Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Ei svala gjer ingen sumar

Av Lars Bjarne Marøy

Finn Erik Vinje hev i mangt vore ei einsleg svala i norsk målpolitikk. Han er ikkje språkleg samlings mann. Han er ikkje serskilt umtykt i fagmiljøi som arbeider med norskfaget. Han hev ikkje vore godt lika millom riksmålsfolki, med undantak for i sidemålsstriden. No er det derimot likt til at Riksmålsforbundet i form av "Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur" hev teke Vinje inn i varmen. Vinje hev fenge gjeve ut eit lite skrift på 63 sidor pluss fotnotar, med Akademiet som utgjevar. Preses i Akademiet, Lars Roar Langslet, hev skrive fyreord.

Langslet er ein mann eg hev sans for, men det var knappast serleg smart å lata Vinje få gjeva ut dette skriftet under flagget til Akademiet. Det faglege innhaldet her er langt under standarden på sumt anna som hev kome frå same hald. Langslet hev dei beste intensjonar og meiner at skriftet berre skal vera "…et bidrag til avklaring av historiske fakta…". Skriftet skal ikkje vera "…et innspill for nye runder av polemikk om holdninger og hendelser som for de fleste idag er blitt fjern historie."

Eg må diverre segja at Vinje ikkje eignar seg som historikar. Han freistar millom anna å stydja seg til religionshistorikaren Terje Emberland, men han prøver einast å taka Emberland til inntekt for eigne fordomar. Han nyttar ordleggjingi "omtrent det samme" som mantra når han skal gjera subjektive samanlikningar. Han blandar fylgjerett saman umgrepet høinorsk under nazistyret og høgnorsk slik nemningi hev vore nytta millom målfolk fyre, etter og under 2. heimskrigen.

Lat oss sjå på nokre kritikkverdige ting kvar for seg:

Innleidingi til Vinje er å gjera ei mannjamning millom målsynet til Halvdan Koht og språkbruken åt tyske nazistar. Koht ynskjer at folket skal få "ei levande samkjensle" eller "ei nasjonalånd". C.J. Hambro skal vera upphavsmannen til ei slik samanlikning. Me fær sitat frå kva Hambro hev sagt til eit innlegg Koht hev halde i Stortinget, men Vinje hev ikkje sett seg inn i kva Koht sa i innlegget sitt. Han byrjar derimot å spekulera vidare på kva Hambro hev tenkt på og på kva målpolitisk ståstad Koht hadde. Han avsluttar innleidingi med å syna til at tankane åt historikarane Halvdan Koht og Arne Bergsgård var grunnlaget for den samnorskpolitikken som fyrst vart formelt avskipa med ei fyrehaving i Stortinget 1. april 2004.

Koplingi millom samnorsken og NS er på sin plass. Det kann for so vidt vera greidt nok å meina at samnorskpolitikken bygde på eit udemokratisk grunnlag, men elles må ein segja at Vinje innleider ei slags mistenkjeleggjering av målfolk.

Vinje gjeng dinest vidare til å sanna rangskrivingane til Langslet i Riksmålssoga. Han hev merkt seg at Kjartan Fløgstad meiner at ingen av dei norske toppnazistane var målfolk. Vinje slær utan vidare grunngjeving fast at dei var heller ikkje organiserte riksmålfolk. Vinje lyt likevel medgjeva at riksmålsfolk let seg nemna ut til å sitja i ei rettskrivingsnemd som var peika ut av nazistyret.

Vinje gjeng altso inn på ein diskusjon eller ei påvising av kven som hadde flest brotne kar. Han freistar å teikna eit bilete av målfolk som hadde suksess under krigen. Quisling var ikkje målhatar, men målvenleg, til liks med Gulbrand Lunde som var kulturminister under nazistyret. I utgangspunktet nyttar Vinje berre èi kjelde på dette, Arne Falk, og det er berre munnlege lovnader til nynorsken som skal ha kome. Realitetane er noko anna.

Vinje slær fast at Lunde ynskte "ett høinorsk høvisk mål". Lunde vilde ha eitt språk, men han skreiv bokmål. Vinje hengjer seg upp i at Lunde neitta å bøygja av for nokre norvagismar i bokmålet, men i hovudsak lyt ein segja klårt at bokmålsrettskrivingi gjekk i konservativ leid og ikkje i nokor samnorsk leid, um enn riksmålsfolki kunde ha ynskt å få meir med seg i rett leid.

Vinje peikar på at minister Lunde hadde som mål at ein skulde vera kvitt "alt det stygge som skjemmet rettskrivingen av 1938…" Her legg Vinje fram eit polemisk utfall som sporar heilt av. Vinje hev einast synt til brigde i bokmålet, men so gjev han seg til å umtala kva nynorskfolk hadde sagt um brigde i nynorsken: "Med "det stygge" mente Lunde omtrent det samme som de høgnorsk målmennene siktet til med betegnelsen "flatnorsk"… ( Vinje s. 15) Og Vinje held fram med glansordi sine "omtrent det samme". Når landet skulde samlast språkleg, laut det skje på ekte nasjonal grunn (nynorsk). Lunde lika best å tala um gamalnorsk som lydde betre for honom, slær Vinje fast, men Vinje meiner at "i hans munn betydde det omtrent det samme…" Det er uklårt for meg um Vinje her framleis syner til eit referat frå "Fritt Folk 26.11. 1941" eller um dette er frie ytringar og spekulasjon frå Vinje. Den faktiske kjensgjerningi var at Lunde nytta bokmål med undantak for i nokre heilt serstaka høve som Vinje hev greidt å finna fram til.

