata homofile liva i fred.
Og Bawer hev mange fleire gode poeng. Eitt av deim er illusjonen um kor upplyste me nordmenner er. Takk vere millom anna pressestudnaden er Noreg på verdstoppen i avislesing pr. ibuar. Då forfattaren flutte til Noreg, vona han difor å møta eit upplyst folk. Men Bawer vart snart vonbroten. For på ei rad spursmål var norske journalistar upplærde til å meina det same. Bawer peikar på at i Europa er fyremålet med kommenterande journalistikk som oftast ikkje å bringa inn nye perspektiv, men å minna folk um kva dei skal meina. I USA, hævder Bawer, er det langt større breidd innanfor journalistikken. Bawer peikar på at det som i USA vert umtala som "europeiske synsmåtar" fyrst og fremst er eliten sine synsmåtar, og at fråstandet millom det som vert rekna som "europeiske synsmåtar" og det europearar faktisk meiner, kann vera stort.

Umframt hovudsynspunktet tek forfattaren upp andre europeiske tilhøve som han mislikar sterkt. Eitt av deim er anti-amerikanismen. Eit anna er skort på realpolitisk innsikt. I faret åt antiamerikanismen fylgjer pasifismen. Bawer er ein amerikansk skribent, og glad i heimlandet sitt og den fridomsideologien som USA er tufta på. Men då Bawer for nokre år sidan flutte fyrst til Nederland og seinare til Noreg, vart han bombardera av sinnbilete som han ikkje lika.

Bawer er tydeleg nok svært arg på den europeiske hetsen mot USA, landet som hev berga Europa mange gonger (skal me tru forfattaren kann ein koma til å trenga fleire militære bergingsaksjonar!). For alt amerikansk vert umtala i nedsetjande ordelag. Og europearar er uhøflege nok til å bretta ut misnøgja si når amerikanarar kjem på gjesting. Noko slikt gjer ikkje amerikanarar mot europearar som gjestar deim. Det gjer ikkje saki betre at kritikken som oftast er bygd på vantande realpolitiske innsyner, og Bawer er luta leid det heile. So leid at boki stend fram som eit motåtak på heile tenkjingi og retorikken åt den europeiske "eliten".

Men den krasse kritikken vert diverre mest like unyansera som som den europeiske kritikken mot USA. Til dømes syner han ingi skynsemd for den misnøgja som kom med det amerikanske åtaket på Irak. Som me hugsar var grunnlaget for krigen fåren for misbruk av massedråpsvåpen. Slike våpen vart berre funne i sers småe mengder etter invasjonen.
Men Bawer hev rett i at det europeiske ynsket um fred for kvar ein pris er fårlegt. Islamistane er berre so altfor viljuge til å slåst for territorium, og for at deira eigne verdiar skal få råda. Amerikanarane er viljuge til å kjempa for fridomen sin og dei vestlege verdiane, men forfattaren vert forstøkt yver at europearane ikkje er viljuge til å slåst for noko slag. Likevel hadde framstellingi styrkt seg på ei betre forståing for at europearar flest ikkje tykkjer noko um at Bush gjekk til krig på eit grunnlag som ikkje hev late seg underbyggja yvertydande nok i den vestlege pressa i ettertid. Mange amerikanarar er samde med europearane i dette, uten at det gjer deim til uvener av USA av den grunn.

Det er ei rad andre døme med som illustrerar at europearane vantar handlekraft. I Nederland er både ein leidande politikar, Pim Fortuyn, og den kontroversielle filmskaparen, Theo van Gogh, drepne. Men eliten vaknar ikkje upp. Den leidande opposisjonspolitikaren i landet, Geert Wilders, lyt sova i ei fengselscella av di riksstyret ikkje kann, eller ikkje vil, finna verksame åtgjerder til å kontrollera kreftene attum terroren.

Det er denne skortande handlekrafti som leider boki fram til ein høgst pessimistisk konklusjon. Men me kann gleda oss yver at Bawer ser eit ljospunkt i Danmark. Her hev millom anna Dansk Folkeparti gjort eit framifrå godt arbeid. Noko tilsvarande finst ikkje i Noreg enno. Men han hev ei liti von for Noreg med. For her hev vinstresida enno ikkje makta å stogga feiringi av 17. mai. Me hev sagt nei til EU og det er ikkje alle nordmennene som svivyrder upphavet sitt, samheldeverdiane og dei kristne verdiane.

Bruce Bawer hev tidlegare gjeve ut "Beyond Queer" og "Stealing Jesus" som båe handlar um samfundet sitt syn på homofili. Då eg las "When Europe slept," fekk eg tokken av at Bawer heldt seg godt ute til høgre i Det republikanske partiet i USA, og at det er mykje av grunnen til det store fråstandet han kjenner til europeisk vinstresida. Men Bawer skal visst kalla seg sjølv for "libertarianar" og vera registrera som demokratveljar.

I dei seinste åri hev det vorte gjeve ut ei rad bøker som handlar um den fåren som masseinnvandringi og islamiseringi er for Europa. Dei ulike bøkene hev litt ulike innfallsvinklar i høve til denne problematikken. Sume tek fyre seg islam frå ein teoretisk ståstad. Andre forkynnar kristendom og atter andre er nasjonalistiske. Innfallsvinkelen åt Bawer er eit vern um liberale verdiar, men ikkje berre det, han stend jamvel upp for verdiane åt dei europeiske nasjonane og serhåtten deira. For min eigen part hev eg tykt godt um alle dei bøkene eg hev lese um slike emne. Kann henda av di eg vert kveikt av at nokon i det heile torer og idest å taka dette upp?

Styrken åt denne boki er ikkje teoretisk analyse av islam, men ei verdfull mannjamning millom amerikanske og europeiske tilhøve og dessutan eit fokus på nyhendeuppslag. Det siste er med på å få påstandi frå forfattaren til å stå fram som godt dokumentera. Eg vil difor på det sterkaste tilrå denne domedagsprofetien yver Europa sedd med amerikanske augo.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!