Men Vinje gjev seg ikkje med spekulasjonar. Han meiner at mange av dei målfolki som gjekk inn for språkleg samling såg det sameleis som Lunde at det laut skje ei språkleg samling på grunnlag av nynorsken. Vinje evar seg ikkje for å sitera Gustav Indrebø som sa: "Norskdansk lyt brigdast…" (Vinje s. 16). Men å hevda at Indrebø gjekk inn for språkleg samling er for drjugt. Her sluttar ein kort og godt å taka Vinje ålvorleg.

Eg veit ikkje um polemikken vert klårare um ein nyttar nokre umskrivingar. Ein kunde segja at Arnulf Øverland og andre riksmålfolk sitt motstand mot "pøbelsprog” og "folkemålsgjørme" var um lag det same som det Lunde dreiv med og at Lunde og riksmålfolki båe vilde draga rettskrivingi i konservativ leid. Endå verre lyt det vel vera at dette hende etter krigen. Dyrkingi av eit høinorsk mål, minnar då òg langt meir um riksmålssaki enn um målsaki etter krigen. Alt her hev Vinje opna for ein endelaus polemikk.

Men lesaren lyt diverre berre konstatera at det er viktig for Vinje å driva vidare spelet um kven som var mest nazistisk av målfolk og riksmålsfolk. Målet er tydelegvis å slå fast at målfolki var alderdomelege nasjonalistar, medan riksmålsfolki i etterpåklokskapens tid var stakkarslege offer for målagitasjonen. Eit slikt svart-kvitt-perspektiv gjev utan tvil vatn på mylna for alle som vil driva polemikk. Og det er greidt å ettervisa at Vinje er urimeleg.

Eg er viss på at det kann segjast mykje um Geirr Tveit, men Vinje hev konklusjonen reidug med ein gong. Tveitt "…var nazisten, rasisten, antisemitten…" Dette meiner Vinje at han kann underbyggja anten heilt av seg sjølv eller kannhenda med å visa til Terje Emberland, men når ein les Emberland finn me ei bok som er berrlagd for slik skjellsordspolemikk. Emberland understrekar at Tveitt heilt klårt lyt frikjennast frå skuldingar um å ha svike under krigen. Det kann derimot spyrjast um han ikkje gjorde større vågnader med å ytra seg enn mange andre gjorde. Ein lyt likevel segja at tankane til Tveit kring nyheidendom og det norrøne i sumt kann verka rare og framande i dag, men dette er langt undan det Vinje skriv (s. 23).

Men ikkje nok med at Tveit vert utskjeld, han skal òg knytast til den notoriske nazisten og riksmålmannen Mikal Sylten. Litt av ein dekkoperasjon frå Vinje si sida, fær ein segja. Då eg las bolken um Sylten og Tveitt, konkluderte eg med at ordi til Langslet i innleidingi var daude og makteslause.

Sylten er tydelegvis Vinje sin helt for han brukar Sylten som kjelda til å slå fast at riksmålsfolki ikkje hadde nokon innverknad yver målpolitikken til NS, medan målfolki etter Sylten "…arbeider iherdigere enn nogensinne…" Truverdet og ståstaden til Sylten både ålmennpolitisk og målpolitisk, um ein nyttar same kriterium for diskreditering som Vinje, er på eit slikt nivå at det er lite å leggja vinn på. Sameleis når Vinje klagar seg yver freistnader på språksensur mot Sylten. I praksis vart vel aldri NS-rettskrivingi skikkeleg gjenomførd. På målsida fanst det snaudast serleg mykje å sensurera, dei fleste målbladi hadde gjenge inn.

Når Vinje skriv um riksmålsmannen Johan B. Hjort, som var medskipar av NS i 1933, utmeld i 1937 og knytt til Ragnarok-krinsen, vert det meste teke til fyremun for Hjort. Medan Geirr Tveitt skal takast for å ha vore med i Ragnarok-krinsen, skal Hjort orsakast. Dette er billeg polemikk endå ein gong.

Det er tydeleg at Vinje ikkje likar Nikolaus Gjelsvik. Det fær vera hans sak, men det vert ikkje meir vitugt av den grunn. Vinje umtalar èin stad Gjelsvik som supernasjonalist. Ein skulde tru at det var nok av utsegner frå riksmålsfolk som gjekk mot rettskrivingi av 1938, men Vinje hev merkt seg at: "Da NS-Regimet lanserte sin språkreform, gav departementet sin tilslutning til Gjelsviks svulstige språknasjonalisme og gjengav ved den anledning et sitat av ham med omtrent samme innhold som sitatene ovenfor." (Vinje:43) At NS-regimet bygde på kritikken mot den nye rettskrivingi, då dei skulde revidera henne er då heilt naturleg. Kva som skal vera ille med dette, skynar eg ikkje.

Ein polemisk parallell til: Dersom me skulde få ein ny diktator i Noreg som byrja å sitera Vinje sine språkpolitiske standpunkt, vil då Vinje sitt språksyn verta illegitimt? Slik kunde eg ha halde fram.

Gjenomgåande vil eg segja at dette heftet som Riksmålsforbundet med preses Lars Roar Langslet hev funne det for godt å gjeva ut, er eit samansurium av fordomar og billeg polemikk. Det er dimeir dårleg innbunde. Eg hev alt rokke å slita ut mitt eige næme. Limen i ryggen er like veik som skriftet sjølv. Det er å vona for Langslet og Forbundet sin part at dei skjerpar seg ålvorleg til neste krossveg. For å halda fram i same banor som Vinje, kunde eg fylgja upp umtalen av Vinje som einsleg svale med å segja til Forbundet at: Ei svala gjer ingen sumar.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!